Hopp til innhold

onsdag 08. februar 2012Bistandsaktuelt forside

Presidentvalet i Uruguay – om fortid eller framtid?

Ein eks-geriljaleiar, ein eks-president, og son av ein eks-militærdiktator stiller til presidentval. Dette er ikkje henta frå ein dårleg krimhistorie men frå det verkelege liv. Fyrste valomgang i Uruguay fann stad 25. oktober.

I dette vesle søramerikanske landet, skvisa mellom Argentina og Brasil, ventar folk no spente på det endelege utfallet. Korleis juss og politikk, fortid og notid skal foreinast i partipolitikk dei neste fem åra vil bli avgjort sundag 29. november i andre valomgang. Kven vil få dei naudsynte 50% av stemmene for å vinna valet – Frente Amplio kandidat og eks-geriljaleiar José ”Pepe” Mujica (som fekk 48 % av stemmene i fyrste valomgang) eller Luis Alberto Lacalle, eks-presidenten frå Partido Blanco (det Nasjonale Parti) som fekk 29%? Pedro Bordaberry frå konservative Partido Colorado vart danka ut i fyrste omgang med berre 17% av stemmene. Kanskje like godt ettersom bestefar hans, Juan Maria Bordaberry, har sete fengsla sidan 2006 i påvente av dom i tiltalen for tortur, drap og forsvinningar under militærdiktaturet. 

Det er lenge sidan valden vart utøvd. Men folk har ikkje gløymt. På mange måtar utkrystalliserer dette presidentvalet tre hovudstrøymingar i uruguaysk politikk, med klare aner tilbake til diktaturtida der dei militære sat med uinskrenka makt mellom 1973 og 1985. Som kjent, rådde høgrediktatura grunnen i dei aller fleste latinamerikanske land på 1970- og 80-talet. Slik sett er Uruguay ikkje noko unntak. Menneskerettsbrota var nok mindre i omfang enn i nabolanda. Sanningskommisjonsrapporten frå 1989 dokumenterte under 200 drepne og ”forsvunne” – såkalla detenidos-desaparecidos -  mot rundt 3000 drepne og ”forsvunne” i Chile og rundt 10,000 i Argentina – hovudsakleg fordi Uruguay er så lite og oversiktleg, og fordi det bur så få der. Men Uruguay toppar den latinamerikanske statistikken over andel av befolkinga som sat fengsla og blei torturerte under diktaturperioden. Ein kjend urugaysk skribent kalla landet sitt for eit ”torturkammer”. Titusenvis flykta og enda opp i eksil, fyrst i andre latinamerikanske land og seinare, etterkvart som militærdiktatura spreia seg i regionen, til Europa. Ein reknar med at rundt ein halv million uruguayarar framleis lever i eksil i dag, sjølv om ikkje alle desse flykta under diktaturet. Med eit folketal som er mindre enn Noreg sitt (3,4 millionar menneske, hovudsakleg av europeisk herkomst) er ikkje dette ubetydelege tal.

Fortida har vore ei av dei sentrale valkampsakene dei siste månadane. Amnestilova frå 1986 – Ley de Caducidad – er stadig i kraft. Denne lova, der grunnlaget var avtalt i ei pakt mellom dei militære og dei demokratiske kreftene som tok over i 1985, vernar dei militære mot straffeforfylging for menneskerettsbrota som vart utførte under den elleve lange år diktaturperioden. Som den einaste amnestilova i verda, vart ho ratifisert i ei folkeavstemming i 1989. Det vert hevda at mange stemde ut av frykt, men faktum er at lova fekk eit demokratisk ok-stempel. Under dei tre fyrste demokratiske regjeringane etter slutten på militærdiktaturet (Colorado, Blanco, Colorado) skjedde det lite på denne fronten. Det skuldast i all hovudsak Artikkel 4 i amnestilova, som stadfestar at det er presidenten som må be domstolane om å setja i gang etterforsking av saker som gjeld grove menneskerettsbrot frå diktaturtida. Kort sagt: så lenge presidenten ikkje støttar at desse sakene skal takast opp, har dommarar lite dei skulle sagt. Fram til tusenårsskiftet var dei politiske partia som sat med regjeringsmakta og domstolane i all hovudsak samde om å la fortid vera fortid.

Så vart over 150-års partitradisjon dominert av Colorados og Blancos broten då Frente Amplio-kandidat Tabaré Vázquez – den sitjande presidenten – gjorde reint bord i presidentvalet i 2005. Frente Amplio (”Brei Front”), ein venstrekoalisjon av diverse småparti på venstresida (sosialistar, kommunistar, tidlegare Tupamaros, sosialdemokratar, kristlegdemokratar) sette menneskerettspørsmålet på den politiske dagsordenen. Då byrja ting så smått å skje. Dei fyrste rettsakene mot tidlegare militære byrja å siga inn til domstolane, som fylgje av at enkelte dommarar tok til tale for uortodoske tolkingar av amnestilova som tillot etterforsking av visse typar forbrytingar.

Gjentatte forsøk er gjort for å gjera om på amnestilova i seinare tid, men uten resultat. I samband med fyrste valomgang i oktober vart amnestilova lagt ut til doms for folket nok ein gong i ei ny folkeavstemming. Håpet var stort i menneskerettssektoren for at lova endeleg skulle bli erklært ugyldig. Dette særleg ettersom Høgsterett i ein historisk dom avsagt berre få dagar tidlegare, 19. oktober, fann amnestilova i strid med konstitusjonen. Viss funnen ugyldig av folket óg, kunne rettsprosessane i Uruguay mot tidlegare militære og deira allierte fått fart på seg, slik dei har i Chile og Argentina, Men eit knapt fleirtal stemde mot i folkeavstemminga: 48 for, 38 mot, 14 blankt. Det uruguayske folk er stadig splitta, 20 år seinare.

Kvifor er denne saka så viktig for dagens presidentkandidatar, to ringrevar i uruguaysk politikk? Mujica (74) er ein av dei som grunnla Tupamaros, ei marksistisk-inspirert geriljagruppe som utførte diverse terroraksjonar som bilbomber, bankran og kidnappingar på 1960- og 70-talet, og som vart ein erklært fiende av militærdiktaturet. Mujica har sjølv kjent dei militære sine metodar på kroppen: Han har vorte skoten på ni gonger og tilbragt nesten 15 år på einecelle, under tortur. Motkandidaten hans, Lacalle (heller ingen ungdom, ein jurist på 68), sat som folkevald president mellom 1990 og 95, som representant for sentrum-høgresida. Historiar vil ha det til at Lacalle på 1970-talet vart forsøkt forgifta av Tupamaro-medlemer. Begge presidentkandidatar har sitt å forsvara. Mujica vil, som Vázques, ha eit oppgjer med fortida. Lacalle, vil i tråd med høgresida, la fortid vera fortid og skifta fokus til dagsaktuelle emne som økonomisk framgang og handelsavtalar med nabolanda. Kven som vinn denne valkampen og får setja preg på politikken framover, vert avjort om få dagar. Meiningsmålingar tyder på at Mujica var ein klar favoritt før fyrste valomgang. Den breie støtta viste seg også i resultatet frå parlamentsvalet som vart halde same dag: Mujica sitt parti, Brei Front, vann eit klart fleirtal i både senatet og i representantane sitt hus. Men om Mujica vil greia å få 50% av stemmene i den avgjerande runden vil komma an på korleis stemmene til dei utdanka kandidatane i presidentvalet fordeler seg. Mange på høgresida er redde for at kommunistane vil ta over igjen, slik dei forsøkte på 70-talet. I sær dei gamle torturistane ventar i spaning på kven som skal tiltre som ny president i mars 2010 i Latin-Amerikas minste, mest liberale, og kanskje mest underrapporterte land. Vinn Lacalle, kan dei ta det med ro. Vinn Mujica, vil amnestilova truleg gå over frå å vera valkampsak til å bli eit heitt politisk tema.

Publisert: 27.11.2009

Skriv en kommentar

Vær den første til å kommentere artikkelen! Benytt skjemaet over for å si din mening.