Folk tar bilde av ein øydelagd butikk i hovudstaden Mbabane 29. juni i år. Protestane mot regimet og for politiske reformer hadde allereie vart i fleire dagar, med mange drepne og store materielle øydeleggingar. Foto: AFP / NTB

Kongedømmet eSwatini opplever uro, kva er årsaka?

KRONIKK: På 40 år har Swaziland – nå eSwatini – gått frå å vere eit velståande lite land til å bli ein av Afrikas mest vanstyrte statar. I møte med den moderne økonomien blir tradisjonane perverterte, snudde opp ned. Det gjer eliten seg rik på. Men nå kan det sjå ut som om swaziarar flest har fått nok, skriv kronikkforfattaren.

eSwatini ser igjen ut til å ha blitt borte frå mediaoverskriftene frå Afrika. Hæren har fått kontroll på uroa i landet som braut ut dei siste dagane i juni.

Nå er det er stille i gatene etter dei mest omfattande protestane og opptøyane sidan Swaziland vart eit britisk protektorat i 1903. Demonstrasjonar er ikkje noko daglegdags i kongeriket, som nå har om lag 1,2 millionar innbyggjarar. Men protest og motstand har komme til uttrykk med ujamne mellomrom sidan politiske parti vart forbodne i 1973.

 

Sterk motstand, brutalt svar

Denne gongen ser motstanden mot kongen og regimet ut til å vere sterkare enn nokon gong før, og valden frå regimet tilsvarande hard. Det offisielle talet skal vere 27 døde, men opposisjonen meiner det er mykje høgare. Dei materielle øydeleggingane skal vere store.

Motstandarane av styret, som har danna eit samordningsteam med brei representasjon frå ulike ikkje-statlege grupper og organisasjonar i landet, planlegg nye landsomfattande demonstrasjonar. Kongen, Mswati III, skal ha bedt den tidlegare sørafrikanske presidenten Thabo Mbeki om å mekle.

Politisk og økonomisk er Swaziland inne i ei langvarig krise. Landet har status som lågare mellominntektsland, men om lag 60 prosent av befolkninga lever under den nasjonale fattigdomsgrensa, og om lag 30 prosent lever under Verdsbankens grense på 1,90 dollar om dagen. Domstolane er i kaos. Misnøya i dette elles så lojale og tradisjonsknytte folket har auka kraftig, ikkje minst mot mangelen på folkestyre. Tre parlamentsmedlemmer har teke til orde for demokrati, også sjeldsynt der alle kandidatar ved val blir godkjende av kongen og hans menn.

 

Økonomisk styrke

Det behøvde ikkje gå slik. Tidleg i 1980-åra var Swaziland meir velståande enn Lesotho og Botswana, dei andre tidlegare britiske protektorata som grensar til Sør-Afrika.

Utanlandsk kapital treivst med låge lønningar, ingen fagforeiningar, få arbeidskonfliktar og skattepause for nyetableringar. Sukkerplantasjar, asbestgruver, tømmerdrift og ikkje så lite lettindustri gjorde sitt til å skape ein sterk økonomi. Ein framstormande klasse av swazilandske forretningsfolk og byråkratar utgjorde saman med dei 15 000–20 000 utlendingane ein elite med stor kjøpekraft.

Men styrken i den moderne sektoren hindra ikkje swazifolket i å dyrke si eigenart. Få afrikanske folk har vore så medvitne sine eigne tradisjonar. Swaziar i fargerike, tradisjonelle klesdrakter kunne ein møte overalt, like ofte var det ministeren som kledde seg slik, som det var gartnaren som slo graset utanfor departementsbygget. Dei gamle høgtidene og seremoniane blei haldne i hevd med innleving og innsats. Samstundes som denne folkloren var del av ein ideologi for å verne om den føydale maktstrukturen, var dei årlege seremoniane – særleg reed-dansen, der landets unge jomfruer dansa for kongen og folket – Swazilands største turistattraksjon.

Over desse tradisjonane vakta den 80 år gamle Sobhuza II, som hadde vore konge for swazi-folket sidan 1921. Han kunne ta æra for at det vesle kongeriket sto fram som eit harmonisk, ja, nesten idyllisk land overfor omverda. Kongen hadde stor makt, og trass i si milde utstråling let han ikkje vere å bruke makta når styremåten hans blei utfordra.

Då opposisjonen ved valet i 1973 fekk inn sine tre første representantar i parlamentet, frå den delen av landet som grensar til det som kort tid etter vart det revolusjonære Mosambik, slo kongen hardt til. Dissentarar måtte ikkje tolast i dette så sameinte kongedømmet. Han oppløyste parlamentet og heva konstitusjonen, forbaud politiske parti og innførde personlege val til nasjonalforsamlinga – personlege i den forstand at veljarane måtte møte opp og stille seg bak den personen dei ville stemme på.

 

Dyrka sine tradisjonar

Ved å dyrke sine kulturelle tradisjonar og byggje på tradisjonelle strukturar valde dei swaziske ledarane ein annan veg enn dei fleste afrikanske landa på den tida. Men under overflata var det nok av motsetningar.

Det mest særeigne var den todelte styreforma. Landet hadde ei moderne regjering, med statsminister i spissen. Parlamentet godkjende dei årlege budsjetta. Men side om side med den formelle administrasjonen eksisterte det ein alternativ maktstruktur.

Det nasjonale rådet, samansett av ledarane for dei største ættene i landet, avgjorde dei viktigaste spørsmåla. På vegner av folket rådde dette organet over 54 prosent av jorda i landet, og det forvalta eit stort investeringsfond - Tibiyo TakaNgwane – med interesser i industri, sukkerplantasjar og samferdsel.

På fondet hadde regjeringa ingen innverknad, men rett som det var opplevde ho at statsbudsjettet måtte gjerast om på grunn av underskott i slike engasjement som nasjonalt flyselskap og – kuriøst nok – eit nasjonalt reiarlag for denne innlandsstaten.

 

Aukande vanstyre

Førti år seinare har mykje endra seg i Swaziland, om ikkje den sentrale maktstrukturen. Landet sitt omdømme har gått berre ein veg - nedover, og landet blir i dag rekna som eit av dei mest vanstyrte i Afrika.

Medan Swaziland i 1979 kunne seiast å vere eit opplyst einevelde under den aldrande kongen, viste den yngste sonen hans, som tok over trona 14 år gammal i 1982 under namnet Mswati III, fort heilt andre taktar. Damer og pengar er hans fremste interesser.

I september 2008 feira han 40-årsdagen sin til ein kostnad av nærmare 80 millionar kroner. I 2019 kjøpte kongen inn 15 luksuriøse Rolls-Royce til seg og familien, saman med 126 BMW-bilar til den kongelege kortesjen.

 

Det gamle swazi-samfunnet

I det gamle swazi-samfunnet var dei to grunnleggjande økonomiske verdiane land og kveg. B.A. Marwick, som seinare skulle bli britisk guvernør for protektoratet, skildra i 1940 dei økonomiske relasjonane slik: Jorda tilhøyrde kongen, som forvalta henne på vegner av nasjonen. Han fordelte landet til dei lokale høvdingane, som så bestemte kor kvar husstand kunne bu. Kveg var i utgangspunktet høvdingane sin eigedom og dei fordelte storfeet på dei forskjellige familiane. Beitemarkene var opne for alle.

Samtidig var det strenge reglar for korleis høvdingane kunne utøve sin eigedomsrett. Når kveget først var gitt til ein familie, kunne ikkje høvdingen ta det tilbake. Kyrne var fordelte mellom mann og koner og kunne berre hendast frå dei etter bestemte reglar.

Høvdingen hadde til dømes rett på brureprisen – i form av kyr – for den første dottera i ein familie, medan seinare brureprisar gjekk til foreldra. Kongen kunne krevje arbeidsinnsats frå dei ulike aldersregimenta. Alle hadde rett til ein stad å bu og til jord og beitemark. Dei kunne ikkje takast frå jord og hytter utan at det var ein særskilt grunn til det. I tidlegare tider, seier Marwick, kunne kongen gjere seg rikare gjennom kvegraid mot nabostammer, men i 1930-åra var den fremste inntektskjelda hans den bruremedgifta – lobola – som han fekk når han gifte borte prinsesser.

 

Før hadde folk flest også rettar

Vi ser at samstundes som kongen hadde makt og eigedomsrett, hadde den meinige mann og kvinne også rettar. Det var i praksis grenser for kor rike kongen og høvdingane kunne bli.

I dagens Swaziland brukar det leiande aristokratiet rundt kongen tradisjonane til å forsvare sine privilegier. Det var den gamle kongen som oppretta Tibiyo TakaNgwane, fondet som han skulle forvalte på vegner av nasjonen, på same vis som han før hadde eigd jorda på nasjonens vegner.

I dag er dette fondet ein av dei viktigaste økonomiske aktørane i landet, med investeringar i svært mange ulike selskap, frå landbruk og sukkerindustri til turistanlegg og media. Fondet betaler ikkje skatt til staten, og inntektene frå fondet utgjer hovudinntekta for kongen, hans 15 koner, 36 barn, 9 barnebarn og meir enn 200 brør og søstrer og familiane deira. Eit fond, som med utgangspunkt i folket sine tradisjonar skulle tene nasjonen, gjorde at kongen sine kvegraid hos nabostammene i gamle dagar vart erstatta av konene sine shopping-raid i Dubai.

Det er ikkje vanskeleg å sjå at i eSwatini blir kultur og tradisjonelle styremåtar brukte til å konsolidere makt og pengar hos eliten. I møte med den moderne økonomien blir tradisjonane perverterte, snudde opp ned, slik at dei negative sidene blir dominerande. Det blir gjort lettare fordi landet ikkje har utvikla dei institusjonane som skal gi folk makt i eit demokratisk samfunn og ein moderne økonomi, ingen frie val, eit svakt rettssystem og ingen kontrollinstitusjonar som fungerer.

 

Liten interesse frå omverda

Så kan ein spørje kvifor omverda lar dette skje. Samanstøytane og valden dei siste par vekene har ført til bekymringsmeldingar både frå ANC i Sør-Afrika, Den afrikanske unionen, FN og USAs ambassadør. Den regionale organisasjonen SADC har sendt ein misjon, utan særleg resultat. Thabo Mbeki seier han berre vil delta i ei mekling som SADC ledar.

I praksis er det berre Sør-Afrika som kan leggje nok press på kongen og hans folk til å få dei til å endre kurs. Bortsett frå overfor Lesotho, som er ein fjellstat inni sjølve Sør-Afrika og ei viktig arbeidskjelde i gruveindustrien i landet, har den sørafrikanske regjeringa vore tilbakehalden med å gripe inn overfor nabolanda, slik ho alltid har vore det overfor Zimbabwe, eit anna land som har blitt kjørt i grøfta av eigne ledarar.

Dessutan har eSwatinis naboar heilt andre ting å tenkje på i desse tider, med den politiske kampen om makta i ANC, terroristoppgjeret i det nordlege Mosambik og koronaepidemien som herjar i regionen. Skal det bli endringar i eSwatini, er det nok swaziane sjølve som må stå for det. Dei neste vekene kan vere avgjerande for om det er muleg å få til endring i landet.

Mening

I praksis er det berre Sør-Afrika som kan leggje nok press på kongen og hans folk til å få dei til å endre kurs.

Publisert: 21.07.2021 10.35.21 Sist oppdatert: 21.07.2021 10.35.21