Samtidig er det ein svært omfattande dagsorden Haugen har tatt mål av seg å romme innafor ein tekst på 173 sider

Brei innføring i utvikling

Det kjem ut for få bøker om utvikling og bistand i Norge. Difor er det velkomme når ein professor ved ein av våre høgskular tar sikte på ein brei presentasjon av kva utvikling er, kva som hemmar og fremjar utvikling, og korleis det han kallar kampen om utviklinga går føre seg på åtte område. Det er område som må med i ein heilskapleg politikk for å sikre ein positiv utviklingsprosess.

Av Asbjørn Eidhammer Sist oppdatert: 05.04.2016

Dei åtte områda er kapital, teknologi, arbeid, institusjonar, land, naturressursar, kultur og menneskerettar. Etter ein introduksjon om kva utvikling er, følgjer eitt kapittel om kvart av områda. Haugen omtalar grunnleggjande omgrep og modellar, og spørjande og dels konkluderande.

For Haugen er det særleg tre ting som er viktige for at ein utviklingsprosess skal bli vellykka. Det er for det første gode institusjonar og mekanismar, for det andre sosial inkludering, ikkje minst av kvinner og ulike minoritetar, og for det tredje at menneskeleg utvikling skjer parallelt med forsvarleg bruk av ressursar. Samtidig er det grunnleggjande i hans tankegang at ingen utviklingsprosess kan skje utan sosial kamp.

Dekkanda innføring

Kvart kapittel fungerer som ei innføring i det temaet kapitlet omfattar. For studentar og andre interesserte i utviklingsspørsmål gir boka ei rask og rimeleg dekkande innføring i aktuelle tilnærmingar og problemstillingar. Det er nok av referansar og korte skisser av teoriar ein kan følgje opp i vidare lesnad.

Samtidig er det ein svært omfattande dagsorden Haugen har tatt mål av seg å romme innafor ein tekst på 173 sider. Det gjer at omtalen blir kortfatta, og han kunne gjerne tatt diskusjonen lengre enn det han får plass til. Lesaren er på veg inn i eit tema eller problemstilling, blir presentert kort for ulike argument, der forfattarens syn kjem fram, og så tar det slutt. Haugen legg ikkje skjul på eigne synspunkt og ståstad. Ei sterkare prioritering av tema og problemstillingar ville gitt høve til å gå djupare inn i tema og problemstillingar, og styrka argumentasjonen.  

Boka gir ei god oversikt over dei fleste aktuelle tema innafor utviklingsdebatten i dag. Eit forhold som er vanskeleg for mange, er å finne ei god inndeling av landa i verda i ein slik diskusjon. Haugen synest ikkje om å bruke omgrep som utviklingsland og industriland. Dels gir det negative assosiasjonar, dels stemmer ikkje omgrepa. Mange utviklingsland har meir industri enn mange industriland. Og det har han rett i. Difor brukar han heller land i nord (stort sett medlemmer av OECD) og land i sør, om land som ikkje er med i OECD. Problemet er at det i dag er like store skilnader innafor land i sør som det er mellom enkelte grupper i sør og i nord. Skal vi bruke landkategoriar i utviklingsdebatten, bør vi i det minste ha tre grupper, der låginntektslanda, dei aller fleste i Afrika, blir ein eigen kategori.

Kva som må til

Haugen legg vekt på å få fram kva som må til for å få til utvikling. Dei faktorane og kriteria han set opp blir teoretisk riktige. Men treff dei i den reelle situasjonen i dei fleste fattige land? Det gjeld ikkje minst i analysen av stat og institusjonar. I eit fattig afrikansk land er staten like mykje ein røvarstat som eit apparat til å tene borgarane av landet. Difor blir ei normativ framstilling av statens rolle, for eksempel i økonomisk utvikling, lett mindre relevant enn det erfaringane frå Asia, eller Europa for den del, skulle tilseie.

Forfattaren legg vekt på inkludering og omfordeling som sentrale element i utviklingsprosessen.  Det kan ein gjerne vere einig i. Men kva skal til for at det skal skje, korleis skal ein få aktørane til å trekkje i den retninga? Det er eit vanskelegare spørsmål. Haugen skildrar ein sosial kamp som går føre seg på mange område. Kva skal til for at den kampen skal føre til inkludering og omfordeling? I dag ser ein at dei som kjempar om makt nedafrå, lett finn seg til rette som makthavarar når dei får kjempa seg til ein bit av henne. Så er ein like langt. Den sosiale kampen som går føre seg i fattige land, er ikkje enkel verken å skildre eller analysere.

Tilpassa dei lokale forhold

Haugen har rett i mykje, til dømes at det ikkje er muleg å overføre erfaringar direkte frå eit land til eit anna. Han kunne gjerne sagt frå eit kontinent til eit anna. Utviklingsstrategien må vere tilpassa dei lokale forholda, slik han seier.  

Lokale forhold er viktig også for dei som arbeider med bistand, eit tema som boka eksplisitt ikkje tar opp. Då blir nemleg våre omgrep og førestillingar om kva som må oppfyllast for å få til utvikling ofte meir eit hinder for å finne fram til kva som kan påverke ei utvikling i rett retning, enn eit hjelpemiddel. For å lykkast må utviklingstiltak ta utgangspunkt i kva som er der, i kvart enkelt land og samfunn. Det er vanskelegare enn ein trur.

Denne problematiseringa skal ikkje ta frå boka at ho er nyttig både for å gi god oversikt over eit komplisert område og som ei oppslagsbok og innføring i sentrale tema i utviklingsdebatten.

 

Asbjørn Eidhammer var tidlegere ambassadør i Malawi og har ledet Norads evalueringsavdeling.

 

Bokanmeldelse

Kampen om utviklingen

  • Hans Morten Haugen
  • Kampen om utviklingen. Teorier, strategier og globale utfordringer
  • Cappelen Damm, 2016
Publisert: 04.04.2016 06.02.47 Sist oppdatert: 05.04.2016 05.40.44