Studenter fra latinamerikanske land på et internasjonalt kurs i Nicaragua i 2016. Kurset var finansiert av NORHED-programmet. Foto: Carlos Flores

Urfolksbistand: «Kva slags land skal me satse på?» 

MENINGER: Urfolksbistand passar ofte dårleg til land- og stat-tankegang, meiner professor Roy Krøvel. Han åtvarer om at Norad og satsinga på høgare utdanning ikkje må verte fanga i «færre land-diskusjonar»: «Kva slags land skal me satse på?».

Av Roy Krøvel Sist oppdatert: 04.10.2019

Noreg hadde for ikkje så lenge sidan ein fungerande strategi for arbeidet med og for urfolk. I dag ser me framleis stundom urfolk nemnt i evalueringar og offisielle dokument, men helst underordna i samband med andre spørsmål, som regnskog og klima.

Om ein ikkje visste betre, kunne ein kome i skade for å tru at Noreg i dag er for urfolk, men berre fordi me ynskjer at urfolk skal hjelpe til med å redde regnskogen.

Men skal verda lukkast med å nå berekraftmåla, må ein tenkje heilt annleis, for urfolk er ein nøkkel i kampen mot fattigdom hjå den store delen av dei økonomisk fattige som ikkje bur i såkalla «fattige land». Dessutan er urfolk avgjerande dersom biologisk mangfald, regnskog og klimakamp skal lukkast.  

 

Samarbeid mellom statar 

Norad arbeider for tida med planane for neste runde av NORHED, som er eit kapasitetsbyggjingsprogram innafor høgare utdanning og forskning. (På engelsk: The Norwegian Programme for Capacity Development in Higher Education and Research for Development). 

NORHED er det mest lovande programmet i Norad, fordi lokale institusjonar er naudsynte for å skape utdanning med kvalitet på alle nivå.

Men Norad må følgje instruksjonar frå regjeringa om å konsentrere innsatsen på færre land.  Dersom ein trur at den norske, statlege administrasjonen er avgjerande for kvaliteten i prosjekta, kan det gi meining å konsentrere. Det er heller ikkje noko overraskande i at statlege organ tenkjer i boksar og konsept der andre statar spelar ei avgjerande rolle i tankerekkja for å oppnå kvalitet.

Men dersom ein i staden tenkjer på dei historiske erfaringane til urfolk, som samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland, vil ein sjå at statar og grenser spelar ei heilt anna rolle.

For urfolk generelt er statar flest ein del av problemet, og det er langt igjen før dei blir ein del av løysinga. Og grensene mellom statar skader og øydelegg naturleg samarbeid og utveksling mellom medlemmer av same folk eller nasjon. Urfolk har som oftast lukkast best i politisk strid for språk, utdanning og naturvern når dei har arbeidd saman regionalt og globalt.  

 

Regionale prosjekt 

Difor må statsråd Dag-Inge Ulstein straks sørge for at Norad og NORHED ikkje vert fanga i «færre land-diskusjonar». «Kva slags land skal me satse på?».

NORHED må heller få lov til å sette av ein stor del av ressursane til prosjekt retta direkte til urfolk (og andre tilsvarande minoritetar) der dynamikken svarar til røyndomen urfolk lever i. Då må prosjekta vere både regionale og globale, og ikkje avgrensast av lister over land norske prosjekt helst bør samarbeide med.   

Mening

Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 04.10.2019 12.46.12 Sist oppdatert: 04.10.2019 12.46.11