Jamn batalje: Taur Matan Ruak (bilete) eller Francisco ”Lu-Olo” Guterres blir 16. april vald til ny president i Aust-Timor. Ruak helsar på tilhengarar. Foto: Scanpix /EPA

Geriljabrør i president-thriller

To militære tungvektarar med fortid som leiande geriljasoldatar kjempar om å bli Aust-Timors tredje president. Kritikarar er redde for ei militarisering av den skøyre øystaten.

Av Noralv Pedersen Sist oppdatert: 19.04.2015 18.15.48

Måndag 16. april er den andre og avgjerande omgangen i presidentvalet i Aust-Timor. Etter at sitjande president José Ramos-Horta rauk ut i fyrste valomgang, står to militære tungvektarar att i ringen: Taur Matan Ruak, tidlegare forsvarssjef og leiar for den militære motstanden mot Indonesia som okkuperte Aust-Timor i perioden 1975-1999, og Francisco ”Lu-Olo” Guterres, som òg i 2007 stilte som kandidat i presidentvalet.

Det er ope kven av dei to som kjem til å vinne. Guterres fekk 28 prosent av røystene i fyrste valomgang, Ruak 25. Dei to har kvart sitt store parti i ryggen: Lu-Olo er kandidaten til Aust-Timors største parti, Fretilin. Ruak er statsminister Xanana Gusmão sin nye allierte og har fått den viktige støtta frå partiet hans, CNRT.

I eit land utan meiningsmålingar er den mest brukte uoffisielle gallupen å studere kva kandidat som får flest støtteerklæringar frå dei politiske partia. I år er heller ikkje denne metoden mykje til hjelp, fordi den nye, mektige alliansen mellom Ramos-Horta og det tredje største partiet, PD, har gjort det klart at dei vil vere nøytrale.

Dei to jambyrdige presidentrivalane har det til felles at dei er profilerte på heimebøen, men – i motsetnad til den avtroppande presidenten og nobelprisvinnaren – relativt ukjende utanskjers. Både Lu-Olo og Ruak er markante motstandsfolk, og begge vil kjempe om røystene blant okkupasjonsgenerasjonane. Dei to har også det til felles at ingen av dei blir rekna for å vere like karismatiske og samlande som forgjengarane Ramos-Horta og Gusmão. I eit Aust-Timor med til dels sterke interne spenningar er nettopp det å sveise nasjonen saman sett på som ei kjerneoppgåve. Begge er også blitt skulda for å ha vore aktive i den blodige og skilsetjande krisa i 2006, ein sterkt politisert konflikt mellom hær og politi, som førte til at minst 37 menneske blei drepne og 150.000 måtte rømme husa sine. Kritikken har råka Ruak hardast, fordi han på den tida var hærsjef og blei etterforska av politiet for å ha gitt våpen til sivile.

Som folkevald er Lu-Olo den mest garva av dei to. Han har det siste tiåret hatt sete i nasjonalforsamlinga for Fretilin, dei fem fyrste åra som parlamentspresident. I valkampen har han kunngjort at han ønskjer seg ei regjering som byggjer ein austtimoresisk velfredsstat, eit politisk prosjekt han sjølv og Fretilin har hatt som hovudsak dei siste åra. Det er difor sett spørjeteikn ved om han kjem til å bli ein marionett for nettopp Fretilin dersom han blir vald til president, anten ved at han stikk kjeppar i hjula til eventuelle CNRT- eller PD-regjeringar eller ved at han strør sand på statsbudsjetta som ei eventuell Fretilin-regjering må leggje fram til endeleg godkjenning av presidenten.

Ruak har på si side inga formell politisk forhistorie. Men det han eventuelt skulle mangle av folkevald erfaring, har han kompensert med å spele på sin rikhaldige militære bakgrunn. Eit døme er valkampplakatane som viser han i uniform. Folk har oppfatta det som om at Ruak ønskjer å framstå som militær frigjeringshelt, og som om at han vil streke under militære verdiar han set høgt, som disiplin og orden. Ruak har i valkampen òg teke fram eit forslag om obligatorisk militærteneste for alle ungdommar, eit framlegg parlamentet sa nei til i 2006. Ruak er blitt skulda for å vilje militarisere ein nasjon som har slite med alvorlege etterverknader etter fleire tiår med vald og massedrap. For å kapre vaklande Fretilin-veljarar har Ruak i valkampen dessutan gjort eit poeng av at han var Lu-Olo sin overordna i frigjeringskampen, noko som han kan vinne gjenklang for i eit sterkt rangordna samfunn som det austtimoresiske.

Uansett valkampåtak; få torer spå utfallet av den tøffe bataljen mellom dei to. Ein ting synest difor å vere klar: Ramos-Horta sin overveldande siger i presidentvalet i 2007 ser ikkje ut til å bli gjenteken verken av Taur Matan Ruak eller Francisco ”Lu-Olo” Guterres i 2012.

Noralv Pedersen er journalist i NRK og gav i 2009 ut boka «Den gode viljen. Ein dokumentar om norsk fredspolitikk», om det norske fredsengasjementet i Aust-Timor.

Publisert: 12.04.2012 12.00.00 Sist oppdatert: 19.04.2015 18.15.48