Ved en uttrekning av internasjonale styrker, frykter man at Taliban vil innføre et nytt regime i Afghanistan som igjen avgrensar kvinner sine rettar og samfunnsdeltaking, skriver Arne Strand. Her forlater norske styrker et hotell som nylig hadde blitt angrepet i 2012. Foto: Musadeq Sadeq / AP Photo / NTB

Vanskelege val i konfliktbistand

UTSYN: Den 40 år lange konflikten i Afghanistan synleggjer utfordringar ved norsk engasjement i sårbare statar. Kva har ein lært, kva er dei beste verkemidla og kan Noreg gjere ein forskjell? skriv Arne Strand.

Noreg har, på tross av NATO-medlemskap og tett USA-tilknyting, oppretthalde ein stor grad av nøytralitet og tillit.

UTSYN:

Bistandsaktuelts meningsspalte, med faste kommentatorer:

  • Audun Aagre, Myanmar-kjenner og kommentator
  • Sissel Aarak, generalsekretær i SOS-barnebyer
  • Olutimehin Adegbeye, nigeriansk spaltist
  • Samina Ansari, daglig leder i Avyanna Diplomacy
  • Bernt Apeland, Røde Kors-sjef
  • Kiran Aziz, advokat og senioranalytiker for ansvarlige investeringer i KLP
  • Zeina Bali, daglig leder for Syrian Peace Action Center (Space)
  • Tor A. Benjaminsen, professor ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet
  • Amar Bokhari, sosialentreprenør og daglig leder i Bokhari AS. Tidligere FN-ansatt og utenlandssjef i Redd Barna.
  • Catharina Bu, rådgiver i Tankesmien Agenda
  • Benedicte Bull, professor ved Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo
  • Hilde Frafjord Johnson, tidligere utviklingsminister og eks-FN-topp
  • Dagfinn Høybråten, generalsekretær i Kirkens Nødhjelp
  • Anne Håskoll-Haugen, journalist og debattleder
  • Tomm Kristiansen, journalist og kommentator
  • Heidi Nordby Lunde, stortingsrepresentant for Høyre
  • Tor-Hugne Olsen, daglig leder i Sex og Politikk
  • Erik S. Reinert, professor ved Tallinn University of Technology
  • Hege Skarrud, leder i Attac Norge
  • Jan Arild Snoen, forfatter og kommentator
  • Erik Solheim, tidligere FN-topp og norsk miljø- og utviklingsminister, nå seniorrådgiver i World Resources Institute
  • Arne Strand, seniorforsker ved Chr. Michelsens institutt
  • Johanne Sundby, professor ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo
  • Maren Sæbø, journalist og kommentator
  • Titus Tenga, programdirektør i Strømmestiftelsen
  • Marta Tveit, frilansskribent og podcaster for Fellesrådet for Afrika/SAIH
  • Christian Tybring-Gjedde, stortingsrepresentant for Fremskrittspartiet
  • Liv Tørres, direktør i Pathfinders for Peaceful Just and Inclusive Societies ved universitetet i New York.
  • Terje Vigtel, seniorrådgiver i Conow
  • Tore Westberg, kommentator bosatt i Nairobi
  • Henrik Wiig, seniorforsker ved Oslomet

Det er nesten ufatteleg at eit fattig fjelland i Sentral-Asia vart arena for både den kalde krigen og krigen mot terror, kommunistkupp og oppretting av eit islamsk terrornettverk. Resultata vart ti-tusenvis av drepne, millionar drive på flukt og rasering av jordbruk og infrastruktur. Enkelte afghanarar gjorde krigføring til god butikk, det store fleirtalt var taparane gjennom skiftande konfliktar.

Noreg og norske organisasjonar bidrog alt frå 1979 med politisk og økonomisk støtte mot Sovjetunionen og deira afghanske regime. Medan mange land trakk seg ut eller reduserte støtta etter tilbaketrekkinga i 1988 vart norsk bistand og etter kvart fredsdialog vidareført under den påfølgjande borgarkrigen og Taliban sitt strikte styre.

Massiv innsats skapte resultat

Då USA og deira militære allierte tvang Taliban frå makta i 2001 kom der nytt håp, og ein massiv innsats. Verdsamfunnet samla seg om å få på plass eit demokratisk styre, ei ny grunnlov og gjennomføring av val og bygging av eit statsapparat. Det skulle opprettast hær, politi og rettsvesen, kvinner skulle sikrast betre rettar og få tilgang til utdanning og helsetenester. Flyktningar skulle re-integrerast, landsbygdutvikling skulle sikre arbeid og inntekter. I tillegg skulle all narkotikaproduksjon utryddast. Alt hadde høg prioritet, leiaransvar for utviklingsområda vart fordelt landa imellom. På militærsida vart provinsane fordelt mellom dei militære kontingentane.

Tre store dilemma påverka resultata.

  • Stasbygging og dei sivile prosessane vart underordna den pågåande krigen mot terror sin trong for militær stabilitet og politisk kontroll. Det medførte innføring av eit valsystem som sikra den afghanske presidenten stor makt og at politiske parti ikkje fekk stille til val.
  • Regjeringa vart eit maktkompromiss, ei blanding av tidlegare krigsherrar, NGO-medarbeidarar og eksil- Dei første delte viktige ministeria og postar seg imellom (og sin familie og støttespelarar), dei siste vart satt til å administrere og føre dialogen med dei internasjonale aktørane.
  • Det vart ei skeiv ansvarsdeling mellom den afghanske staten, militære aktørar og enkelte nasjonar, kombinert med manglande samordning og hast med å gjennomføre planar. Ein amerikansk general i Kandahar hadde større bistandsbudsjett enn ministeren i Kabul, og prioriterte innsats i konfliktområda. Fredelege deler av landet, der bistand kunne ha større effekt, vart nedprioritert.

Likevel, den massive innsatsen skapte resultat. Vegar vart bygd, mobilnett kom på plass, skular og klinikkar vart oppretta, jenter kom på skule, landsbygdene fekk små utviklingsprosjekt, universiteta tok imot kunnskapshungrig ungdom, 5 millionar flyktningar returnerte og mange kom i arbeid. Den største endringa er kanskje at ein ny middelklasse og store ungdomskull har fått tru på eit meir utvikla og fredeleg Afghanistan.

Uttrekning og Taliban-retur

Samstundes medførte ei hardhent militærkampanje Talibans retur på landsbygda. Nepotisme, korrupsjon og etter kvart omfattande valfjusk reduserte tilliten til dei afghanske styresmaktene og til demokrati som styreform. Den nye staten sitt fundament vart underminert.

Då brorparten av dei internasjonale militære styrkane var trekt ut i 2014 vart problema tydlegare. Ei USA-forhandla samlingsregjering forsterka den politiske og etniske fragmenteringa, Taliban sikra seg innflytelse over nær 50 prosent av landet og terroriserte Kabul, arbeidsløyse og fattigdom auka - og trong for bistand vart ikkje redusert.

På norsk side konkluderte Afghanistan-kommisjonen i 2016 at av det tre norske hovudmåla for engasjementet hadde ein berre lukkast med å vere ein god alliert til USA og NATO. Målet om å bidra til internasjonal terrornedkjemping var bare delvis nådd, kreditt gitt for å byggje opp ein afghansk anti-terror politistyrke. Men, ein hadde ikkje nådd det tredje målet om å byggje ein stabil og demokratisk afghansk stat gjennom langsiktig bistand og fredsdiplomati. Det som ofte er Noreg si merkevare i sårbare statar.

Situasjonen er endå vanskelegare i dag. USA må snart avgjere om dei skal respektere avtalen med Taliban om uttrekking av alle internasjonale soldatar innan 1 mai. Fredsforhandlingar mellom Taliban og den afghanske regjeringa er knapt kome i gang, og det er uvisst om eit amerikansk hasteforsøk for å få på plass ei overgangsregjering vil lukkast. Ikkje minst sidan mange av krigsherrane og dei (mannlege) byråkratane som danna regjering tilbake i 2001 står i kø for å verte med. Og, siste halvåret har det vore ei systematisk likvidering av journalistar og sivilsamfunnsrepresentantar, dei som kunne halde makta til rette.

Frykter nytt Taliban-regime

Ved ei uttrekking av internasjonale styrkar er der frykt for at Taliban - eventuelt med nokon av dei gamle krigsherrane - kan ta militær kontroll og innføre eit regime som igjen avgrensar kvinner sine rettar og samfunnsdeltaking. Eventuelt at slike rettar vert ofra for å få ein fredsavtale på plass.

Kva bør då Noreg gjere, har ein noko fortrinn, er der ei nisje som kan utnyttast?

Det ironiske er at svaret ligg i det Afghanistan-kommisjonen konkluderte med at hadde mislukkast. Det trengst meir nasjonalt, regionalt og internasjonalt fredsdiplomati og langsiktig og målretta bistand. Og, eventuelt eit militært bidrag til ein internasjonal stabiliserings-styrke dersom ein fredsavtale kjem på plass.

Argumentet er at Noreg, og norske organisasjonar, har vore ein god alliert med afghanarane heilt sidan 1979. Ein har stått løpet, ikkje favorisert ei gruppe med bistand og oppretthalde kontakt og dialog gjennom skiftande regime. Noreg har, på tross av NATO-medlemskap og tett USA-tilknyting, oppretthalde ein stor grad av nøytralitet og tillit.

Samtidig tilseier historia at mangt bør gjerast forskjellig for å unngå gjentaking av tidlegare feil. Bistand må skjermast betre mot korrupsjon og misbruk, det må tenkjast nytt og breiare om sivilsamfunnsstøtta og kapasitetsbygging, kvinner sine rettar og politiske innflytelse må ikkje ofrast, lokalt myndigheitssamarbeid må prioriterast saman med landsbygd og jordbruksutvikling som kan skape inntekt og arbeidsplassar på landsbygda.

Men, ein må gå inn i det med opne auger. Uansett utvikling i Afghanistan vert dette politisk og sikkerheitsmessigt utfordrande. Mykje kan ikkje planleggast i detalj, det vil avhenge av gode nettverk, gode analyser og godt skjønn. Og, det fordrar at der framleis vert politisk og folkeleg støtte i Noreg til å vidareføre bistand og fredsdiplomati i endå eit tiår.

Powered by Labrador CMS