Utmaninga er å kombinere den økonomiske veksten med ei omlegging av verdas energiregime inn mot utsleppsfrie energiformer, skriv Jon Naustdalslid. Foto: Norfund

Klima- og utviklingsparadokset, og vegen vidare

MENINGER: «Klimaendringane vil først og fremst gå ut over fattige land – og der særleg dei aller fattigaste». Dette er ein påstand vi tidt og ofte får gjentatt i klimadebatten som underbygging for kravet om at vi må legge om livsstilen, redusere forbruket og snu den økonomiske veksten til «nedvekst» for å få bukt med klimaendringane og i solidaritet med verdas fattige.

Argumentasjonen er rett – på sine premissar. Det er den rike verdas økonomiske vekst og utvikling, industrialiseringa, vårt store forbruk, bilbruk, flyreiser, fleire energikrevjande maskinar og innretningar som ligg bak utsleppa av stendig større mengder CO2 til atmosfæren. Og så lenge veksten held fram, vil den krevje enda meir energi, og så lenge verdas energiproduksjon er dominert av karbonbaserte energikjelder, vil utsleppa halde fram med å vekse. Det er heller ingen tvil om at den globale oppvarminga, og dei klimaendringane som dette fører til, vil råke folk i fattige land hardare enn oss i dei rikare delane av verda. Forklaringa er enkel: Vår rikdom, våre ressursar, infrastruktur og kapasitet til å handtere kriser set oss betre i stand til å tilpasse oss og å møte verknadene av klimaendringane. IPCC åtvarar også om at sjølv om vi relativt raskt skulle få ned utsleppa, vil tilpassing til dei klimaendringane som alt er i gang krevje betydelege ressursar og kapasitet til omstilling. Her ligg samtidig det eg har kalla klima- og utviklingsparadokset: For dei fattige landa er økonomisk utvikling eit grunnleggande vilkår for å kunne møte klimaendringane, men med dagens energiregime vil samtidig ei slik utvikling bidra til å forsterke den globale oppvarminga som skapar klimaendringane.

 

Nokre personlege erfaringar og refleksjonar

Vi treng likevel ikkje sjå inn i framtida for å skape oss eit bilde av korleis folk i dei fattigare delane av verda er meir utsette for naturens øydeleggingar enn kva vi er. I siste del av 1980-åra budde og arbeidde eg i Tanzania. Eg var knytt til det som den gangen heitte Institute of Development Managememt (IDM) i Mzumbe eit par mil nord om Morogoro. Campus ligg mitt i det rurale Tanzania med fattige landsbyar og småbønder som stort sett budde (og framleis bur) i sine små hus av soltørka leire og dyrkar små åkerflekkar med tverrhakke og muskelkraft. Forseinka regntid kunne bety meir eller mindre total svikt i mais- og risavlinga som familien var avhengig av. Så godt som ingen hadde ein reserve å falle tilbake på. Det fanst ikkje noko statleg hjelpeapparat eller støtteordningar som kunne berge folk over ei sviktande årsavling. Den norske tørkesommaren i 2018 var alvorleg nok, og blir gjerne brukt som eit skrekkens bilde på kva vi kan stå framfor dersom klimaendringane held fram. Men neppe nokon måtte gå svoltne til sengs dag etter dag fordi avlingane svikta. På den tanzanianske landsbygda var derimot dei øydeleggande verknadene av ekstremver ein realitet alt før klimaendringane for alvor blei sette på den globale dagsordenen.

 

Som alle andre familiar hadde også vi lokale tenarar i huset. Vår gartnar og altmoglegmann heitte Gervas. Han budde med familien i eit lite hus av soltørka leire i den nærmaste landsbyen, og hadde nok eit tryggare utkomme enn fleirtalet, ved at familien hadde hans tenarløn i tillegg til den vesle jordflekken. Tanzanianarar er positive menneske, og Gervas var ikkje noko unntak. Spurde du korleis det stod til, var alltid svaret «Nzuri» (godt), nesten uansett kor dårleg det i grunnen stod til. Gervas møtte opp kvar morgon klokka åtte, alltid blid og nøgd. Men så ein morgon kom han uvanleg seint. Det var i regntida og det hadde vore ein kraftig regnstorm om natta. Det var lett å sjå at denne gangen var ikkje alt som det skulle. Og på spørsmålet «Habari za nyumbani?» («Korleis står det til heime?»), såg Gervas bekymra ned og svara: «Nzuri kidogo tu.» Det viste seg at grunnen til at det «berre stod litt bra til», var at i løpet av natta hadde heile taket blåse av huset.

 

Slike som Gervas – og det finst mange hundre millionar av dei i dei fattige delane av verda – høyrer ganske riktig til dei som vil bli ekstra hardt råka av det vi kan sjå for oss av klimaendringar. Meir ekstremvêr i desse delane av verda kan føre til meir tørke og feilslegne avlingar, fleire regnstormar med flaumar og avrivne tak. Men dei problema som nedvekst-aksjonistane åtvarar mot, lever dei alt med. Det dei er opptekne av, er å komme seg ut av fattigdommen så dei blir mindre sårbare for nettopp denne typen naturrelaterte katastrofar. Og problema gjeld sjølvsagt ikkje berre landsbygda. Når byar med tettpakka slumområde og meir eller mindre fraverande infrastuktur blir råka av flaum og orkanvindar, blir verknadene langt meir dramatiske enn om det same skjer i byar med fungerande infrastruktur, meir solide bygningar, og kanskje framfor alt, fungerande styresmakter med vilje og økonomisk kapasitet til å sette inn hjelpeinnsats og bygge samfunnet opp igjen.

 

Da syklonen råka Mosambik i mars 2019, blei sjølvsagt klimaendringane haldne fram som forklaring. Samtidig peika Helge Rønning i eit oppslag i Bistandsaktuelt på det som elles kom lite fram i media:

«Det spesielle med denne syklonen er ikke at den er spesielt kraftig, men at den rammer et land og en befolkning som er svært sårbare. Skadevirkningene blir dermed så enormt mye større enn om dette skulle rammet et land som er rikere og mer robust.»

Orkanen Jeannne som gjekk over Karibia og USA i 2004, førde til store øydeleggingar og gjorde mange menneske i USA heimlause, men ingen miste livet. I Haiti, derimot, resulterte orkanen i enda meir dramatiske øydeleggingar og 1500 døde.

 

I boka Apocalypse Never, som kom ut i 2020, argumenterer miljøskribenten og journalisten Michael Shellenberger mot dei mest ekstreme klimaaktivistane som spår at klimaendringane  vil ende i eit apokalyptisk globalt samanbrot. Det er ikkje dette vi kan lese ut av IPCCs rapportar, hevdar han. Klima- og miljøaktivistar i vår rike del av verda som vil reversere den økonomiske veksten for å redde kloden fra ei apokalyptisk framtid, treng nemleg ikkje å vente på klimakatastrofen, skriv Shellenberger. Apokalypsen finst her allereie. Dei kan berre reise til Austre Kongo. Her er det ikkje klimaendringane som har skapt den ekstreme fattigdommen og eit samfunn i totalt samanbrot. Det er mangel på fungerande samfunnsinstitusjonar og ei statsmakt som ikkje kan ta vare på innbyggarane sine. Kor vidt framtidige klimaendringar vil gjere situasjonen verre, er for så vidt eit underordna spørsmål. Det avgjerande for dette – og mange andre samfunn i den tredje verda kjenneteikna ved ekstrem fattigdom, vanstyre og meir eller mindre manglande samfunnsinstitusjonar – er ei sosial og økonomisk utvikling som kan løfte samfunnet ut av den «apokalyptiske» tilstanden det alt er i, og som dermed også vil sette det i stand til å møte klimaendringane på ein betre måte.

 

Vår gartnar og altmoglegmann, Gervas, er nok betre stilt enn innbyggarane i store delar av det borgarkrigsherja Kongo, men dei har nok likevel det til felles at dei framfor alt ønsker seg ei framtid ut av fattigdommen. Gervas ønska seg først og fremst eit meir solid mursteinshus med solid tak. Elektrisitet og innlagt vatn var truleg utafor det han så for seg som realistisk. Han er nok framleis blant dei rundt 1,2 milliardar menneske i verda utan elektrisitet.

 Og dersom ein klimastrategi som går ut på å reversere økonomisk vekst for å «redde klimaet» skulle vinne fram, kan så vel han som resten av dei hundretals millionar utan elektrisitet, utan tilgang på reint vatn og utan fungerande samfunnsinstitusjonar sjå langt etter ei lysare framtid.

 

Veksten har skapt utvikling og redusert fattigdom

Men den økonomiske veksten har ikkje berre bidrege til den globale oppvarminga, den har også ei anna side. Den har gjennom historia løfta hundretals millionar menneske ut av ekstrem fattigdom. Og i løpet av dei siste ti-åra gjeld dette først og fremst i dei fattige delane av verda. Den positive samanhengen mellom økonomisk vekst og redusert fattigdom er udiskutabel. Talet på – og andelen av – ekstremt fattige har gått dramatisk ned trass i at folketalet på jorda nå nærmar seg åtte milliardar. Mens ca. 45 prosent av verdas befolkning levde i ekstrem fattigdom i 1980, var denne andelen nede i 10 prosent i 2015. Andelen underernærte i verda har gått ned fra 28 prosent i 1970 til 11 prosent i 2015. I 1970 fekk 65 prosent av alle jenter i verda grunnskuleutdanning. I 2015 var talet 90 prosent. Ser vi på ein sentral indikator, som samanhengen mellom levealder og økonomisk vekst, finn vi ein positiv statistisk samanheng som ingen kan bortforklare. (Sjå Pinker 2019 og Rosling m. fl. 2018)

 

Den økonomiske veksten skjer nemleg i dag først og fremst i dei fattigare delane av verda, og dette er også forklaringa på den positive utviklinga som faktisk har skjedd når det gjeld reduksjon av fattigdom, betre helse og auka levealder. Med den pågåande koronaepidemien har vi på den andre sida også fått levande illustrert kva effekt økonomisk nedgang faktisk har. Klimaaktivistar har brukt koronapandemien som bevis for at økonomisk tilbakegang og redusert forbruk faktisk fører til reduserte  CO2-utslepp. Og det stemmer. Utsleppa har gått ned med mellom fem og sju prosent på verdsbasis i 2020. Men pandemien gir oss også eit glimt inn i kva som ville bli baksida av ein klimastrategi basert på redusert økonomisk vekst. Mens vi i den rike delen av verda kan slette over verkandene av pandemien gjennom statlege låneopptak (eller, som i Norge, bruk av oljeformua), og på den måten eit stykke på veg halde oppe både det offentlege og det private forbruket, er ikkje dette eit alternativ i fattige land. Hausten 2020 rapporterte Verdsbankens at så langt var den økonomiske nedgangen på grunn av Korona i ferd med å sende mellom 88 og 115 millionar menneske ut i ekstrem fattigdom. I løpet av 2021 var anslaget at dette talet kunne auke til rundt 150 millionar.

Tilsvarande publiserte Redd Barna ein studie som viste at på grunn den økonomiske tilbakegangen som følgje av korona hadde 33 prosent av respondentane problem med å skaffe tilstrekkeleg mat og 35 prosent med å betale for helsetenester. Verst var problema rapportert å vere i det vestlege og sentrale Afrika. Pandemien vil gå over, og i følgje Verdsbanker framskrivingar vil den globale økonomiske veksten og den positive utviklinga for verdas fattige halde fram etter eit par år. Ein global nedvekst-strategi er derimot førutsett å vere permanent.

 

Ein veg ut av dilemmaet?

Ein klimastrategi, driven fram først og fremst av ein trygg og velberga middelklasse i dei rike delane av verda, som siktar på å redde kloden fra klimakatastrofe gjennom «økonomisk nedvekst», vil ha som sin viktigaset effekt å halde verdas fattigaste milliardar nede i fortsatt fattigdom. Men ikkje berre det. Den vil også skrue tilbake mykje av den positive utviklinga blant verdas fattige som vi faktisk har sett dei siste ti-åra og drive hundretals nye millionar menneske ut i ekstrem fattigdom. Og det er dette som er baksida av klima- og utviklingsparadokset: Kva vil vere verst for verdas fattige menneske, verknadene av framtidige klimaendringar eller verknadene av ein global nedvekst-politikk som svar på den globale oppvarminga?

 

Finst det så ikkje nokon veg ut av dilemmaet? Slik eg og ein del andre meir optimistiske menneske ser det, finst det ein veg. Den går ut på å stimulere fortsatt økonomisk vekst, særleg i dei fattigare delane av verda. Det er også her veksten først og fremst skjer.

Utmaninga er å kombinere den økonomiske veksten med ei omlegging av verdas energiregime inn mot utsleppsfrie energiformer. Bli mindre opptatt av å formulere kortsiktige mål for utsleppsreduksjon som alle likevel veit ikkje kan realiserast, og heller sette det globale samfunnets krefter inn på å legge om verdas energiregime. Problemet er ikkje, og har aldri vore, den økonomiske veksten. Problemet er at veksten har vore basert på fossile energikjelder. Her kan Norge gjere ein skilnad ved å satse meir av det vi har tent på vår petroleumsverksemd, og det vi dermed har tent på den globale oppvarminga, på forsking, utvikling investeringar og utbygging av utsleppsfrie former for energi som også kan komme dei fattigaste delane av verda til gode.

 

Eg veit ikkje korleis vår gartnar og altmoglegmann, Gervas, har komme ut av koronapandemien. Eg er redd det ikkje er så bra. Men skal han, og først og fremst dei generasjonane som nå veks opp etter han i Tanzania får eit betre liv, må den økonomiske veksten, som i Tanzania har vore på rundt sju prosent årleg dei siste åra, halde fram. Utfordringa vil vere å kombinere dette med auka tilgang på fossilfri energi, og at landet får eit styre som sikrar at veksten kjem også dei fattigaste til gode.

 

 

Litteratur

Pinker, S. (2019). Enlightenment now: the case for reason, science, humanism, and progress.

Rosling, H., Rosling, O. & Rönnlund, A.R. (2018). Factfulness: ten reasons we’re wrong about the world--and why things are better than you think (First edition.). New York: Flatiron Books.

Save the Children. (n.d.). Protect a Generation: The impact of COVID-19 on children’s lives. Resource Centre. Retrieved 7 April 2021, from https://resourcecentre.savethechildren.net/node/18218/pdf/vr59-01_protect_a_generation_report_en_0.pdf

Shellenberger, M. (2020). Apocalypse Never: why environmental alarmism hurts us all (First edition.). New York, NY: Harper.

World Bank. (n.d.). COVID-19 to Add as Many as 150 Million Extreme Poor by 2021. World Bank. Retrieved 7 April 2021, from https://www.worldbank.org/en/news/press-release/2020/10/07/covid-19-to-add-as-many-as-150-million-extreme-poor-by-2021

 

 

 

 

Mening

Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 09.04.2021 09.24.30 Sist oppdatert: 09.04.2021 09.24.30