Mykje har endra seg. Bilkøar og rikdomen i middelklassen pregar storbyen Dar es Salaam, skriv artikkelforfattaren. Foto: Gunnar Zachrisen / Bistandsaktuelt

Eks-bistandsarbeidar i Tanzania: Eit land i stor endring

MEININGAR: I dag er Tanzania eit av dei mest spennande landa i eit Afrika i rask endring. Frå slutten av 1980-åra og fram til i dag har landet vore gjennom ein økonomisk og politisk hestekur, skriv eks-bistandsarbeidaren Jon Naustdalslid. Han har nyleg vore tilbake i landet dit han dro fyrste gong i 1985.

Av Jon Naustdalslid Sist oppdatert: 02.10.2019

For ei tid sidan var eg tilbake i Tanzania. Fra skuggen under tamarind-treet på strand-hotellet mitt litt nord for Dar es Salaam var det ved første augnekast ikkje så mykje som skilde seg fra mitt første møte med Afrika og Tanzania for snart 35 år sidan. Norad hadde dengang sendt meg som u-hjelp for å hjelpe til med å utvikle undervisning og forsking ved ein høgskule for økonomi og administrasjon, Institute of Development Management.

Dette er høgskulen som seinare har blitt til Mzumbe University. Bedriftsøkonomisk Institutt (BI) hadde det faglege ansvaret, og den fargerike grunnleggaren av BI, Gerson Kommisar, hadde tatt på seg ansvaret for å introdusere meg til Afrika og Tanzania.

 

Første møte: 1985

Mitt første møte med Tanzania i 1985 var eit liknande strandhotell – Oyster Bay Hotel – litt lenger ned langs kysten. Temperaturen og monsunen var den same som nå under tamarind-treet. Men forskjellen var likevel dramatisk. Forsøket på å bestille lunsj fra den nokså lovande menyen på Oyster Bay Hotel, viste seg å bli ei utmaning. Det eine forsøket etter det andre på å peike i menyen resulterte i same svaret: ”Hamna. Don´t have. Labda kesho”.

Norad-kurset i grunnleggande swahili hadde vore framsynt nok til å lære oss at hamna betyr finst ikkje og labda kesho betyr kanskje i morgon. Dette var uttrykk som vi kom til å få mykje bruk for! Til slutt enda vi som regel opp med kuku na wali (kylling og ris), det einaste som ofte fanst på menyen.

Når eg nå ser meg omkring fra skuggen under tamarind-treet, er det likevel svært mykje som er annleis. Hotellet mitt er rett nok ikkje av dei mest luksuriøse, og det finst restaurantar med meir imponerande meny og betre mat, men vi får det vi bestiller (med tid og stunder). Her er eit strandhotell som i helga er fullt av tanzanianske gjester fra ein rimeleg velståande middelklasse. Det er tydeleg eit feriehotell for barnefamiliar. Her er det få kvite å sjå.

 

Gjestane er tanzanianarar!

Går vi tilbake til 1985, da eg sat på Oyster Bay Hotel og vart introdusert til alle Tanzanias problem av Gerson Kommisar, fanst ikkje denne typen hotell. På dei få strandhotella på kysten nord for Dar es Salaam såg du sjeldan tanzanianarar anna enn som personale. Hotella var fylte opp av kvite europearar og amerikanarar (wazungu) som utgjorde den store hæren av internasjonale hjelpearbeidarar.

Vi hadde eigne importerte og avgiftsfrie bilar med eigne TX nummerskilt, vi hadde frakta med oss containarar med det meste av det vi rekna med å få bruk for under den toårige kontrakten med Norad, og vi hadde rundelege økonomiske ”utetillegg” på toppen av løna som skulle gjere livet lettare for oss i eit land der det nesten ikkje fanst varer å få kjøpt, men der vi kunne fylle opp dei få strandhotella og betale prisar som nesten ingen tanzanianarar kunne sjå seg råd til.

Kontrasten mellom Tanzania i 1985 og Tanzania i dag er dramatisk. I dag har Tanzania ein av dei raskast veksande økonomiane i verda, med ein årleg vekst i BNP på rundt 7 prosent.

I 1985 kom vi til eit land i total krise og på randa av samanbrot. Landet mangla alt. Butikkane var tomme for varer. Forhandla du lenge nok med butikkeigaren, kunne det hende at han fann fram ein pakke vaskepulver eller ei tube tannkrem fra bakrommet, men til eventyrlege prisar. Eit av våre første sjokk fekk vi da vi oppdaga at vi hadde forsømt å ta med oss vaskepulver i reisebagasjen, og mor i huset la ut for å handle. Etter ein rundtur til tomme butikkar og mykje forhandlingar, fekk ho til slutt lokka fram ein liten pakke vaskepulver fra bakrommet i ein butikk. Prisen, omrekna til norske kroner som samvitsfullt var veksla om til shilling etter kvit vekslingskurs, var 450 kroner.

 

Ideane til Julius Nyerere

Hendinga er illustrerande. I den mon det fanst vanlege forbruksvarer å få kjøpt, var dei gjerne smugla inn og omsette på den svarte marknaden. Eller dei  hadde funne vegen til den svarte marknaden via det vesle som fanst av lovleg import. Det same skjedde med mykje av eksporten. Skilnaden på kvit og svart vekslingskurs var ca. 800 prosent.

I 1985 var økonomien køyrd så dramatisk i grøfta at det nesten ikkje fanst utanlandsk valuta å importere varer for. Det er berekna at midt på 1980-talet var den svarte parallelle økonomien minst like stor som den offisielle.

Korleis kunne det gå slik? For meg, som for mange andre i min generasjon, var Tanzania føregangslandet i frigjeringa fra koloniveldet i Afrika i 60- og 70-åra. Da Tanganyika fekk sjølvstende i 1962, var det optimismen og framtidstrua som rådde. I 1964 , etter unionen med Zanzibar, blei det Tanzania.

Meir enn nokon anna afrikansk leiar stod Tanzanias første president, Julius Nyerere, fram som eit lysande personleg føredøme. Han blei kalla ”Mwalimu” – læraren – som skulle lære folket sitt den rette vegen frå utbytta koloni til sjølvstendig og sjølvhjelpt nasjon. Det som framfor noko fengde oss som var unge og idealistiske, var idealet om likskap, og at utviklinga skulle skje nedafrå, fra landsbygda. Demokratiet skulle involvere alle i ein felles innsats for utvikling basert på samarbeid og likeverd.

 

"Springe der andre kunne gå"

Men det måtte gå raskt. ”Tanzania måtte springe der andre kunne gå”, sa Nyerere. Difor var det ikkje rom for konkurrerande og splittande politikk. Politikken skulle bygge på konsensus. Difor var det heller ikkje plass for konkurrerande parti. Demokratiet skulle utviklast innafor  det eine partiet, det som etter kvart blei  CCM (Chama cha Mapinduzi – Revolusjonspartiet). Det var politikken, ikkje marknaden, som skulle styre utviklinga og skape likskap og rask utvikling. Arusha-erklæringa i 1967 formulerte prinsippa for ”den afrikanske sosialismen”. Staten nasjonaliserte alle viktige samfunnsinstitusjonar, bankar, industri og varedistribusjon. Import og eksport skulle  under statleg kontroll. Landsbygda skulle utviklast gjennom Tanzanias eiga form for kollektivlandbruk, ujamaa-landsbyar (”fellesskaps-landsbyar”), der småbøndene skulle samlast og drive jorda i fellesskap og legge grunnlag for eit meir effektivt og rasjonelt landbruk og velferd for alle.

Politikken gjekk godt heim hos det internasjonale bistandsapparatet. ”Det lyder som musikk i våre øyro”, skal det ha blitt sagt på høgt hald i  det norske bistandssystemet da Nyerere presenterte tankane fra Arusha-erklæringa og ”den afrikanske sosialismen” på ein rundtur til dei nordiske landa i 1967. Og bistandspengane strøymde inn.

 

Strategien som kollapsa

Det å komme som bistandsarbeidar til Tanzania i 1985 og oppleve resultata av denne politikken på nært hald var sjokkerande.  Sjølv om den offisielle fortellinga i Tanzania la stor vekt på ytre forklaringar på krisa, krigen mot Idi Amin, tørke og uår i landbruket og motstand fra Det internasjonale pengefondet (IMF), var det uråd ikkje å sjå at det var sjølve utviklingsstrategien som hadde slått grunnleggande feil. Strategien for å utvikle eigen nasjonal daglegvare- og kapitalvare-industri hadde kollapsa totalt. Politikken som skulle gjere alle like, enda som hos George Orwell med at nokre ”blei meir like enn andre”. Dei statlege bedriftene blei offentlege utgiftspostar heller enn inntektskjelder.

Den einaste sektoren som voks år for år, var det statlege byråkratiet som skulle  passe på og kontrollere samfunnet. Småbøndene hadde ikkje likt tanken om å flytte saman i ujamaa-landbyar. Dermed måtte dei tvingast, til dels med militærmakt. I staden for at landbruket skulle moderniserast og skape overskot for eksport, kollapsa det langt på veg, og etter kvart måtte Tanzania importere mat for å overleve heller enn å eksportere av eit overskot for å skape utvikling. I den grad landet i det heile tatt heldt seg flytande, var det på grunn av velvillige (men etter kvart kritiske) donorar, og der Norge og dei andre nordiske landa  stod i første rekke og heldt ut som dei mest tålmodige.

Midt på 1980-talet var Tanzania så nedtyngd av gjeld og så avhengig av sine meir eller mindre velvillige donorar, at landet ikkje hadde noko val: Vilkåret for fortsatt bistand og utanlandsk valuta var at den toppstyrde planøkonomien vart mjuka opp.

I 1985 valde Nyerere, Baba ya Taifa (nasjonens far), å ”stige til side” og opne for ein meir reformvennleg president, Ali Hassan Mwinyi. Kravet fra donorane, men også fra ein etter kvart veksande nasjonal opposisjon, var liberalisering av økonomien, gradvis avskaffing av dei statlege monopola og opning av økonomien med devaluering av den tanzanianske shillingen ned mot ein flytande marknadskurs. Parallelt med dette skjedde det også ei politisk liberalisering. Eittpartistyret vart avvikla (med Nyereres velsigning) og det blei opna for  fleire parti og frie val i 1992.

 

Ein skog av høghus i glas og betong

Når eg motvillig forlét skuggen under tamarind-treet og set meg i drosja inn til Dar es Salaam, blir eg ganske raskt møtt av dagens økonomiske vekst i form av ei tilsynelatande stilleståande bilkø. Det Dar es Salaam som møter meg, er i bokstaveleg forstand i ferd med å ”vekse inn i himmelen” i form av ein skog av høghus i glas og betong. Nede på gateplan, derimot, er det mindre som har endra seg. Her er det hærskaren av gateseljarar og tiggarar i skuggen av høghusa som dominerer gatebildet. Utfordringane for dette landet, trass i – og på grunn av – den økonomiske veksten er enorme.

I dag er likevel Tanzania eit av dei mest spennande landa i eit Afrika i rask endring. Fra slutten av 1980-åra og fram til i dag har landet vore gjennom ein økonomisk og politisk hestekur. Det har på ingen måte vore smertefritt, og den økonomiske veksten har langt fra komme alle til gode. Fattigdommen er stor og skrikande både i byane og på landsbygda, samtidig som liberaliseringa av økonomien har gjort enkelte uhorveleg rike.

 

Langt fra perfekt

Demokratiet er langt fra perfekt. Korrupsjonen er eit stort problem. Likevel – trass i slike og mange andre innvendingar –Tanzania har gjennom fredelege politiske og økonomiske reformer løfta seg fra total krise på randa til sosialt opprør til eit av landa i verda med raskast økonomisk vekst. På eit kontinent der nyhetsbildet er prega av statskupp, borgarkrigar, folkemord, militærstyre, terror og religiøse konfliktar, har overgangen fra autoritær eittpartistat til veksande marknadsøkonomi og (i alle fall nominelt) fleirpartidemokrati skjedd  relativt mjukt og smertefritt. CCM har rett nok vunne alle vala fram til nå, og det er god grunn til å spørje om vala alltid har oppfylt krav tid reelle demokratiske val. Det skal likevel leitast lenge etter andre land i Afrika som gjennom fredelege konstitusjonelle reformer, utan statskupp, borgarkrig eller blodige folkelege opprør,  har avvikla eittpartistaten og opna opp for fleirparti-demokrati.

Spør du folk på gata i Tanzania i dag, møter du mykje optimisme og framtidstru. Andre – og kanskje først og fremst intellektuelle og grupper i den veksande middelklassen – er langt meir skeptiske og peikar på politisk maktmisbruk, menneskerettsproblem og snevre grenser for pressefridomen.

Dagens president, John Magufuli, syner klare teikn på å ville ta styret i ei meir autoritær retning. Menneskerettsaktørar blir utviste fra landet, homofile blir forfølgde, regimekritiske aviser blir stengde og det finst døme på attentat mot journalistar og opposisjonspolitikarar.

Den nære framtida vil vise om det er optimistane eller pessimistane som vil få mest rett.

 

Les også: 

Historie-stafetten: Bistandsarbeiderne egne historier fra livet "i felt"

Mening

Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 02.10.2019 16.36.45 Sist oppdatert: 02.10.2019 16.36.45