Tre av romanar av den kenyanske forfattaren Ngugi wa Thiong’o er omsett til norsk.

Foto: UN Photo/Mark Garten

Bitande åtak på den politiske eliten i Kenya

I romanen «Petals of Blood» kom den kenyanske forfattaren Ngugi wa Thiong’o med eit bitande åtak på den nye politiske eliten som tok over styringa då Kenya vart uavhengig i 1963. Ngugi var kjend frå tidlegare bøker og var alt etablert som ein av det nye Afrikas fremste forfattarar då «Petals of Blood» kom ut i 1977. Men denne romanen var klart meir politisk enn dei første bøkene hans.

Av Asbjørn Eidhammer Sist oppdatert: 05.02.2020

Nå er «Petals of Blood» omsett til norsk med tittelen «Blodige kronblad», utgitt av Solum Bokvennen, som også har gitt ut to tidlegare romanar av Ngugi. Desse bøkene er ei gåve til publikum, ikkje berre til Afrika-interesserte, men også til andre som ønskjer å ta del i sentrale verk i verdslitteraturen utanfor Europa.

Romanen er særeigen på fleire måtar. I det ytre er det ein kriminalroman, men innhaldet har i seg Kenyas politiske, sosiale og økonomiske utvikling over to-tre tiår. Bakteppet er kolonitida og Mau-Mau-krigen (Kikuyu-folkets opprør mot det britiske kolonistyret i Kenya fra 1952 – 1956, red. anm.). Nåtida er Kenya på 1970-talet.

 

Fire karakterar, ein dødsbrann

I den vesle byen Ilmorog, langt frå det vibrerande livet i hovudstaden, blir tre av samfunnets kjende støtter, alle direktørar i det utanlandsk eigde bryggeriet i byen, funne døde. Dei brann inne i villaen til landsbyens mest kjende kvinne, som er blitt rik gjennom å bruke seg sjølv og hennar mange unge tilsette til å tilfredsstille mannlege behov.      

Politietterforskaren hentar inn til forhøyr personar som kan tenkjast å ha hatt noko med brannen å gjere. Ein av dei er bokas hovudperson, skulestyraren Godfrey Munira. Etter liten framgang i forhøyret ber etterforskaren Mundira om å skrive ned si forklaring. Og læraren skriv, i dag etter dag skriv han. Det er hans beretning som blir til ein roman på over 600 sider.

Boka er ei forteljing om Munira og tre venner – det vil seie dei skiftar i å vere venner og elskarar, og til tider fiendar – som møttest i Ilmorog ein gong på 1960-talet. Abdulla er frigjeringskjemparen som miste ein fot i krigen og vart internert av britane. Då han slapp ut som ein av dei siste var optimismen stor i det nye Kenya.

Han og dei andre såg fram til, som han seier, ein herleg slutt på ein lang kamp. Han såg fram til landreform og utdeling av jord, han venta på jobb. Men han venta og venta. Og ingenting skjedde. I det nye Kenya, måtte han innsjå, var ingenting gratis. Ingen slikkar ei tom hand. Til slutt kjøpte han seg eit esel og ei kjerre – han kunne jo ikkje gå – og drog ut. Han stoppa i Ilmorog, der han slo seg ned for å drive ein bar.

Munira blir ein av dei faste gjestene i Abdullas bar. Han tok aldri del i frigjeringskrigen. Han hadde valt å ikkje måtte velje. Det strir han med. Nå leita han etter eit trygt hjørne der han kunne gøyme seg bort og utrette noko – plante eit såkorn som ein kunne sjå blei til noko. Det førte han til Ilmorog som einaste lærar på ein skule ingen skulesjef brydde seg om.

 

Ein seljar og ei prostituert

Den unge Wanja kom til Ilmorog for å oppsøkje bestemora. Den gamle kvinna representerer best det gamle samfunnet i boka, og er den einaste som veit korleis ein kan lage drikken Theng’eta. Drikken er som ein draum, og dei som Gud ser med velvilje til kan oppleve å krysse tidas elv og bli i stand til å samtale med forfedrane sine.

Drikken inneheld safta frå ein liten bønneblom med blodraude kornblad – av det tittelen på boka – og spelar ei rolle i handlinga i boka. Wanja hadde klart å rømme frå ein brutal ektemann ho var gifta bort til, og hadde livnært seg som barjente og prostituert i storbyen.

Nå ville ho begynne på eit anna liv, og tok på seg å drive baren for Abdulla. Men med tida trekkjer ho ei anna slutning: Afrika i våre dagar kjenner berre ei lov, seier ho: Anten så sluker du, eller så blir du slukt. Og ho finn ein meir innbringande geskjeft.

Til slutt kjem Karaga, den søkjande og etter kvart opprørske unge mannen Munira ein gong hadde undervist på ein misjonsskule. Han er utdanna, han prøver å forstå, men innser at den utdanninga han fekk ikkje førebudde han på det livet han møter. Han lever som gateseljar, men drar til slutt til Ilmorog for å møte sin gamle lærar. Han blir den militante i historia, som fagforeningsledar på bryggeriet.

 

Ein politisk roman om elitens overtagelse

Forteljinga utfaldar seg i eit land og ein liten by i sterk endring. Vi får tilbakeblikk innimellom, kvar av dei fire har ei historie å fortelje. Men vi følgjer byen framover når den nye transafrikanske vegen vart bygd gjennom Ilmorog, og alt vart forandra. Det var ei endring som fortrengjer det gamle og varslar ein ny æra i våre liv, som ein av stamgjestene hos Abdulla sa.

Dei tre som brann inne representerte på kvar sin måte den nye overklassen. Dei var i byen for å hente husleiga frå arbeidarane som budde i skur selskapet deira eigde. Alle hadde dei på ulik vis gjort dei fire stor urett. Dermed hadde dei skapt motiv hos alle fire då politietterforskaren skulle leite etter gjerningspersonen.

Boka er ein politisk roman, ei rammande og satirisk skildring av det som skjedde i mange afrikanske land då nasjonale elitar overtok den undertrykkinga som koloniherrane utøvde før landa vart uavhengige.

Forfattaren sitt eige politiske standpunkt kjem også tydeleg fram, særleg i den siste delen av boka, der forteljinga og analysen har eit klart sosialistisk preg. Ngugi klarar på ein overtydande måte å skrive ein politisk roman på kunstnarleg vis.

 

Blei fengsla for eit anna verk

Boka vakte oppsikt også hos dei styrande i eittpartistaten. Når han like etter utgivinga vart oppsagt frå universitetet, arrestert og sat inne i eitt år utan lov og dom, var grunnen likevel eit teaterstykke han hadde skrive på lokalt språk, og som vart framført i landsbyane.

Å skrive på lokale språk, som vanlege folk kunne forstå, var farlegare for eliten. Det kan nok ha medverka til at Ngugi wa Thiong’o seinare helst skreiv sine bøker på lokalspråket kikhuyu først, for å nå ut, for så å gi dei ut på engelsk seinare.

Historia i boka flyt godt, men er ganske ukonvensjonell i strukturen. Sjølv om Munira er forteljaren, skifter eg-personen stadig undervegs. Det gjer at ein får innsikt i andre sine tankar, men kan av og til verke litt forvirrande.

Omsetjinga er gjort på eit heller konservativt bokmål som står godt til den litt gammaldagse engelske uttrykksmåten som ein ofte finn hos afrikanarar som gjekk på misjonsskule i kolonitida, slik som læraren Munira.

Av og til stussar eg ved fornorskinga av namnet på kenyanske institusjonar, men det er mindre viktig. Litt betre korrekturlesing her og der kunne gjort seg, men det går ikkje ut over leseopplevinga.

Først og fremst er boka framifrå litteratur og ei viktig, levande historisk skildring av overgangen frå kolonistyre til uavhengighet i mange afrikanske land. Mykje har endra seg i Kenya på 40-50 år. I 2017 hadde landet 30 millionar internettabonnement, og 12 millionar kenyanarar brukte WhatsApp.

Men talet på fattige har knapt gått ned dei siste åra. Og det spørsmålet Karega stiller er ikkje mindre aktuelt i mange afrikanske land i dag: Kven har det best, bonden i ein gudsforlatt landsby eller ein bybuar som er blitt forvist til skrothaugane dei kallar buplassar?

Bokanmeldelse

Blodige kronblad

  • Skrevet av Ngugi wa Thiong’o, oversatt av Reidulf Molvær
  • Blodige kronblad
  • Solum Bokvennen, 2019

Boka er ein politisk roman, ei rammande og satirisk skildring av det som skjedde i mange afrikanske land då nasjonale elitar overtok den undertrykkinga som koloniherrane utøvde før landa vart uavhengige.

Asbjørn Eidhammer
Publisert: 05.02.2020 13.51.07 Sist oppdatert: 05.02.2020 13.52.11