Hopp til innhold

onsdag 08. februar 2012Bistandsaktuelt forside

Høne til bry

De fleste som frekventerer i felt har opplevd det. Å få en gave det er vanskelig å ta i mot. Les hva Egil Mongstad i Strømmestiftelsen gjorde da han fikk en sprell levende gave i Uganda.

Utekontoret

Utekontoret er et forum på nett hvor våre lesere kan komme tettere på bistandsarbeideres hverdag - på godt og vondt. En spalte som skal åpne for refleksjon, læring, latter og forhåpentligvis også diskusjon.

h+©na
Utekontoret2

Kva skal me gjere med høna? Korleis skal me unngå å bli oppfatta uhøflege? For me kan ikkje la være å ta imot den, men me kan vel heller ikkje ta den med.

Ein mann kjem med ei god og velfødt høne. Denne skal du ha. Takk for ditt besøk, takk for at de er her og takk for det som de gjer for oss her. Spare- og lånegruppene som me har fått her til landsbyen vår gjer storverk. Me får det betre, borna våre får gå på skule. No kan me ha te og sukker til frukost, og me har tre måltid om dagen. Det er rett og slett blitt litt enklare å leve no, seier denne mannen og smiler bredt.

Me har reist frå Kampala til Moroto by i Karamoja fylke og vidare til Abim, 180 mil frå Kampala for å lage ein reportasje frå dette arbeidet. Spare- og  lånegrupper har vore i vinden her heime i vekene etter haustens TV-innsamling. Og la det være klart – det er grunn til å lytte – kanskje meir til dei som faktisk får det betre med sine enkle sparemetodar og små lån, enn til dei som kategorisk meiner at dette ikkje kan føre særleg mykje godt med seg.

Eg tek mot høna. Kvinnene klappar, dansar og syng, og høna gjev meg nokre skremde hakk med nebbet til stor begeistring for ungane som ser på. Det er ei fin høne – og eg gjev den vidare til ein av dei som er med oss. Så ser eg ikkje meir til høna – men vonar at den framleis trippar rundt på jordene utanfor hyttene i Abim.

For kva kunne eg gjere med den – eg kunne ikkje ta den med meg og me skulle heller ikkje overnatte i landsbyen. Hadde me gjort det hadde den kanskje enda i ei gryte ut på kvelden. Men det gjorde ikkje me og kanskje det berga høna – ikkje veit eg.

Men kva med det vanskelege med denne høna. Kan eg som er velfødd nordmann ta i mot denne vel vitande om at eg, dersom eg gjer det, så er det ei høne mindre å dele på for dei som er att? Og så, om eg ikkje tek i mot den så står eg fram som uhøfleg og er ikkje takksam, og kvifor trur eg at eg er betre enn dei og ikkje ta imot ei gåve?

Nei det beste er å ta imot – og la dei lokale ordne opp. Som den gongen i Mali – då var det ikkje ei høne det handla om, men ei heil geit.  Og geita hamna på takgrinda  på bilen - der den blei surra og bunde på alle kunstens reglar og dyrevennlege vis før den la ut på si livs reise. Men den fekk ikkje reise lenger enn til næraste landsby – der den blei satt av og festa i band til ein påle. Der kunne den heldige geita lukkeleg fortsetje med å leve til den ein eller annan gong seinare enda sine dagar. Ikkje veit eg kvar og heller ikkje når – og lukkeleg er eg over at eg ikkje treng å bry meg. For dette ordnar mine vener opp i.

Som reporter og journalist er eg ofte på reise til våre samarbeidspartnarar og prosjekt me er med og støttar. Det har hendt at hønene og ei og anna gås har enda i grytene når kveldsmørket senker seg over hytter og opnar for ein stjernehimmelen som står fram i all si overveldande prakt – slik eg hugsar den frå mine barneår i ei lita bygd på vestlandet. Og då - under stjernene då kan det være godt å dele ei høne eller ei gås med dei lokale – med våre vener – dele historier  og forteljingar og kjenne at livet er godt å leve.

Egil Mongstad jobber for Strømmestiftelsen

Publisert: 30.11.2009

Skriv en kommentar

Vær den første til å kommentere artikkelen! Benytt skjemaet over for å si din mening.