Copyright © fotograf

Samarbeidet mellom Nkhotakota Youth Organisation i Malawi og Flora videregående skole startet i 2012 med gjensidig utveksling av lærere innen yrkesfag og entreprenørskap. Det førte etterhvert til opprettelsen av en solenergibedrift. Arkivfoto: Ken Opprann

 

Har vi ein «skamfull og uverdig» måte å drive bistand på?

MENINGER: Då eg var liten hadde vi alltid nokre gåver utan namn liggande i kjellaren før jul. Det var pyntegjenstandar, bøker eller snop vi hadde kjøpt og pakka inn, i tilfelle det kom nokon innom med ei gåve vi ikkje var budd på. Tanken på å plutseleg skulle få ei gåve i hendene, og ikkje kunne sei «takk, vent litt, så skal eg hente di», var rett og slett for ubehageleg.

Av Jan Olav Baarøy Sist oppdatert: 19.11.2019

Denne skamma er forska på. Eller, rettare sagt har den franske sosiologen Marcel Mauss vist at der ting og tenester vert gitt frå ein person, eit folk eller ein institusjon til ein annan, må dette bli gjengjeldt. Elles vil mottakaren sitje att i ein skamfull og uverdig posisjon.

I teksten «Gaven» skriv Mauss at gåveutveksling består av tre element:

  • Plikta til å gi.
  • Plikta til å ta i mot.
  • Plikta til å gi tilbake.

Når alle tre delane er oppfylt er den gjensidige respekten stadfesta, og tillit kan oppstå.

 

Ein likeverdig gåve?

Vi skriv straks desember, og gåver er langt framme i pannelappen hos dei fleste. Også neste år planlegg Norge å gi nesten 40 milliardar i bistand. Er dette ei gåve? Bistand er ting eller tenester gitt frå ein part til ein annan. Og den kan bli sett på som pliktbasert, då det er ein tverrpolitisk vedtak om at 1 prosent av BNI skal brukast.

På kva måte, om nokon i det heile, har bistanden vi har gitt blitt gjengjeldt med ein likeverdig gåve frå mottakarane av norsk bistand? Eller har vi sett folk og land i ein skamfull og uverdig posisjon? Og kva skjer da – om mottakar ikkje får gjengjelde bistanden?

For oss i Norec er det enkelt å snakke om gjensidigheit, resiprositet og gjenyting. Det er sjølve limet og hjernen i vår type bistand. I Norecs modell er ei gåve frå ein partnar (ein tilsett med kompetanse A) gjennytt med ein gåve frå mottakar (ein tilsett med kompetanse B). Og slik går utvekslinga år etter år, mellom to eller fleire partnarar.

Følger vi Mauss vil ingen her sitje att skamfull eller i ein uverdig posisjon. Men, Norec som bistandsforvaltar, gir mottakaren midlar til utvekslingsprogrammet. Sjølv om vi gir tilskot til at andre skal gjennomføre gjensidig utveksling, gir vi dei ikkje moglegheit til gjenyting til oss. Her er vi fanga i min eigen bistandskritikk.

 

Korleis kan Angola gjenyte norsk bistand?

Korleis står det til med resten av norsk bistandsforvaltning? Korleis kan Angola, Nepal eller Tanzania gjenyte norsk bistand? Eller kan bistand slik vi kjenner den bli gjengjeldt, og på den måten ikkje vere ein gåve som set mottakar i ein skamfull og uverdig posisjon?

Djupast sett har bistand som gåve mennesket i fokus. Ingen ting kan bli skamfulle, og ikkje nok landområde kan setjast i ein uverdig posisjon. Det er det berre menneska som kan, nasjonen som lever i landet. Ved å sette menneska i fokus kan vi dreie analysen over frå bistand til det vi dei siste 15 åra har kalla «utvikling». Sjølve resultatet, håpar vi, av bistand.

Strengt tatt kan vi seie at bistand teknisk kan vert gitt utan gjensidigheit. Ei vare, teneste eller pengar kan bli dumpa i eit land. Det er ikkje mogeleg når vi snakkar om utvikling. I kjernen av utvikling står folket i landet, som skal nyttiggjere seg av bistanden og syte for at staten skapar utvikling for borgarane.

Eg påstår at utvikling skjer der givar og mottakar saman definerer mål og seier noko om og til kvarandre. Utvikling i verda anno 2019 skjer over alt, i alle land. Korleis vi handlar i Norge verkar inn på levervilkåra til menneske i andre land.

 

Utan gjensidigheit

Kvifor har så gjensidigheit ikkje vore presentert og implementert i gåvebistand til no? Her er det tre hovudtrekk, slik eg ser det:

  1. Altruisten: Gåvebistand har sitt opphav i vår del av verda. Her har folk klart seg sjølv med god tilgang til naturressursar og lågt konfliktnivå. Misjonærar, fagforeiningar, frivillige organisasjonar og staten – alle såg at dette kanskje var ein måte å bøte på uretten frå kolonitida. Og sjølvsagt korkje kunne eller skulle gåva som vart sendt frå nord til sør gjengjeldast!
  2. Anden: Mauss skriv i «Gaven» om anden i gåva. Når ein gir vekk noko, så tilfører ein ein liten bit av seg sjølv til den andre. Mottakaren må gjenglede gesten for at givaren ikkje skal behalde ein slags makt over vedkomande. Mottakar kan gi gåva ei større meining enn tingen eller tenesta i seg sjølv – så uendeleg mykje meir enn det vi trur.
  3. Byråkraten: Den tredje er oss, byråkratane, som lev godt i eit fredeleg hjørne av verda. Vi treng sjeldan stille oss spørsmålet: «Kva kan vi lære av andre?». Men det bør vi. For å møte framtida må vi no ta sats for å lære frå andre folk i andre land. Om sjukdomar, migrasjonsproblematikk og utviklinga av kunstig intelligens og så mykje, mykje meir.

 

Krav til samarbeidspartnere

Så: Kvifor må gjensidigheit inn i utviklingsarbeidet? Og kvifor set Norec det som eit krav til dei prosjekta og samarbeidspartere som søker oss om tilskot?

  1. Det er mottakaren si plikt til å gi tilbake når ein tek imot ei gåve. Den plikta ligg så fundamentalt i den menneskelege sosiale konstruksjonen at om den plikta ikkje vert realisert, sit mottakar att med ein skamfull og uverdig posisjon. Det er her dei namnlause gåvene frå kjellaren var så takknemlege å hente opp.
  2. Givar kan lære av å ta imot ny innsikt frå mottakar. Her er det sjølvsagt ulik grad av relevans og nytte for mottakar. Akkurat slik det nok er og har vore ulike grad av relevans og nytte med 60 år med norsk bistand. Men læring i seg sjølv er ein føresetnad for å kome vidare, og vidare skal vi.
  3. Mottakar av norsk bistand kan få kome hit, til Norge, arbeide, leve og lære – og så reise tilbake til sitt land, sin arbeidsplass med ny innsikt og kunnskap. For det er menneske med ny innsikt, nye relasjonar og relevant kunnskap som reiser tilbake og bygger institusjonar. Gjensidigheit må inn i utviklingsarbeidet for det er den beste måten å dele kunnskap på: Tatt opp og lært av dei som skal bruke den der dei bur.

Lukke til med gåvene!

Mening

Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 19.11.2019 09.35.04 Sist oppdatert: 19.11.2019 09.35.04