Avhandlinga marsvinet si symbolske og sosiale verd”, om korleis kichuaindianarane er knytt til marsvina sine, syner mellom anna kor mykje meining ein kultur kan legge i eit lite husdyr, skriver David Bergan fra Equador.
Utekontoret er et populært forum på bistandsaktuelt.no hvor bistandsarbeidere og diplomater kan fortelle leserne om sin hverdag: gleder og sorger, møter med mennesker, prosjekter de arbeider med, eller noe annet. Skriv mellom 2000 - 3000 tegn og legg gjerne ved bilder. Sendes: hopseth@yahoo.com.
Avhandlinga “Marsvinet si symbolske og sosiale verd”, om korleis kichuaindianarane er knytt til marsvina sine, syner mellom anna kor mykje meining ein kultur kan legge i eit lite husdyr
Sosialantropologen Eduardo Archetti har gjort Ecuador kjent i Noreg, og utfylt basiskunnskapen om at landet er oppkalt etter linja landet ligg på, høgt oppe i Andesfjella, inn i Amazonas og ut i Stillehavet på Galapagosøyene. Avhandlinga “Marsvinet si symbolske og sosiale verd”, om korleis kichuaindianarane er knytt til marsvina sine, syner mellom anna kor mykje meining ein kultur kan legge i eit lite husdyr. Archetti har inspirert sosialantropologar etter han til å sjå på rolla husdyra spelar utover å gje føde og inntekt. Men utgangspunktet for Archettis studium var nettopp matauk, inntekt og utvikling. Jordbruksministeriet her hyra i si tid Archetti til å sjå på korleis ein kunne modernisere og auke produksjonen frå marsvinhald. Argentinaren fann fort ut at det var fåfengt å lokke folk til å legge om marsvinhaldet i industriell retning. “El Cuy”, som dyret heiter her borte, var så tett knytt opp til husveret og familien der dei bur, at industrielle marsvinfjøs aldri vart noko du ville få verken marsvina eller vertane deira med på.
Om lag på same tid som Archetti forska på marsvina her, reiste eg første gongen gjennom landet med meir kjente stader som Machu Pichu, Titicaca og Patagonia som delmål for reisa. Ecuador var liksom berre ei etappe på vegen, før eg oppdaga at her óg var fargerike fjellfolk, høge toppar og Stillehav. Men “cuyen” smaka vi først i fjor under overlappinga med forgjengar Per Ranestad i den nye jobben her. Kan ikkje seie at marsvinet smaka spesielt godt da, veldig flat og litt tørr. Sikkert bra protein, men truleg alt for liten og lett til å dekke det umettelege lågkarbobehovet vi høyrer om heime.
Blant dei mange tinga som gjer det interessant å busette seg i Ecuador er at dei lagar revolusjon. Da Rafael Correa, han som no er president, gjekk til val i 2006 kalla han programmet sitt for “Revolucion Ciudadana”. “Borgarrevolusjonen” gjekk mellom anna ut på å kaste den korrupte politiske klassen ut av parlamentet. Dette var vilkåret for å ta imot mandatet om Correa vann presidentvalet. Både middelklassen og indianarrørsla, som sidan 1992 alt hadde kasta eit par-tre regjeringar, var meir enn modne for konstitusjonell omvelting på fredleg vis. Og omvelting fekk dei, med “revolusjonært” fleirtal for “Alianza Pais”-“Landalliansen” i parlamentet og ein omfattande grunnlovsdiskusjon i forsamlingshus og på plassar over heile landet. Den plurinasjonale grunnlova, som slår fast at alle skal med - både indianar, mestis, svart og kvit -, vart resultatet. Å lage lover er lettare enn å sette politikk i verk, men karriereøkonomen Rafael Correa og mannskapet hans har vist ei imponerande handlekraft. Sjøl med avishusa og dei fleste andre media mot seg, så stør fleirtalet framleis opp om revolusjonen. Drosjesjåføren Tito, som sjøl må betale meir for løyvet sitt etter maktskiftet etter at det byrja bli skikk på skattar og avgifter, forklarer den sterke oppslutninga med at regjeringa syner at dei vil betre tilhøva for 80% av befolkninga, dels på bekostning av rikdomen til dei resterande 20%. Og når avishusa er eigd av dei rike så gjennomskuar folk agendaen til media, seier Tito. Godt over 100,000 funksjonshemma har så langt fått lovfesta rett til trygd og alle bedrifter med fleire enn 25 tilsette må ha folk med funksjonshemming med. Det fører mellom anna med seg at du møter kvinner og menn med “downs” i arbeidsuniform som hjelper deg med handlevogna på kjøpesentra her i byen. – Slik inkludering ville jo ha vore ein liten revolusjon heime i Noreg og, seier Siri. Ho arbeidde med gjennomføringa av IA-avtalen før vi reiste hit. Fattigbønder og folk flest vert no sikra trygd mot å betale inn eit årleg beløp på minimum 300 kroner til staten, avhengig av inntekt. Desse, og andre velferdstiltak er mellom anna finansiert gjennom auka skattlegging av oljeselskapa og dramatisk effektivisering av skatteinnkrevinga gjennom opprusting og digitalisering av skatteetaten.
Fordelen med denne revolusjonen samanlikna med fleire av dei både vellukka og mindre vellukka revolusjonane i Latin-Amerika, er at den ikkje kosta eit menneskeliv. Først då misnøgde politifolk i september 2010, fyra oppunder av obskure krefter, kidnappa presidenten og freista lage kupp, gjekk 10 menneskeliv med. Ei av dei nevnte avisene, El Universo, krevde etter kuppforsøket at presidenten skulle etterforskast for folkemord – “genocidio”, etter som opprørske politifolk vart drepne under aksjonen for å få satt presidenten fri og hindre kupp. Denne absurde skuldinga provoserte temperamentsfulle Correa til å gå til rettssak mot avisa. Hans krav er 8 millionar i erstatning i tillegg til fengselsstraff og oppresing frå redaksjonen i avisa. Kravet virkar nesten like absurd som skuldinga om folkemord og er diverre den saka som gjev Ecuador mest internasjonal merksemd for tida. Fora for forsvar av menneskerettar og pressefridom kritiserer Correa med rette, både for desse rettssakene og for arrestasjonar av eit 100-tals opposisjonelle som har kalla saman demonstrasjonar utan løyve. Fleire av dei sistnevnte er lokale leiarar i urfolksorganisasjonane som Norsk Folkehjelp samarbeider med . Konfrontasjonen mellom Correa og delar av urfolksrørsla, mellom anna om vannpolitikk og mineralutvinning, har gått så langt at ein del er villige til å gå i allianse med folk frå ytre høgre som dei tidlegare har kasta frå makta. Og valkampen er godt i gang, nesten eit år før valet i 2013.
Uansett driv regjeringa endringspolitikk ein knapt har sett maken til på det amerikanske kontinentet, og lite tyder på at nokon kan hindre fornying av mandatet med demokratiske midlar. Det finst krefter som er klare til å leige inn paramilitære over grensa i nord for å gjere kort prosess med borgarrevolusjonen, men endringane som Correa set i gang ser ut til å gå så fort og så sterkt i favør av folk flest at eit nytt kuppforsøk virkar fåfengt, får vi håpe.
Kort tid etter at vi starta opp her borte fekk vi besøk av Vegard Bye frå Scanteam. Hans oppdrag var å evaluere Latin-Amerikadelen av Olje for Utvikling-programmet til NORAD. I og med at vi var med å arrangere programmet til Scanteam her fekk vi møte folk i styre og stell som var glødande engasjerte i å bruke oljepolitikken til å få til fordeling og utvikling. Presidenten sjølv refererer ofte til “den norske modellen” når han talar om sine visjonar for samfunnsutviklinga. Etter det vi forstår var nettopp det noko av poenget med å starte opp Olje for Utvikling: å dele norske erfaringar med oljeproduksjon som instrument for teknologisk, økonomisk og sosial utvikling. No har vi fått vite at NORAD/UD har lagt programmet her i Ecuador på is i 2012, på grunn av manglande interesse. Da spør vi: manglande interesse frå kven? Her borte finst i alle fall både parlamentarikarar og teknokratar som er interesserte i å lære og dele oljeerfaringar for å bruke oljepolitikken til å fordele og utvikle. Dei kan til og med tenke seg å sende ein parlamentarikardelegasjon til Noreg. I tillegg til å utveksle erfaringar om oljepolitikk, kunne jo Stortinget nytte høvet til å lytte litt til ecuadorianske erfaringar med Inkluderande Arbeidsliv.
Det blir i alle fall spanande å sjå kva tilrådingar som kjem ut av Scanteams evaluering, og om norske politikarar og byråkratar eventuelt er interesserte i å halde fram med å støtte opp om eit nokså bistandsuavhengig land, som til forveksling freistar gjenta oljeeventyret på sin eigen måte, vel vitande om at det berre er nokre få tiår att.
David Bergan og Siri Charlotte Skjerve, Norsk Folkehjelp, Latin Amerika
Publisert: 17.02.2012
Skriv en kommentar
Vær den første til å kommentere artikkelen! Benytt skjemaet over for å si din mening.