Hopp til innhold

onsdag 08. februar 2012Bistandsaktuelt forside

Arkitektane bak den afrikanske fattigdommen

Det er ingen mangel på bøker om “kvifor alt går gale” i Afrika. Den sørafrikanske kommentatoren, Moeletsi Mbeki, kommer med eit nytt bidrag.

Mbekibok

BOKANMELDELSE

  • Moeletsi Mbeki
  • Architects of Poverty. Why African Capitalism Needs Changing
  • Johannesburg: Picador Africa , 2009, xiv + 196 sider
  • Anmelder: Elling N. Tjønneland

Heilt sidan den store bølgja av avkolonisering la seg på midten av 1960-talet har det med jamne mellomrom komme store, lettleste og opinionsdannande bøker både om kvifor Afrika er som det er og kva som må til for å få kontinentet inn på ein anna kurs. Dei fleste er skreve av nordamerikanarar og europearar, men dei siste 10-20 åra har det også stadig fleire bidrag frå Afrika. Blant dei siste er Damisa Moyo frå Zambia som har fått mange tilhørarar i vesten med si kritikk av utviklingshjelp i Dead Aid (omtale i tidlegare utgåve av bistandsaktuelt).

Boka frå den sørafrikanske kommentatoren, Moeletsi Mbeki har mye til felles med mange av desse – ikkje minst i evna til å formidle og forenkle. Mbeki – med lang fartstid som journalist og kommentar – har også den gravande journalisten si evne til å sette saman den store historia basert på små illustrerande enkelthendingar og illustrasjonar.

 Skurkene

Dei store skurkane i boka til Mbeki er dei ”politiske elitane” i Afrika. Der er opptatt av å karre til seg rikdom og materielle gode, dei er fanga i ein forbrukskultur med lite plass for investeringar i produktiv verksemd, og i allianse med utanlandsk kapital skaffar dei seg smular frå dei rikes bord ved å selje unna Afrika sine naturrikdomar. For han er oppskrifta på vekst og utvikling eit system som kan styrke dei produktive klassene, til dei som kan skape verdiar – i første rekke småbøndene og middelklassen. Landreform, ei sterk middelklasse og eit uavhengig sivilt samfunn er viktige element i oppskrifta for ein ny kurs.

Det som tar størst plass i boka er omtalen av Sør-Afrika og Zimbabwe. Gjennom store delar av 1980-talet var forfattaren basert i Harare som journalist i regjeringsorganet The Herald. Den eldre broren hans, Thabo Mbeki, var visepresident og president i Sør-Afrika gjennom 15 år. Omtalen han gir av utviklinga i Sør-Afrika har også gitt han mye peppar, bl.a. frå fagrørsla COSATU (der forfattaren har ei fortid som kommuniksjonssjef).

 Utnytter politisk makt

Utviklinga i Sør-Afrika sidan frigjeringa i 1994 blir for forfattaren også eit eksempel på korleis ei politisk elite utnyttar politisk makt til å skaffe seg økonomiske gode. Her blir verkemidla dei ulike tiltaka som har staten har innført for å overføre økonomisk ressursar frå kvite til svarte gjennom ”black economic empowerment” og ulike former for kvotering. Dette kjem berre ei uproduktiv svart elite med band til ANC-leiinga til gode, ifølgje forfattaren. Medansvaret for dette har ”oligarkane” i den sørafrikanske økonomien – personane som kontroller den mektige gruveindustrien. Dei har gått i allianse med den politiske eliten – ein allianse snekra i hop bak stengte dører tidleg på 1990-talet. I bytte mot å få vere i fred skulle gruve-oligarkane stille økonomiske ressursar til disposisjon for ANC-leiarane. Resultatet av overføringar til ei uproduktiv elite er også ei stadig meir markant avindustrialisering i Sør-Afrika. Samtidig blir taparane kapitalistar i industri og landbruk, dei arbeidslause og dei fattige.

For forfattaren representer ikkje omkalfatringane i ANC som kulminerte med den audmjukande mistilliten mot Thabo Mbeki og valet av Jacob Zuma som ny president i 2009, noe nytt. Bak dette oppgjeret låg det misnøye frå dei fattige og marginaliserte i ANC, men det har berre ført til at eit nytt sjikt av demagogar  i den politiske eliten har komme til makta – ikkje til noe kursskifte. Moeletsi Mbeki er kritisk mot broren for at han innførte mange av grunntrekka som ligg som ein møllestein rundt utviklinga i Sør-Afrika, men han er enda meir kritisk mot dei som har kome etter Thabo Mbeki.

Dette blir ført vidare i diskusjonen av utviklinga i Zimbabwe. Utviklinga der illustrerer også forfattaren sitt hovudpoeng om ei uproduktiv politiske elite som dyrkar snever eigeninteresse. I tillegg blir eksemplet Zimbabwe også nytta til å vise korleis slike politiske elitar på tvers av landegrensene også slår ring om kvarandre. Kapitlet gir ein krass kritikk av det ”stille diplomati” som ikkje minst forfattarens bror var ein talsmann for.

Forvirrende

Boka inneheld mange skarpe observasjonar og er eit sterkt oppgjer med fleire sider av ANC si maktutøving. Men det er også ei bok der termar og teori er uklart og til tider forvirrande. Enkelte stader er det vanskeleg å sjå at påstandane og observasjonen har noen god forankring. Det gjeld t.d. vurderinga av den politiske maktkampen i ANC i 2007 og 2008. Argumenta ber heller ikkje i det viktige kapitlet om regional integrasjon. Her står ikkje den sterke avvisinga til truande. Boka skal først og fremst lesast – ikkje for si presisjon – men som eit ærleg, og kanskje sint, kritisk oppgjer av gamle og nye makthavarar i ANC og Sør-Afrika.

Publisert: 20.10.2009

Sist endret: 21.10.2009

Skriv en kommentar

Vær den første til å kommentere anmeldelsen! Benytt skjemaet over for å si din mening.