Anmeldelse

Med portugisiske sukkerplantasjar på São Tomé begynte eit nytt og mørkare økonomisk engasjement som skulle endre verdshistoria. Derfrå starta tvangssendinga av afrikanske slavar til nye plantasjar i Karibia og Brasil tidleg på 1500-talet, skriver Asbjørn Eidhammer. Maleriet viser en sukkerplantasje på øya Sainte Croix, malt av Fritz Melbye i 1840.

Slavehandelens betydning for vårt moderne samfunn

ANMELDELSE: Det begynte på den vesle øya São Tomé utanfor kysten av Afrika på slutten av 1400-talet og tok ikkje slutt før nesten fire hundre år seinare i Sørstatane i USA. Det er den mest brutale, nedverdigande og systematiske utbyttinga av menneske som nokon gong har funne stad.

Dette er en anmeldelse. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Slavehandelen over Atlanterhavet og slavedrifta på sukker- og bomullsplantasjane i den nye verdsdelen hadde større betydning for moderniseringa av Europa enn konvensjonelle historikarar har fått med seg, og sette USA i stand til å bli verdas største og mest dynamiske økonomi.

Howard W. French, i mange år ledar for New York Times sitt byrå for Sentral-Amerika, Karibia og det vestlege og sentrale Afrika, går til frontalangrep på eurosentrisk tenking om slavehandelen og slavehald i si siste bok: Born in Blackness. Africa, Africans and the making of the modern world, 1471 to the Second World War.

Diplomatiske framstøytar

I 1488 vart arveprinsen til Jolof-riket i nåverande Senegal mottatt med full honnør og slått til riddar av Kong João II i Lisboa. Tre år seinare sende kongen ein ambassade til hoffet i Kongo, som på den tida var ein etter måten sofistikert politisk stat. Det var den lukrative gullhandelen som låg bak slike diplomatiske framstøytar langs kysten av Afrika, og gjorde Portugal i stand til å bli ei sjømakt.

Då portugisiske krigsskip i 1478 gjekk til åtak på ein spansk flåte på veg tilbake frå det nåverande Ghana, var gullet dei rana til seg, nok til å rette opp att den portugisiske økonomien, som då var i krise.

Howard W. French: Born in Blackness. Africa, Africans and the making of the modern world, 1471 to the Second World War. Liveright Publishing Corporation, New York 2021

Det som French får fram her, er likestillinga i relasjonar mellom europeiske og mange afrikanske statar i seinmiddelalderen og den store betydninga handelen langs kysten av Afrika fekk for framveksten av særleg portugisisk, men også spansk økonomi. Det er ikkje ukjende ting, men French framstiller det klarare enn eg har sett før.

Og hans siste poeng er at denne europeiske ekspansjonen slett ikkje den gongen vart sett på som ledd i å finne sjøvegen til India, slik det blir framstilt i historiebøkene. Afrika var eit mål i seg sjølv. Det perspektivet er i det minste nytt for meg.

Frå humanitet til kveg

Men med portugisiske sukkerplantasjar på São Tomé begynte eit nytt og mørkare økonomisk engasjement som skulle endre verdshistoria. Slavar frå det afrikanske fastlandet vart kjøpte – av villige afrikanske høvdingar – til å arbeide på dei nye sukkerplantasjane på den tidlegare folkelause øya. Derfrå starta tvangssendinga av afrikanske slavar til nye plantasjar i Karibia og Brasil tidleg på 1500-talet.

Frå likestilt diplomati vart afrikanarane omgjorde til det som på engelsk heitte «chattel slavery». «Chattel» er eit ord som har same opphav som «cattle». 12,5 millionar afrikanarar overlevde overfarten til den nye verda, fastlenka i botnen av slaveskipa. Det var første delen av afrikanarens reise frå humanitet til kveg, seier French.

Og det var starten på det rasebaserte slaveriet, grunnlagt på vald åleine, som også endra Europas bilde av afrikanarane.

Fram til 1820 var fire gonger så mange afrikanarar som europearar frakta over til den nye verda. Dei etterlet seg eit kontinent i kaos med sundbrotne statar. Plantasjekoloniane som dei vart sende til, med sitt slavearbeid og sukkerproduksjon, bidrog sterkt til industrialiseringa av Storbritannia og moderniseringa av Europa.

Utan slavehandelen ville den nye verda ikkje på langt nær blitt så levedyktig, og Europa ville ikkje vore så rikt og mektig, skriv French.

Sukker skapte meir inntekter enn nokon av metalla frå Amerika, og sto for 40 prosent av Portugals inntekter i 1620. Tusen pund investert i slavedrift gav dobbelt så mykje av seg som dei same pengane investerte i England. Men på i sukkerplantasjane på Barbados overlevde ein slave i gjennomsnitt i sju år.

Vekst og modernisering

Det er kombinasjonen av velskrivne skildringar og talande fakta som er bokas styrke. Som i framstillinga av kva som skjedde etter at slavehandelen over Atlanterhavet var over, og som hjelper oss til å forstå den sentrale rolla som stolen og ekspropriert svart arbeidskraft spela.

Dei europeiske maktene var villige til å setje heile flåtar inn på å slå ned opprøret på Sainte Domingo, seinare Haiti, der slavane i 1791 gjorde eit vellykka opprør og overtok makta. Britane sende to ekspedisjonar for å invadere Haiti, men vart slått tilbake.

Etter at Napoleon kom til makta i Frankrike, rusta han i 1803 ut den største flåten noko land hadde sendt ut av Europa, med femti skip og 35 000 soldatar, for å knekke den nye staten. Då det heile var over for den gongen, var 50 000 franske soldatar døde.

Då slavehandelen over Atlanterhavet vart ulovleg, skjedde det ei anna forflytting av afrikanarar i lenker, denne gongen frå det søraustlege USA til store område ved utløpet til Mississippi. Bomull var blitt det viktigaste produktet i si tid, og bomullsplantasjane trong arbeidskraft. Ein sentral, men oversett faktor i veksten i bomullsproduksjonen var auken i slaveproduktiviteten.

Systematisk bruk av valdelege metodar og straff kombinert med nøye bokføring førte til ein produktivitetsvekst på 400 prosent mellom 1800 og 1860, og var ein sentral faktor for veksten i USA og moderniseringa av Storbritannia.

Ny kunnskap

Boka til Howard French er eit gigantisk oppgjer med den vanlege oppfatninga i vestlege land av kva den atlantiske slavehandelen og slavedrifta på det nye kontinentet har betydd historisk.

Han viser på ein grundig måte korleis den grovaste utnytting av afrikansk arbeidskraft har vore sentral i å forklare det levesett og den velstand vi har i Vesten i dag. Mange historikarar vil sikkert kjenne att ulike delar av argumentasjonen, men å framstille heile denne historia på ein så samanhengande og leseverdig måte er ein prestasjon.

For meg byr boka på ny kunnskap nesten på kvar side. Det er ikkje først og fremst eit journalistisk arbeid, men den så kjende journalistens penn viser att i gode skildringar og historier. Boka er også uvanleg godt dokumentert; dette er stoff French har arbeidd med lenge. Han har sjølv reist til stadane som han skriv om. Mange av skildringane viser eit personleg engasjement som ein lett forstår ut frå det han skriv om eigen bakgrunn i Virginia og konas slekt i Ghana.

Det er ei sterk bok som gjer inntrykk langt inn i ei europeisk sjel, og som får ein til å reflektere over kor mykje gjeld vi står i til den afrikanske befolkninga, både i Afrika og i det som ein gong var det nye Amerika.

Etter å ha lest boka har ein ikkje vanskeleg for å forstå kravet om reparasjon, kompensasjon for denne behandlinga, som særleg afroamerikanarar har fremja.

Powered by Labrador CMS