For å drive ein fungerande afghansk stat trengst det både frivillige organisasjonar og finansiering over tid. Alt dette er på spel i dag, og ein må sikre at tidlegare investeringar ikkje går til spille, skriv Arne Strand og Astri Suhrke. Her frå grenseområdet Chaman, der afghanarar krysser grensa over til Pakistan. Foto: Akhter Gulfam / EPA / NTB

Gjer ikkje afghanarane til taparane

KRONIKK: Afghanistan står overfor ei kombinert politisk og humanitær krise. Ei ny eskalering av konflikten vil ikkje hjelpe dei mange afghanarane som fortsatt er sterkt avhengige av bistand, skriv Arne Strand og Astri Suhrke.

Taliban kontrollerar Kabul og mesteparten av Afghanistan. Ambassadar og bistandsarbeidarar vert evakuert. Samtidig minner FN-organisasjonar og Flyktninghjelpa oss på kor desperat situasjonen er for den afghanske befolkninga. Den nye politiske situasjonen skape nye utfordingar for bistandsaktører, men også høve til å adressere korte og langsiktige utfordingar. Det fordrar realisme, men også dialog, engasjement og litt strategisk pragmatisme.

Afghanistan står overfor ei kombinert politisk og humanitær krise. Der det var diskusjonar på gang mellom partane om ei forhandla løysing, endra alt seg i makt-vakuumet etter president Ghani si flukt frå Kabul. Taliban sat plutseleg med både politisk og militær makt, dei kontrollerte og hadde dermed ansvar for landet. Det var ein siger som kom fortare enn venta. Mykje er endå ikkje på plass, eller ukjent, når det gjelder Talibans politikk, statsvisjon og regjering.

Dei første signala frå deira politiske kontor er positive. Dei seier at dei gjer amnesti til sine fiendar og ønskje ei inkluderande regjering med kvinner. Dei seier at jenter har rett til utdanning og kvinner til arbeid, så lenge det er innafor islam og sharia. Det kan være taktisk. Mange vågar ikkje å tru på Taliban gitt deira tidlegare praksis. Nokon vel å mistru dei for å sikre vidare støtte til den militære og politiske opposisjonen som allereie har erklært krig fra Pansjir.

 

Må styrke det afghanske statsapparatet

Det er også uklart i kor stor grad den sentrale leiinga har kontroll over kommandantar ute i landet. Taliban er ein desentralisert organisasjon der militære kommandanter har relativt stor autonomi over sine avdelingar. Dei akseperte likevel dei midlertidige våpenkvilene leiinga innførte, og har ikkje angripe internasjonale soldatar under uttrekkinga. Det som er klart er at Taliban er en islamsk bevegelse som vil sjå til tradisjonelle eller konservative tolkninger av islam i handhevinga av den statsmakta dei no har.

For å drive ein fungerande afghansk stat trengst meir. Det trengs både intern og ekstern legitimitet, dyktige byråkratar og fagfolk i sentral- og lokaladministrasjonar. Det trengst frivillige organisasjonar – og det trengst finansiering over tid. Alt dette er på spel i dag. Det skjer samstundes som Afghanistan står i ein desperat humanitær og ein svært krevjande utviklings- og rettigheitssituasjon. Ein situasjon som har vorte forverra av voldeleg konflikt og stor intern migrasjon, ein vedvarande tørke og ein pandemi ingen har kontroll over. Nepotisme og korrupsjon i det tidlegare statsapparatet forsterkar problema.

FN-organisasjonar har lenge varsla oss om kor utfordrande situasjonen er. Ein stor del av befolkninga – anslått til 47 prosent i 2020 – lever under den nasjonale fattigdomsgrensa. Utan fortsatt bistand vil andelen skyte i været. Dei anslår at nær 16 millionar treng humanitær assistanse. Flyktningehjelpa oppgjer tal på 3,5 millionar internflyktningar, det er truleg langt høgare i dag. Mange er komt til Kabul dei siste vekene og dei treng akutt nødhjelp. Sjølv om den væpna konflikten er stilna av vil det ta tid før dei vågar å dra heim.

For å avverge ei humanitær katastrofe no trengst det økonomiske midlar – og folk på bakken. Videre må det sikres at tidlegare investeringar, som i helse og utdanning, ikkje går til spille. Same om mange internasjonale hjelpearbeidarar har forlatt landet eller håpar å få reise er der framleis afghanske hjelpearbeidarar på plass. Mange har lang erfaring som vil være sentralt i forhandling og samarbeid med Taliban lokalt, spesielt i grensegang mellom Talibans krav på styring og organisasjonenes oppretthalding av humanitære prinsipp.

 

UNICEF-avtale opnar for undervisning

Over tid har internasjonale humanitære aktører og bistandsaktører kome fram til ei rekke ordningar med Taliban i områda dei kontrollarar eller har innflytelse i. Lokalt drivne skuler basert på samarbeid med lokale Taliban-kommandantar, eldreråd på staden og Utdanningsministeriet i Kabul var etablert alt i 2007, finansiert av UNICEF. Skulane var for både jenter og gutar. Fjorårets avtale mellom UNICEF og Taliban om utdanning følgde den ordninga. Slike ordningar byggjer på erfaringar frå 1990-talet. Ein tysk NGO (ein ikkje-statleg organisasjon, red. anm.) hadde då skular med 10 000 elevar i Kabul. Halvparten av elevane var jenter. Den svenske Afghanistan-komiteen rapporterer at dei etter avtale med Taliban sitt utdannings-ministerium underviste 200 000 elevar, av dei var 37 000 jenter. Kirkens Nødhjelp støtta ei rekke lokalt drivne skular, også dei med jenter.

Premissene for UNICEF sin avtale og liknande avtalar er openbart finansiering og tillatelse til å drive skular (også for jenter) mot at Taliban får en viss kontroll over pensum og rekruttering av lærarar. Ei utviding av denne type samarbeid kan være den enklaste måten å holde undervisninga på landsbygda open i overgangsperioden – som kan verte lang.

Det kan også vere ein modell som kan nyttast for viktige program i andre sektorar, ikkje minst innan helse- og fagutdanning. Taliban var imøtekomande i sin første pressekonferanse, og etterspurde støtte. Dei snakkar gjerne med gjevarlanda for å få i gang økonomien og gjenreise landet. Dei sa også at utviklinga skulle gå gjennom samfunnsorganisasjonar, deira egen rolle skulle vere å stå for sikkerheita. For land som er skeptiske til å kanalisere støtte via ei Taliban-kontrollert regjering kan det være ei akseptabel løysning.

Et slikt samarbeid vil vere lettare for alle partar om departementa beheld sin stab. Me ser at WHO lovar vidare samarbeid med helseministeriet, det vart enklare fordi Taliban oppmoda den tidlegare ministeren å halde fram under deira administrasjon. Vert slike pragmatiske løysingar valgt på provins- og distriktsnivå, slik Taliban gjorde sist dei styrte, kan mykje kome i gang.

Nokon givarland vil nok kutte bistand, eventuelt prioritere naboland som tek imot flyktningar slik Tyskland har erklært. FNs humanitære organisasjonar vil trulig fortsetje. UNICEF har sagt dei held fram, og store humanitære NGOer som MSF (Leger utan grenser, red. anm.) har sagt dei er på plass. Men eit større engasjement, spesielt der det humanitære grenser til utviklingshjelp, krev framfor alt politisk vilje til å engasjere seg med den nye Taliban-administrasjonen.

 

Talibans lovnadar blir møtt med mistru

Ei samlingsregjering med kvinner og minoritetar vil vere eit betre utgangspunkt for kursjustering enn ein rein Taliban-administrasjon og gjøre internasjonalt samarbeid lettare, men det er uvvist om det vil skje. Vestlige land kan då vere freista til å nytte politiske sanksjonar og økonomisk struping for å tvinge fram endringar. Erfaringen fra forrige gang Taliban styrte Afghanistan var at slikt press hadde motsatt virkning.

Generelt kan ein sei at engasjement og dialog er ein betre veg til kompromiss og meir varige endringar. Eit internasjonalt samfunn med vilje til å møte presserande humanitære behov står sterkare i forhandlingar om meir langsiktig bistand til Afghanistan.

Me må ikkje ikkje gløyme at dette også kan gå galt.

Både i og utenfor landet er det mykje mistru til Taliban. USA, IMF og fleire gjevarland har frose økonomiske overføringar. Deler av den avgåtte regjeringa mobiliserar militært og ber om internasjonal støtte for sin kamp mot «terroristar». Det vart skotveksling i Kabul og andre byer då folk ville bytte ut det kvite emirat-flagget med det afghanske. Der er frykt for at Taliban ikkje står ved sin lovand om amnesti til dei som var del av det tidlegare regimet, men heller slår hardt ned på dei eller hindrar dei frå å forlate landet, slik dei gjorde under maktskiftet i 2001.

Ikkje minst er kvinne- og menneskerettsorganisasjonar og aktivistar mistruande til dei rettane kvinnene er lova. I neste veke skal skular og universitet opne etter sommarferien. Vil me sjå utstenging av jenter eller kvinnelege lærarar? Ei streng handheving av media si rapportering eller av sosiale mediar kan fort trigge demonstrasjonar i byane. 

Dilemmaet er at ei ny eskalering og sanksjonar ikkje vil hjelpe dei mange afghanarane som fortsatt er sterkt avhengige av utanlandsk bistand. Her må alle partar ha is i magen og vere budde på mykje te-drikking.

Mening

For å avverge ei humanitær katastrofe no trengst det økonomiske midlar – og folk på bakken. Videre må det sikres at tidlegare investeringar, som i helse og utdanning, ikkje går til spille.

Arne Strand og Astri Suhrke
Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 20.08.2021 14.51.00 Sist oppdatert: 20.08.2021 14.51.00