Stridens kjerne er Al-Fasheqa-triangelet, eit grøderikt jordbruksland som strekkjer seg frå grensa til Eritrea i nord og sørover langs grenselinja mellom Sudan og Etiopia, med delstatane Tigray og Amhara på etiopisk side og Kassala, Gedaref og Sennar på sudansk side. Kart: Tim Harding

Endå ein krig på Afrikas Horn? Den gamle grensestriden mellom Sudan og Etiopia er brennheit igjen

KRONIKK: Både Etiopia og Sudan er i sårbare overgangssituasjonar etter maktskifte i dei to landa i 2018. Etiopia er i tillegg i krig med den tidlegare makthavaren TPLF i nordlege Etiopia. Samstundes skjer det væpna trefningar på grensa mellom dei to landa, og det vert spekulert i om ein fullskala krig mellom Etiopia og Sudan er under utvikling.

Det kan framstå som nokså uforståeleg at dette skjer når begge landa har meir enn nok av utfordringar å løyse internt. Men det er nettopp desse interne problema som kan forklare kvifor det skjer ein eskalering akkurat no.

Stridens kjerne er Al-Fasheqa-triangelet, eit grøderikt jordbruksland som strekkjer seg frå grensa til Eritrea i nord og sørover langs grenselinja mellom Sudan og Etiopia, med delstatane Tigray og Amhara på etiopisk side og Kassala, Gedaref og Sennar på sudansk side. Plassert mellom tre elver (Atbara, Angareb og Setit) er dette triangelet svært attraktivt for kommersielle jordbruksaktørar og som beiteområde for store husdyrflokkar frå begge sider av grensa.

I november 2020, like etter at etiopiske styrker hadde gått inn i Tigray, tok sudanske forsvarsstyrker kontroll på land i Al-Fasheqa som vart dyrka av etiopiske bønder og beskytta av milits frå Amhara. Etter kampar mellom sudanske styrker og Amhara-milits hevdar Sudan no å ha kontroll på store deler av triangelet. Det er imidlertid rapportert om kampar lengre sør langs grensa, og det er observert eritreiske styrker, som kjempar side om side med Abiy Ahmed i Tigray, så langt sør som Basunda i sørlege Gedaref i mars 2021. Dette inneber både ein geografisk utviding og eskalering av konflikten, og gjer det endå meir naudsynt å få til ein forpliktande forhandlingsprosess.

 

Tilbake til kolonitida

Striden om grensa mellom Etiopia og Sudan er ikkje ny, men strekkjer seg heilt tilbake til kolonitida, då Sudan var under britisk kontroll. Sidan det første forsøket på britisk grensedraging i 1902 har dei to landa vore usamde om kor grensa skal gå. Men dette har som oftast gått greitt, ettersom begge landa har praktisert ein mjuk grensekontroll i dei lokale områda. Lokale grupper som kan ha interesse av å ta kontroll over nytt land har som oftast vorte halde i sjakk av dei nasjonale myndighetene. Men i periodar med konflikt mellom dei etiopiske og sudanske regima, slik som på 60- og 70-talet, har lokale grupper kunne ta seg til rette, og konfliktnivået i grenseområda har auka.

Sidan maktskifta i 2018 har forholdet mellom dei to landa vore uavklart. Den etiopiske bygginga av renessansedammen på Nilen, som først hadde sudansk støtte, er no møtt med uttalt motstand frå Sudan og er ei viktig kjelde til spenning mellom nabolanda. Men det som skil situasjonen no frå tidlegare er at begge overgangsregima er avhengige av støtte frå krefter som har interesser i dei lokale grenseområda, og at desse kreftene dermed er i posisjon til å presse nasjonale myndigheter til føre ein meir offensiv politikk i grensespørsmåla. Eit forsøk på konfliktløysing må difor ikkje berre adressere forholdet mellom dei to regima og statsleiarane på nasjonalt plan, men også anerkjenne motstridande interne interesser i dei to landa. 

Det omstridde området Al-Fasheqa har vore under varierande statskontroll dei siste hundre åra, og investorar, bønder og pastoralistar her har vore under både etiopisk og sudansk myndigheit sidan dei moderne statane vart etablerte på slutten av 1800-talet. Landeigar-elitar og bønder frå Amhara-delstaten støtta av Amhara-milits har vore sentrale i okkupering av nytt land i Al-Fasheqa, medan kommersielle interesser knytta til det militære maktapparatet under og etter ekspresident Bashir har vore viktige aktørar på sudansk side.

 

Avhengig av støtte frå amharaene

Maktskifta i Khartoum og Addis Ababa i 2018 har hatt direkte påverknad på situasjonen i Al-Fasheqa. Abiy Ahmed, som tok over EPRDF takka vere ein allianse mellom oromo- og amhara-partia i koalisjonen, har gjennom dei tre åra ved makta vorte stadig meir avhengig av støtte frå amharaene. Amhara-milits og regionale styrker har mellom anna vore avgjerande i kampane mot TPLF i Tigray. Ahmed er på mange måtar tvungen til å høyre på innspel og ynskjer frå amhara-grupperingar, også dei som pressar på for etiopisk kontroll av Al-Fasheqa. I Sudan har den sivile regjeringa leia av statsminister Hamdok utfordringar med å kontrollere det militære apparatet, som også bygde opp eit økonomisk imperium under Bashir. Den militære leiaren Burhan var raskt på bakken i Al-Fasheqa etter at konflikten braut ut i grenseområda i november 2020. Det er sannsynleg at Burhan har interesse av å mobilisere mot Etiopia både for å utvide handlingsrommet for dei væpna styrkene i Sudan, men også for å forsvare hæren sine økonomiske interesser i området.

I ordvekslinga mellom regima etter trefningane frå november 2020 er det tolkinga av dei gamle koloniavtalene og forhandlingsprosessar på 70-talet mellom keisar Haile Selassie og president Nimeri som framleis vert diskutert. Sudan hevdar at Haile Selassie godtok den britiske 1902-grenselinja i 1972, og at det er dette som no gjeld. Etiopia på si side seier at keisaren godtok 1902-linja som utgangspunkt for ei ny grensedraging, som dei to landa måtte reforhandle om. Sudan peiker også på at Etiopia under TPLF gjorde ei rekkje avtaler med eks-president Bashir, som langt på veg godtok sudansk kontroll over Al-Fasheqa, og at land faktisk vart teken frå amharaer og gjeve til sudanske innbyggjarar i området rundt 2008. Men desse avtalene vart ikkje ratifiserte og offentleggjorde, og har vorte kritiserte for hemmeleghald frå opposisjonen i begge landa. Etiopia er derfor svært lite villige til å diskutere det som skjedde mellom TPLF og Bashir, og ser på dette som illegitime prosessar mellom to udemokratiske leiarar.

 

Ustabilitet

Kva er det sannsynlege neste steg i denne grensestrida, som no har utvikla seg frå å vere sovande og handterbar til brennbar og tilsynelatande uløyseleg? Er ein konvensjonell krig under utvikling?

Om ein ser på historia, så har tidlegare brennbare situasjonar slokna hen, og det som såg ut som uunngåeleg opptrapping har vorte handtert. Håpet er at historia skal gjenta seg også denne gongen. Gjentekne alvorlege samanstøt mellom sudansk politi og hærstyrker og amharisk milits på 60- og 70-talet til dømes leidde ikkje til krig, men til ei minneleg løysing. Begge landa forplikta seg til å akseptere status quo fram til ei endeleg semje, og til å akseptere ein mjuk grenseadministrasjon der folk kunne dyrke land og drive handel på begge sider av grensa. Dette vart også løysinga på forhandlingar mellom TPLF og Bashir på 2000-talet.

Det som gjer ei slik løysing mindre sannsynleg i dag er at begge landa er historisk ustabile, og regima er for svake til å halde krefter som har interesser i Al-Fasheqa og andre grenseområder i sjakk. Ustabiliten i Etiopia gjer det spesielt vanskeleg å spå kva Abiy Ahmeds neste steg vil vere. Krigen i Tigray viser at han er villig til å ta til våpen. Men påkjenningane denne krigen medfører kan gjere han mindre villig til å gå til krig mot Sudan. I ein tale til det etiopiske parlamentet i mars 2021 bekrefta han at det ikkje var i Etiopias interesse å gå til krig mot Sudan. Men Ahmed er samstundes under sterkt press frå delstatsregjeringa og milits i Amhara. Ahmed har opna opp for å vurdere om områder i Tigray, som etter krigen er kontrollerte av amharanene, igjen skal inkorporerast i Amhara-delstaten. Dette er eit teikn på at statsministeren er lydhør for krefter som ynskjer territoriell ekspansjon for amharanene, slik som det også er snakk om i Al-Fasheqa.

Press frå nye, utradisjonelle internasjonale aktørar kan imidlertid vere med å hindre grensekonflikten i å utvikle seg vidare til ein konvensjonell krig. Etter Abiy Ahmeds tale i det etiopiske parlamentet har den sudanske regjeringa godteke eit initiativ frå dei Forente Arabiske Emiratane (UAE) om ein UAE-leia internasjonal forhandling. UAE vil ha ein prosess som adresserer både konflikten om Nildammen og grensestriden. Etiopia har tidlegare nekta å kople desse to prosessane, har insistert på å halde forhandlingane om grensene bilaterale, og har avvist forhandlingsinitiativ frå den afrikanske unionen, EU, USA og FN om Nildammen. UAE-initativet kan likevel vise seg å vere ein veg å gå, ettersom UAE har tette band til både Etiopia og Sudan. Emiratane skal etter sigande ha vore aktiv støttespelar i den pågåande krigen mot TPLF. Dei har også vore ei viktig støtte for Sudan i normaliseringsprosessen med USA, noko som resulterte i at Sudan no ikkje lenger er på USAs liste over land som støttar terror. Om UAE faktisk klarar å bruke denne tunge politiske kapitalen hos begge landa til å løyse grensestriden gjenstår å sjå.

Mening

Kva er det sannsynlege neste steg i denne grensestrida, som no har utvikla seg frå å vere sovande og handterbar til brennbar og tilsynelatande uløyseleg?

Lovise Aalen
Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 16.04.2021 09.47.05 Sist oppdatert: 16.04.2021 09.47.05