Land som alt har omfattande korrupsjonsproblem har større vanskar med å handtere pandemien. I enkelte land utnyttar styresmaktene situasjonen til eiga økonomiske eller politiske vinning, ofte utan omsyn til auka smittefare, skriv CMIs Arne Strand. Her frå ein demonstrasjon i Brasil i juni i år, der ein demonstrant viser ein symbolsk dollarsetel med bilde av president Jair Bolsonaro. Foto: Eraldo Peres / AP / NTB

Innsatsen mot covid-19 er truga av korrupsjon

UTSYN: Covid-19-pandemien råkar alle land, ingen er spart eller heilt trygge. Det er likevel store skilnader i kven som får tilgang til vaksiner og til behandling, og korrupsjon er ei viktig årsak, skriver Arne Strand.

Land som alt har omfattande korrupsjonsproblem har større vanskar med å handtere pandemien. Erfaringa så langt tilseier eit behov for at politikarar i mange land tek ansvar, eit internasjonalt system for vaksinefordeling og auka og kontinuerleg merksemd mot korrupsjon.

Det var tidleg klart at korrupsjon ville vere ei stor utfordring for ein rettferdig og effektiv handtering av pandemien. Erfaringa frå ebola-epidemien kombinert med kunnskap om risiko i store og raskt gjennomførte bistandsprosjekt tilsa at korrupsjon ville utgjere ei utfordring for innkjøp og tilgang til vaksiner og helsetenester.

Lista over råd for å redusere risikoen var lang, inkludert frå Det internasjonale pengefondet (IMF) som oppmoda alle til «i alle fall å halde på kvitteringane».

 

Korrupsjon i alle ledd av covid-19-responsen

Det har ikkje mangla på eksempel på korleis korrupsjon har negativt påverka covid-19-responsen, og ikkje berre i land ein tradisjonelt forbinde med korrupsjon. I Sverige vart det nyleg avdekka sal av covid-19-testar som ikkje vart sjekka, men falske sertifikat utstedt.

EU sitt globale korrupsjonsbarometer fann at 29 prosent av EU-borgarar nytta sine kontaktar til å få tilgang til helsetenester under pandemien, av dei hadde 6 prosent betalt for å kome lenger fram i køane.

Uganda er representativ for eit låg-inntektsland. Landet har få vaksinedosar tilgjengeleg, ein covid-19-test kostar 60 dollar medan det er langt rimelegare å kjøpe ein negativ attest. Manglande tilgang til offentlege helsetenester og sjukesenger medfører at du må ha god råd for å kunne kjøpe deg oksygen eller innlegging på dei private hospitala.

Kan du ikkje lenger betale dei høge dagprisane vert du kasta ut, og om du døyr, vert liket ditt halde tilbake til familien din har gjort opp for deg. Uavhengig av om ei aktiv presse og sivilsamfunn avdekkar korrupsjon eller ikkje føle politikarane seg så trygge på eiga makt og posisjonar at dei ikkje endrar praksis. Det aukar mistillit og frustrasjon i ei sårbar befolkning.

 

El Salvador innførte lov om immunitet

Det gjeld ikkje berre Uganda. U4 anti-korrupsjonssenteret ved CMI har det siste året dokumentert korrupsjonssaker og finn korrupsjon i alle ledd i covid-19-responsen. Det går frå innkjøp av verneutstyr, oksygen og vaksiner, til at det må betalast for tilgang til testar, vaksine, sengeplassar eller vanleg medisin. Der er både avslørt bruk og sal av falske vaksinar og eit omfattande vaksine-handel på den svarte marknaden, med grovt overprisa dosar, som med den russiske Sputnik-vaksinen.

I enkelte land utnyttar styresmaktene situasjonen til eiga økonomiske eller politiske vinning, ofte utan omsyn til auka smittefare. El Salvador gjekk så langt at dei innførte ei lov som gav offentlege tilsette immunitet mot klager på feilhandtering av covid-19-midlar, og makt til å avvise krav om innsyn.

Type og omfanget av korrupsjonen varierar landa imellom. Det er vanskeleg å setje ein verdi på underslaga eller anslag på kor mange tapte liv som kan knytast direkte til korrupte praksisar. Det som er klart er at omfattande korrupsjon reduserer tillit til styresmakter og institusjonar, og at det skaper skepsis til informasjon om covid-19-trusselen og motstand mot å la seg vaksinere.

 

Enkle tiltak kan redusere korrupsjon

Samtidig er ikkje dette heilsvart. Mange organisasjonar gjer auka merksemd til korrupsjonstrusselen i covid-19. IMF har utvikla retningsliner for regjeringar si handtering av pandemi-responsen, UNODC gjer råd om handtering av korrupsjonsrisikoar i produksjon, fordeling og distribusjon av vaksiner og Open Contracting Partnership har retningslinjer for bruk av åpne data for å følgje innkjøp. Men, det er eit langt steg frå å ha tilgang til retningslinjer og verktøy, og å ta dei i bruk.

Der er god dokumentasjon på at enkle tiltak kan redusere korrupsjon, som at styremakter offentleggjer informasjon som kan etterprøvast. Colombia gjer oversikt om tilgang til vaksine og leverandørar tilgjengeleg, i Bangaluru i India opplyser dei om tilgjengelege offentleg og private sjukehusplassar, oksygen og ambulansar. Utfordinga er at ikkje alle har tilgang til informasjonen om den er lagt ut på internett, ofte trengst det aktive sivilsamfunns-organisasjonar for å følgje opp.

Ein viktig og skremmande konklusjon frå dokumentasjonen av covid-19 arbeidet så langt er at land og regionar med omfattande eller systemiske korrupsjons-utfordringar og derav eit svekke helsevesen takla pandemien svært dårleg. Eksempel her er Afghanistan, Bangladesh, Malawi, Kambodsja og India. Det er ei påminning om at dersom ein ikkje adresserer og reduserer korrupsjonen vil slike land vere like dårleg stilte ved eit utbrot av ein ny pandemi.

Ser me framover vert det internasjonale Covax-samarbeidet stadig viktigare, der er framleis fleire utviklingsland som knapt har starta vaksineringa. Men vaksiner er ikkje nok. Her trengst også eit meir systematisk og langsiktig arbeid med å adressere korrupsjon innan helsetiltak, samarbeid mellom flest mogeleg bistandsaktørar og ansvarleg-gjering av nasjonale styresmakter. Eit lovande Norad-støtta tiltak er opprettinga av Coalition for Accountability, Transparency and Anti-Corruption on Health (CATCH) der CMI-senteret U4 bidrar med kunnskap.

Mening

Der er både avslørt bruk og sal av falske vaksinar og eit omfattande vaksine-handel på den svarte marknaden, med grovt overprisa dosar, som med den russiske Sputnik-vaksinen.

Arne Strand

UTSYN:

Bistandsaktuelts meningsspalte, med faste kommentatorer:

  • Audun Aagre, Myanmar-kjenner og kommentator
  • Sissel Aarak, generalsekretær i SOS-barnebyer
  • Olutimehin Adegbeye, nigeriansk spaltist
  • Samina Ansari, daglig leder i Avyanna Diplomacy
  • Bernt Apeland, Røde Kors-sjef
  • Kiran Aziz, advokat og senioranalytiker for ansvarlige investeringer i KLP
  • Zeina Bali, daglig leder for Syrian Peace Action Center (Space)
  • Tor A. Benjaminsen, professor ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet
  • Amar Bokhari, sosialentreprenør og daglig leder i Bokhari AS. Tidligere FN-ansatt og utenlandssjef i Redd Barna.
  • Catharina Bu, rådgiver i Tankesmien Agenda
  • Benedicte Bull, professor ved Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo
  • Hilde Frafjord Johnson, tidligere utviklingsminister og eks-FN-topp
  • Dagfinn Høybråten, generalsekretær i Kirkens Nødhjelp
  • Anne Håskoll-Haugen, journalist og debattleder
  • Tomm Kristiansen, journalist og kommentator
  • Heidi Nordby Lunde, stortingsrepresentant for Høyre
  • Tor-Hugne Olsen, daglig leder i Sex og Politikk
  • Erik S. Reinert, professor ved Tallinn University of Technology
  • Hege Skarrud, leder i Attac Norge
  • Jan Arild Snoen, forfatter og kommentator
  • Erik Solheim, tidligere FN-topp og norsk miljø- og utviklingsminister, nå seniorrådgiver i World Resources Institute
  • Arne Strand, seniorforsker ved Chr. Michelsens institutt
  • Johanne Sundby, professor ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo
  • Maren Sæbø, journalist og kommentator
  • Titus Tenga, konstituert generalsekretær i Strømmestiftelsen
  • Marta Tveit, frilansskribent og podcaster for Fellesrådet for Afrika/SAIH
  • Christian Tybring-Gjedde, stortingsrepresentant for Fremskrittspartiet
  • Liv Tørres, direktør i Pathfinders for Peaceful Just and Inclusive Societies ved universitetet i New York.
  • Terje Vigtel, seniorrådgiver i Conow
  • Tore Westberg, kommentator bosatt i Nairobi
  • Henrik Wiig, seniorforsker ved Oslomet

Publisert: 06.07.2021 09.08.33 Sist oppdatert: 06.07.2021 09.08.32