Idéhavar og oppfinnar Asfafaw Tesfay gjer forsøk på å lage den tradisjonelle etiopiske retten injera på solomnen han har laga. Foto: Dag Håkon Haneberg / gemini.no

Vil bake etiopisk brød med solstrålar

Om studentar ved NTNU i Trondheim får det slik dei vil, kan etiopiarar i framtida bake sitt daglege brød «injera» på ein solomn.

Publisert

Solomn

  • I 2007 byrja prosjektet ved NTNU der forskarar såg på solomnar med varmelagring.
  • Asfafaw Tesfay byrja å jobbe med det konkrete prosjektet i 2011, og han skriv doktorgrad om arbeidet ved Energi- og prosessteknikk ved NTNU.
  • Når solomnen vert eksponert for sollys, vert varmen frakta til ein behaldar med saltkjemikal. Behaldaren kan lagre bake-tempeaturar på 220 grader i eit døger, og koketemperaturar over 100 grader i to døger.
  • Solomnen er konstruert av tre hovuddelar: ein parabol som reflekterer sollys, eit rør som fraktar denne konsentrerte varmen og ein varmebehaldar med kokeplate.

Sjå for deg at befolkninga i eit allereie nærmast straumlaust og avskoga land som Etiopia plutseleg får moglegheita til å lage seg middag utan å bruke verken kol, tre, olje eller gass. Det kan verte realiteten om studentar ved Entreprenørskolen lukkast med å kommersialisere solomnen som er utvikla ved NTNU.

Tilpassa behov

Asfafaw Tesfay kom frå Etiopia til Norge i 2008 for å utvikle solsystem for heimlandet sitt. No er han svært nær målet med å konstruere ein solomn som kan lagre baketemperaturar på 220 grader i eit heilt døger.

Den er den fyrste av sitt slag. Solomnen kan nå ein temperatur på 250 grader, noko som gjer den svært tilpassa både landet sine mattradisjonar og ressursar.

– Denne omnen har fleire fortrinn samanlikna med andre solomnar på marknaden. Den største skilnaden er likevel at han kan oppnå ein temperatur og lagre varme av høge temperaturar over tid, noko som gjer den perfekt til å lage brødet «injera», som dei fleste i Etiopia et opptil tre gonger dagen, forklarar Even Sønnik Haug Larsen.

Basiskost

Saman med medstudentane Mari Hæreid, Sebastian Vendrig og Dag Håkon Haneberg frå Entreprenørskolen jobbar han med å kommersialisere produktet. I fleire år har forskarar verda over utvikla solomnar med ulike kvalitetar retta mot utviklingsland.

Problemet har vore at dagens solbaserte løysingar for matlaging ikkje har vore optimalisert for til dømes etiopiaranes bruk. Dei har heller ikkje nådd høge nok temperaturar til å lage injera, og kan ikkje lagre varmen slik at det er mogleg å lage mat også på kvelden eller om natta.

– På desse omnane har ein tidlegare berre kunne koke ris og grønsaker og liknande, men det er ikkje det etiopiarar et. Dei et injeras som er ei slags lefse som må bakast, og til det treng ein temperatur på 200-250 grader, fortel Haug Larsen, og legg til at han tykkjer det er givande å kunne gjere det mogeleg for menneskje i utviklingsland å lage varm mat effektivt, sikkert og miljøvenleg når som helst på døgeret.

– Det vert spanande å setje NTNU-teknologi ut i livet og syne at produktet har nytte for mange menneskje, fortel Haug Larsen som også er utdanna lærar.

Lite skog att

Solomnen han snakkar om er ein miljøvenleg omn basert på solenergi. Når den vert eksponert for sollys, vert varmen frakta til ein behaldar med saltkjemikal. Det finst to fungerande prototypar, ein på NTNU og ein i Etiopia.

Ein solomn som faktisk er tilpassa matvanane og tilstanden i Etiopia, er det ifølgje studentane eit stort behov for. 85 prosent av befolkninga i landet manglar straum, og då ein i lange tider har nytta ved til fyring, er det berre tre prosent skog att i landet. Eit tal som er redusert frå 35 prosent i 2000.

– Ein har nærmast ikkje ved eller straum, men sol skortar det ikkje på, seier Haug Larsen. Saman med medstudenten Sebastian Vendrig reiser han ned til landet om ei veke for å kome i kontakt med kundar og samarbeidspartnarar, og samstundes sjå om det er mogeleg å produsere solomnen lokalt i Mekele, heimbyen til idéhavaren Asfafaw.

Levedyktig bedrift i Etiopia

Prosjektet fekk innvilga midlar frå det statlige norske investeringsfondet Norfund til forskinga på solomnen i 2007, og studentane har no fått stønad frå Spark NTNU i samarbeid med Trønder Energi for å kunne reise til Etiopia. Studentane har i tillegg eit tett samarbeid med NTNU Technology Transfer (TTO), og får hjelp til det dei måtte trenge frå dei.

– Då brukarar og potensielle kundar er i Etiopia, er det viktig for oss å reise dit for å møte dei, og samstundes oppleve kulturen og samfunnet. Vi ynskjer også å forsøke å få i gang ei levedyktig bedrift der, og vil samstundes sjå på moglege lokale produksjonsverkstadar, seier Haug Larsen.

Studentane har allereie vore i kontakt med den norske ambassaden i den etiopiske hovudstaden Addis Abeba samt Direktoratet for utviklingssamarbeid Norad og fleire andre organisasjonar som skal hjelpe studentane ved behov.

Ynskjer å utvide

Det var idéhavaren si tilknyting til Etiopia som er årsaka til at dei ynskjer å få produktet etablert her først. Studentane ser for seg at dei potensielle kundane er norske og internasjonale organisasjonar som arbeidar i landet, og andre institusjonar som skular, universitet, sjukehus, bakeri, restaurantar og hotell.

– På sikt vert det kanskje mogleg å gjere omnen tilgjengeleg også for privatpersonar, men slik det er nå, har dei begrensa med pengar, og dei vil heller ikkje vite korleis dei kan bruke den, seier Haug Larsen.

Saman med resten av studentgruppa frå Entreprenørskolen håpar han å kunne starte ei bedrift og jobbe med solomnen også etter studiane. I sommar vil dei ta ideen vidare og utvikle den under utvekslingsopphald universitetet i Boston i USA, der det er eit spesielt godt entreprenørskapsmiljø.

– Det vil vere heilt fantastisk om vårt produkt kan betre dagens situasjon for fleire i utviklingsland og at vi kanskje kan vere med på å skape arbeidsplassar lokalt, seier Haug Larsen.

Denne saken er først publisert på www.gemini.no , NTNUs forskningsmagasin på nett.

Powered by Labrador CMS