Jan Egeland er vald til å leie ei internasjonal gruppe som skal lage eit system for å samle og spreie klimainformasjon.
Egeland vart vald på eit møte i Verdas meterologiorganisasjon (WMO) i dag. Han skal leie ei gruppe som skal lage eit felles rammeverk for klimainformasjon i verda.
- Egeland har bakgrunn og kompetanse som vil styrke dette viktige arbeidet. Ikkje minst er dette viktig for dei fattigaste landa, som vert aller hardast råka av klimaendringane, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.
Jan Egeland skal leie panalet saman med den tidlegare egyptiske vassministeren Dr. Abu Zeid. Andre medlemmer i panelet er Emil Salim, tidlegare miljøvernminister i Indonesia, og Ricardo Lagos, tidlegare president i Chile.
Det komande året skal arbeidsgruppa lage ein rapport og tilrå eit globalt rammeverk for klimainformasjon og klimatenester. Arbeidet vert lagt fram på årsmøtet til meteorologiorganisasjonen i 2011.
- Informasjon om dagens og framtidas vèr og klimaendringar vert lettare tilgjengeleg. Det vil alle som arbeidar med helse, landbruk og katastrofeberedskap ha glede av, seier Solheim i en pressemelding.
Publisert: 26.02.2010
Skriv en kommentar
Vær den første til å kommentere artikkelen! Benytt skjemaet over for å si din mening.