Lant Pritchett er hard i kritikken mot konvensjonell bistandstenking. Foto: European Commission

Behov for tillitsreform i norsk bistand

MENINGER: Det er flott at Norad følgjer opp debatten om korleis utviklingssamarbeidet best kan gjerast – om kva som er dei beste strategiane. Slik at vi ikkje berre diskuterer kva formål bistanden skal brukast til.

Av Asbjørn Eidhammer Sist oppdatert: 08.05.2019

Lant Pritchett frå Oxford-universitetet, som vi fekk møte på Norad Policy Forum i mars, var mild i forma. Men innhaldet i kritikken hans mot konvensjonell bistandstenking var hard nok. På ein pedagogisk måte kunne han illustrere korleis ting vanlegvis ikkje er slik dei ser ut – for oss. Vår plantenking ut frå førehandsbestemte løysingar slår nesten alltid feil, seier han. Det som fungerer er prøving og feiling der ein utformar planane ut frå den spesifikke konteksten – eller samanhengen – ein er i.

I boka Building State Capacity, som han skreiv saman med Matt Andrews og Michael Woolcock, blir ikkje dei store framstega når det gjeld forhold som levealder og barnedød, skulebygg og utdanning av lærarar undervurderte. Men dette har vore den enkle delen av utvikling. For å fullføre utviklingsreisa, seier dei, må vi nå ta fatt på det som er vanskelegast, å få bygningar, lærarar og skulebøker til å sørgje for at det skjer verkeleg læring, å skape den evna som gjer ungdommen til fungerande deltakarar i det 21. hundreårets globale økonomi og skaper informerte borgarar som deltar i den nasjonale politiske debatten. Først då vil afrikanske land ha den kapasiteten og kompetansen som er nødvendig.

Nettopp utdanningssektoren illustrerer kanskje dette best. Innhaldet og kvaliteten i utdanninga er ikkje berre viktig, men avgjerande. Eit av dei landa i Afrika som har komme lengst i utdanning for alle er Sør-Afrika. Men 25 år etter at apartheid vart avskaffa seier den tidlegare presidenten i landet, Thabo Mbeki, i eit 1.mai-intervju at i Sør-Afrika har millionar av menneske ikkje den kunnskapen som den moderne økonomien treng. Det er landets største problem, meiner han. Slik står det til i Sør-Afrika, Afrikas mest utvikla land. I dei fleste afrikanske land er mangelen på menneskeleg kapasitet, på rett kompetanse, ikkje minst i dei store nye ungdomskulla, kanskje det største problemet.

 

Har kapasiteten blitt styrkt?

Pritchett legg fram statistikk som viser til at kapasiteten i fattige afrikanske land til å føre ein utviklingsretta politikk ikkje har blitt betre dei siste tiåra. Det er tilfelle trass i at mange givarar gjennom evalueringsrapportar kan vise til vellykka program for å styrke kapasitet og kompetanse i samarbeidsland. Situasjonen minner om det omtalte mikro-makroparadokset frå 1980 - og 1990-åra, då ein kunne konstatere at dei fleste enkelttiltak i utviklingsland var vellykka, utan at det førte til framgang på makroplanet. Løysinga den gongen var å gå frå enkeltprosjekt til å påverke styresett og økonomi på det nasjonale planet for å betre vilkåra for å skape utvikling.  Det lykkast berre så måteleg, fordi ein undervurderte kva som skulle til for å fremje godt styresett og ein sunn økonomisk politikk. I dag veit vi at vi må endre tidsperspektivet for utviklingssamarbeidet, frå femårige utviklingsplanar til å tenkje i generasjonar.

Eg har tru på at verknadene av institusjonssamarbeid og  kapasitetsbygging etter kvart vil vise seg å vere betre. I den norske evalueringa av støtte til kapasitetsutvikling frå desember 2015 var resultatet av studiane i land som Mosambik og Malawi i hovudsak positive. Det galdt blant anna institusjonssamarbeid for styring av olje og gassektoren og betre elektrisitetsforsyning i Mosambik og helse, landbruk og statistikk i Malawi. Det som først og fremst gjer meg noko meir optimistisk er at institusjonssamarbeidet på slike område har vore langvarig og, håpar eg, vil halde fram lenge ennå. Men det er langt frå tilfelle med all norsk langsiktig bistand. Tvert i mot har det vore eit mål å avslutta prosjekt, og i Norads nye retningslinjer for støtte gjennom sivilsamfunnet finn ein framleis kravet om å ha planar for utfasing alt frå starten av nye tiltak.

 

Problemorientert tilnærming

Pritchett og kollegaene hans lanserer eit alternativ til å ha løysingane klare på førehand, til å bruke best practice og detaljert planlegging. Metoden dei kallar Problem Driven Iterative Adaptation inneber  å identifisere problem og finne løysingar etter kvart som verksemda går framover. Det dei skisserer er ein deltakande prosess, der dei som er med  i kvar fase i prosessen set seg ned og summerer opp erfaringane og ut frå det stakar ut den beste vegen framover. Då vil ein både kunne sikre at ein frontar dei problema og utfordringane som finst i den verkelege verda, og også skape eit heilt anna eigarskap til metode og program.

Tilnærminga løyser ikkje alle problem, og må sikkert tilpassast lokale forhold. Det ligg jo i sjølve tankegangen. Særleg vil politiske maktforhold, nasjonalt og lokalt, kunne påverke negativt og øydeleggje for resultata. Dette er det ikkje tatt nok omsyn til i metoden. Likevel vil ein betre enn med  dagens praksis kunne byggje inn omsyn til maktforhold og den politiske økonomien.

 

Tillitsreform

Kva kan ein så gjere i det norske utviklingssamarbeidet for å tilpasse aktivitetane betre til behova og slik sørgje for ein sterkare varig verknad av bistanden? Eit problem er sjølvsagt at ein så stor del av norsk bistand i dag går gjennom globale og multilaterale organ og ordningar. Korleis kan ein fremje ein alternativ tankegang gjennom Verdsbanken og det akselererande talet på globale initiativ? Det er eit spørsmål det skulle vore interessant å høyre Pritchetts svar på, etter som han sjølv og dei andre forfattarane har erfaring frå nettopp Verdsbanken. Eg trur det er muleg å påverke det globale systemet, men det er eit langsiktig prosjekt.

I det bilaterale samarbeidet er det enklare. Og med ny politisk leiing og større vekt både på bilateralt samarbeid i låginntektsland og bistand gjennom det sivile samfunnet, ligg forholda betre til rette for å gjere endringar i måten utviklingssamarbeidet skjer på.

Det er behov for ei tillitsreform i norsk bistand. Det omfattande kontrollregimet som er bygd opp dei siste åra bør slankast. Ein bør gi norske organisasjonar og institusjonar større fridom og ansvar for å planlegge og kontrollere sitt eige engasjement. Det  bør innførast pragmatisme i årlege budsjett for å oppnå den nødvendige fleksibiliteten til å tilpasse aktivitetane til dei reelle problema ein møter. Det bør leggjast opp til rapportering og kontrollrutinar med resultatkrav og måleinstrument som står i stil med bistandens samansette mål, og som skaper tillit og fremjar sjølvstende og kreativitet i institusjonane.

Det treng ikkje svekke kontrollen. Det er fullt muleg å føre kontroll med og evaluere verknaden av utviklingssamarbeidet utan å ty til detaljerte målhierarki og omfattande rammeverk. Kontrollen og resultatrapporteringa kan gjerast mykje smartare. Djupdykk i utvalde og representative program og tiltak, inkludert følgjeevaluering, vil gi betre informasjon og skape eit rettare inntrykk av kor effektivt utviklingsarbeidet er og kva resultat det gir. Å få fram resultatet av all norsk bistand er likevel nyttelaust.

Meir effektive måtar å måle og evaluere på vil frigjere folka i felten til å bruke pragmatiske og innovative metodar og tilpasse innsatsen til dei realitetane og den dynamikken ein møter der programma blir sette ut i livet.

Å leggje om prosessane på denne måten og gjere bruk av nye metodar vil også styrke utviklingskompetansen i systemet. Denne kompetansen må kombinerast med dei ressursane vi har i Norads kunnskapsbank. Fagkunnskap må koplast til utviklingskunnskap. Utan utviklingskompetanse vil fagfolka mislykkast, og utan fagkunnskap vil utviklingskompetansen fort bli irrelevant i ei verd som både endrar seg i akselererande fart og på somme område synest å bli verande den same.

 

 

Mening

Publisert: 08.05.2019 09.02.32 Sist oppdatert: 08.05.2019 09.02.32