Små sivilsamfunnsorganisasjonar er ein viktig del av Norecs portefølje. Norec har eit klart fokus på at lærdomen som kjem som følgje av utvekslingsprosjekta skal kome lokale organisasjonar og lokalsamfunnet til gode, skriv Tor-Øyvind Rand og Marit Bakken. Foto: Norec

Norec er også for dei små

MENING: Det er ein plass for små organisasjonar i norsk bistand. Og for Norsk senter for utvekslingssamarbeid Norec er nettopp desse organisasjonane viktige. Men viss ikkje organisasjonane veit kva Norec har å tilby, må vi saman utforske moglegheitene og kva vi kan få til saman, skriv Norec.

I løpet av sommaren har fleire kronikkforfattarar i Bistandsaktuelt etterlyst eit større fokus på små organisasjonar i norsk bistand. Mykje av det dei etterlyser er moglegheiter som til dømes Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) har.

Programdirektør i PlayOnside, Ole Michelsen, skreiv i mai om eit klasseskilje i norsk bistand. Kompliserte søknadsprosessar og krav om ekstern revisjon vart løfta fram som hinder for at grasrotorganisasjonar skal få ein del av «bistandskaka.» Michelsen fekk raskt støtte, og på vegne av Bistand Vest skreiv Åse Kvinnsland Kodal om manglande anerkjenning av rolla dei små organisasjonane har i norsk bistand. «Små er ikke det motsatte av kvalitet,» skreiv Kodal, og peikte på at små grasrotorganisasjonar ofte er tettare på lokalsamfunna og kjenner dei betre enn dei store, klassiske bistandsorganisasjonane.

I kronikken sin frå 21. juli meinte Øystein Schjetne at små organisasjonar er direkte ekskluderte i norsk bistand, og at «avslag grunnet organisasjonens størrelse og behov for å redusere talet på avtaler kamufleres som svakheter ved søknadene.»

Frå desse tre kronikkane kjem det tydeleg fram at små organisasjonar ikkje føler seg verdsette eller tekne på alvor i norsk bistand.

 

Norsk bistand har fleire sider

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er det einaste kompetansesenteret for internasjonal utveksling i Noreg. Norec gir tilskot, oppfølging og kursing til om lag 220 partnarar frå ei rekke ulike land i Noreg, Afrika, Asia og Latin-Amerika.

Gjennom Norec kan små og store organisasjonar, bedrifter og institusjonar over lengre tid utveksle personale. Slik får dei styrka kapasiteten og kunnskapen både i organisasjonen sin og lokalsamfunnet dei er ein del av.

Dersom ein ser gjennom alle prosjekta som Norec støttar er det tydeleg at små sivilsamfunnsorganisasjonar er ein viktig del av porteføljen. Kodal skriv at små ikkje er det motsette av kvalitet, og det er noko prosjekta til Norec vitnar tydeleg om. Norec har eit klart fokus på at lærdomen som kjem som følgje av utvekslingsprosjekta skal kome lokale organisasjonar og lokalsamfunnet til gode. Då er det viktig at organisasjonane som får støtte til prosjekt er lokalt forankra og har god kulturell kjennskap til lokalsamfunna. Noko av det Norec fokuserer mest på, er med andre ord noko av det Kodal etterlyser i norsk bistand.

 

Tek dei små på alvor

I sin kronikk meiner Michelsen at det er vanskeleg for små organisasjonar å konkurrere med profesjonelle juristteam i større organisasjonar. Vidare skriv han at manglande kompetanse og kapasitet gjer det vanskeleg for dei å kome gjennom ein søknadsprosess når dei søker om norsk bistand.

Nettopp difor har Norec òg ei tett oppfølging i søknadsprosessen. Potensielle partnarar til Norec går gjennom eit introduksjonskurs til Norec generelt, med særskilt fokus på tilskota våre, søknadsmalar og sjølvsagt etiske retningslinjer. I tillegg til kurset har partnarane tett dialog med ein programrådgjevar i Norec som legg til rette for at partnarane får nok kunnskap til å kunne utvikle ein god prosjektsøknad.

Eit anna hinder for små organisasjonar, som vert nemnt av Michelsen, er kravet om revisjonsgodkjente rekneskap. Å fire på kravet om revisjon er risikabelt. Potensielle korrupsjonssaker er enormt skadelege, ikkje berre for utviklinga bistandsmidlane er meint å skape, men òg for korleis norsk bistand vert oppfatta av ein gjennomsnittleg skattebetalar.

Difor er det viktig, både for Norec og partnarane som mottek støtte, at vi gjer grundige økonomiske gjennomgangar og krev eksterne vurderingar av prosjekt som vi støttar. I Norec er midlar til revisjon innbakt i prosjektmidlane som Norec deler ut. Slik vert det ikkje ei økonomisk last for organisasjonane, og vi kan halde fram med å kvalitetssikre prosjekta og motvirke korrupsjon.

 

Kva kan vi saman få til?

Det er ikkje alle søknadar som kan innvilgast, og somme søkarar vert vurderte til å vere for svake til å forvalte norske bistandsmidlar på ein effektiv måte. I kronikken sin meiner Schjetne at somme avslag legg til grunn ein svak søknad, men at avslaget eigentleg er grunna storleik og behov i den søkande organisasjonen. Han opplever å ikkje få vite kva problemet med søknaden er, og opplever dette som frustrerande.

Som nemnt har Norec tett oppfølging i søknadsprosessen, og søkjarane får høve til å utbetre søknaden sin før den endelege vurderinga vert gjort. Norec legg ned mykje arbeid i rettleiing, særleg når det gjeld arbeidet med resultatrammeverket, nettopp fordi vi veit at dette er utfordrande for mange små organisasjonar. Når eit partnarskap får eit avslag frå Norec, får dei god grunngjeving slik at partnarskapet veit kva som må utbetrast for å få godkjent ein eventuell ny søknad.

Det som har kome fram i kronikkane i Bistandsaktuelt er at Norec kanskje ikkje er godt nok kjent blant dei små organisasjonane, då mykje av det dei etterlyser er noko Norec allereie kan tilby. Her har både Norec og organisasjonane ein jobb å gjere. Vi må utforske kva moglegheiter vi har, og kva vi saman kan få til.

Mening

Det som har kome fram i kronikkane i Bistandsaktuelt er at Norec kanskje ikkje er godt nok kjent blant dei små organisasjonane, då mykje av det dei etterlyser er noko Norec allereie kan tilby.

Tor-Øyvind Rand og Marit Bakken
Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 14.09.2021 17.07.03 Sist oppdatert: 14.09.2021 17.07.03