I boka «Ikkje gråt, barnet mitt» blir faren til hovedpersonen utskriven til den første verdskrigen, der kenyanske soldatar hadde ei tenesterolle som berarar. Då soldatane kom tilbake etter krigen, fann dei at jorda dei hadde i arv frå forfedrane var overtatt av kvite settlarar, skriver Asbjørn Eidhammer. Foto: Universal History Archive / Rex / NTB

Tre familiar og krigen mot kolonistyret

BOKANMELDELSE: Handlinga i boka «Ikkje gråt, barnet mitt» utspiller seg mellom tre familiar i heilt ulik situasjon som likevel blir knytte til kvarandre. Forteljinga blir blodig når krigen mellom den europeiske regjeringa og Mau-Mau-rørsla går mot sitt mest brutale, skriver Asbjørn Eidhammer.

Denne boka er den andre romanen som den kenyanske forfattaren Ngugi wa Thiong’o skreiv, og er nå utgitt i norsk utgåve av Solum Bokvennen. Handlinga går føre seg i Kenya etter Den andre verdskrigen, og følgjer Njoroge frå han begynner på skulen til han er ung vaksen.

Dette er 1950-talets Kenya, når det koloniale styret ennå ikkje har innsett at det står for fall. Det brutale Mau-Mau-opprøret er i gang og blir møtt med tilsvarande rå vald frå europearane. Slik sett kan ein sjå boka som den første av fleire historiske romanar, der den meir kjende Blodige Kronblad, frå tida etter at landet er blitt uavhengig, er den neste.

Njoroge veks opp i ein familie med ein eldre far, Ngotho, og er sonen til farens andre kone, Nyokabi. Faren hadde vore utskriven til den første verdskrigen, der kenyanske soldatar hadde ei tenesterolle som berarar. Då soldatane kom tilbake etter krigen, venta dei belønning for innsatsen. Men det dei fann, var at jorda dei hadde i arv frå forfedrane var overtatt av kvite settlarar (nybyggjarar, red. anm.). Ngotho fekk jobb hos som ein slags formann hos settlaren Howlands, som nå åtte jorda som Ngothos slekt hadde hatt. Howlands var ein av dei mange britiske soldatane som fekk tilbod om å busetje seg i koloniane etter den første verdskrigen.

Både Ngotho og Howlands miste ein son i den andre verdskrigen. I den krigen deltok også den eldre halvbroren til Njoroge, Boro. Då fekk dei afrikanske soldatane våpenopplæring og deltok i kampane. Jobbane sto ikkje og venta på desse soldatane då dei kom tilbake. Men dei hadde også fått med seg tilbake noko meir enn våpenopplæring, nemleg idear om kamp og frigjering. Og dei hadde berre hån til overs for foreldregenerasjonen, som hadde gitt frå seg jorda som høyrde til slektene deira.

Njorogo elska å gå på skulen, som ein av hans andre brør skaffa pengane til. Han tok inn over seg den kristendommen som misjonærane underviste i, og han vart kjær i dottera til ein rik kenyanar, Jacobo, som gjekk i kolonistane sitt ærend. På skulen gjorde han det så bra at han vart teken opp som elev på den vidaregåande skulen Siriana.

Så utviklar handlinga seg mellom tre familiar i heilt ulik situasjon som likevel blir knytte til kvarandre. Forteljinga blir blodig når krigen mellom den europeiske regjeringa og Mau-Mau-rørsla går mot sitt mest brutale, noko som går sterkt ut over dei tre familiane i ein slags lagnadsfellesskap.

Det slår meg kor viktige dei to verdskrigane var for det som skjedde i koloniane, både for afrikanarane og europearane. Då får ein også inntrykk av kor kort den for europearane ‘gyldne’ kolonitida eigentleg var, frå busetjinga tok av for alvor før den første verdskrigen og til ein kunne begynne å sjå slutten ikkje lenge etter den andre.

Thiong’o imponerer mest i skildringa av hovudpersonane, og klarer å få fram både nyansane og styrke og tvil på alle sider, men også i framstillinga av kvifor det kunne bli så rått som det vart, og kva som sto på spel. Uttrykksmåten hos barna kan somme gonger verke litt stiv eller veslevaksen, men han har også vare skildringar, som når Njoroge under ein fotballkamp møter sonen til Howlands og finn at dei begge slit i den situasjonen omstenda har sett dei.

Omsetjinga av boka er sikker og god. Det er ei kort bok, men Thiong’o får forklart faktorane bak krigen mot kolonistyret godt gjennom ei forteljing som fenger. Den vil vere fin lesnad for dei mange som er opptekne av historia til dei landa der Norge har vore til stades etter uavhengigheten, og ikkje minst for alle som er blitt fascinerte av Karen Blixens Out of Africa.

Bokanmeldelse

Ikkje gråt, barnet mitt

  • Ngugu wa Thiong’o
  • Solum Bokvennen, 2021

Det slår meg kor viktige dei to verdskrigane var for det som skjedde i koloniane, både for afrikanarane og europearane.

Asbjørn Eidhammer
Publisert: 14.06.2021 16.31.25 Sist oppdatert: 14.06.2021 16.31.25