Pasientar og pårørande utanfor sjukehuset i Dedza, Malawi, kor blant anna kommande og nye mødre kan få hjelp. – Framtida for Afrika blir til gjennom å styrke helsesystem, sikre universell tilgang på helsetenester og å sikre eigen produksjon av utstyr, legemiddel og vaksinar, skriv forfattarane av innlegget. Foto: Gunnar Zachrisen

Meiningar:

«Det Afrika vi vil ha»

Det er overskrifta på langtidsplanen for Den afrikanske union (AU), Agenda 2063. I planen kan ein lese om Afrika sine mål om å bli eit kraftsenter for framtida, og mål for inkluderande og berekraftig utvikling. Om eit Afrika som styrer si eiga utvikling.

Dette er ein kronikk. Meiningar i teksten er skribentene sine eigne.

Forfattarar:

Frode Forland, Folkehelseinstituttet

Trude Arnesen, Folkehelseinstituttet

Austen Davis, Norad

Marte Wensaas, Norad

Africa CDC, som er folkehelseorganisasjonen til AU, har nyleg gjennomført sin andre folkehelsekonferanse i Kigali i Rwanda. Vi var der.

Å skrive om ein konferanse blir sjeldan god litteratur, men vi som var der, har lyst å formidle nokre ferske inntrykk frå det sterke, sjølvmedvitne, optimistiske og nye Afrika.

Dette var eit møte som ga bod om ei ny tid, der ord som utviklingshjelp og bistand må bytast med samarbeid og likeverdige partnarskap.

2500 deltakarar frå 90 land, og 90 prosent afrikanarar, deltok på møtet. Det blei prikkfritt gjennomført over fire dagar i konferansesenteret i Kigali, hovudstaden i Rwanda, som for dei fleste nordmenn er mest kjent for det tragiske folkemordet i 1994 der nær ein million menneske vart drepne.

Rwanda har reist seg etter borgarkrigen, og gjort store framsteg når det gjeld helse og utvikling.

Kan ikkje stole på donorar

Eit tydeleg bodskap frå konferansen, med referanse til koronapandemien, var at ein ikkje kan stole på velvilje og gode intensjonar frå donorar og partnarar i nord når ei krise set inn.

Då det var mangel på vaksinar, testutstyr, smittevernutstyr og diagnostika hadde Europa og USA nok med seg sjølv.

Framtida for Afrika blir til gjennom å styrke helsesystem, sikre universell tilgang på helsetenester og å sikre eigen produksjon av utstyr, legemiddel og vaksinar.

Det nye legemiddelbyrået for Afrika (Africa Medicines Agency) er lagt til Kigali, og vil bli ein viktig institusjon for lokal produksjon, regulering og godkjenning av legemiddel og vaksiner i Afrika.

Nye satsingar

Africa CDC sitt arbeidsprogram kan oppsummerast i det som vert omtalt som «Ein ny orden for folkehelse». Dette er uttrykt gjennom dei følgjande satsingane:

  • Bygge sterke institusjonar for folkehelse nasjonalt og regionalt
  • Styrke utdanning og kapasitet av arbeidsstyrken for folkehelse
  • Etablere lokal produksjon av legemiddel, vaksiner og utstyr
  • Auke nasjonale investeringar i helse
  • Fremje handlingsorienterte og respektfulle partnarskap

Gjennom plenumssesjonar, sidemøter, parallellsesjonar, posterpresentasjonar og debattar fekk vi meir kunnskap om utfordringane, større forståing for Afrika sin situasjon og betre kjennskap til lokale og nasjonale løysingar:

I framtida bør styrking av generelle helsesystem erstatte vertikale program knytt til einskilde sjukdommar og tema, for å redusere den oppsplittinga som slike donordrivne investeringar har ført med seg. Integrering er nøkkelordet.

Universell helsedekning og epidemiberedskap er to sider av same sak. Alle utbrot startar og sluttar i eit lokalsamfunn. Vi kan ikkje hindre utbrot, men med god lokal beredskap kan vi stoppe dei raskt, og hindre framtidige pandemiar. Samstundes er det er viktig å måle effekten og kost-nytte av tiltak i lokal kontekst.

Arbeidet med å førebygge og behandle ikkje-smittsame sjukdommar, inkludert psykisk helse og skader, må også prioriterast. Robuste helsesystem må kunne førebygge, oppdage og behandle både smittsame og ikkje-smittsame sjukdomar.

Samarbeid med akademia, ikkje-statlege organisasjonar og privat sektor er viktig og nødvendig for å styrke innsatsen for folkehelse i Afrika, men det er behov for eit solid rammeverk som sikrar at slike partnarskap tener offentlege interesser.

Kvinner og ungdom må ta plass ved bordet der vedtak vert fatta. Som eit av svara på dette opprettar Africa CDC eit eige ungdomspanel som skal fungere som rådgjevingsorgan for organisasjonen.

Leiarutvikling er òg eit prioritert tema, der Africa CDC organiserer Kofi Annan-programmet som utdannar nye toppleiarar innan folkehelse for alle land i Afrika. Til det andre kullet var det cirka 3000 søkjarar til 20 plassar.

Til sist, digitaliseringa går på mange område raskare i Afrika enn i Europa, der både overvaking, smittesporing, kommunikasjon og helseinformasjon går direkte frå papir til mobil. Det norske helsedata programmet DHIS2 har spelt ei viktig rolle her.

Er det realistisk?

Det kan synast som ein langstidsdraum å få gjennomført alt dette, men offensive fagfolk som er stolte av å vere frå Afrika, og som vil arbeide på kontinentet, gjev grunn til optimisme.

Robuste folkehelseorganisasjonar som kan gje styresmaktene kunnskapsbaserte råd, basert på afrikansk kontekst, vil drive utviklinga raskt framover.

Africa CDC spelar alt ei vesentleg rolle i å styrke folkehelseinstitusjonar, forsking, kompetansebygging og initiativ for lokal produksjon av vaksiner og legemiddel.

Norge arbeider aktivt for at land skal ha kapasitet og ressursar til å reagere raskt ved helsekriser. Gjennom eit Norad-støtta program bidrar FHI til bygging av kompetente og robuste helsesystem og sterke folkehelseinstitusjonar, blant anna ved å inngå i eit langsiktig handlingsorientert partnarskap med Africa CDC.

Ved dette oppnår ein å kunne dele kunnskap begge vegar – styrking av folkehelse både her i Norge og i samarbeidslanda. Som ein del av dette programmet arbeider no ein av FHI sine tilsette (FF) ved Africa CDC i Addis Abeba, og ein (TA) ved folkehelseinstituttet i Malawi.

Powered by Labrador CMS