Norad skal setje pengar i arbeid. Det skal vi gjere med meir ansvar for resultata. Og med ei forventing om høgare kvalitet og god kontroll, skriv Bård Vegar Solhjell. Foto: Espen Røst

Eit Norad for framtida - med ny strategi og organisasjonsmodell

MENINGER: Norads ambisjon er ikkje snauare enn at vi vil gi eit solid bidrag for å gjere verda betre, og strekke oss mot berekraftsmåla. Den nye strategien vår og endringane vi gjer i organisasjonen skal ruste oss for vegen fram mot 2030.

På veg inn til Kampala – hovudstaden i Uganda – ein tidleg laurdagskveld i ein overfylt Toyota Hiace, kan eg sjå framtidstru og håplausheit smelte saman. Smil, latter og fest der folk samlar seg rundt gatemat og motorsyklar. Valplakatar med Bobi Wine, artisten som forsøkte å bli president. Moderne bygg med ny-etablerte selskap, som har funne ein marknad i middelklassen. Men også fattigdomen få steg unna, og den umiskjennelege lukta av låg-oktan bensin frå køyretøy som held på å falle frå kvarandre.

Dette var på ei av mine siste reiser før heile verda vart kasta ut i ein pandemi.

 

Eit stort tilbakeslag

Så sette pandemien inn. Helsesystem kollapsar, arbeidsplassar forsvinn og dei mest sårbare betalar den høgste prisen. Covid-19 er ikkje ein hump i vegen, det er eit stort tilbakeslag som vil dominere det kommande tiåret for fattige land. Under lurer klimakrisa, og eit stort demokratisk tilbakeslag.

I denne situasjonen blir bistand enno viktigare. Og med det Norads oppdrag. Og oppdraget til våre partnarar; FN og verdsbanken, sivilt samfunn, næringsliv og andre.

Vesle Noreg, med 0.015 prosent av verdas folketal, er ein stor aktør i internasjonal bistand. Litt over 2,5 prosent av den samla bistanden frå OECD-landa kom frå Noreg i 2020. Til samanlikning dekker vi om lag 2 prosent av verdas totale oljeproduksjon. Når Noreg endrar bistanden, betyr det noko.

 

Setter pengar i arbeid

Norads oppdrag er, på vegne av regjering og Storting, å sette norsk utviklingspolitikk ut i livet gjennom å forvalte midlar, gi faglege råd, drifte forvaltningssystema, bidra med norsk kompetanse, evaluere bistanden og kommunisere om han. Men Norads rolle i forvaltninga blei endra med reform 2019.

For berre fem år sidan forvalta Norad ca. 4,5 milliarder kroner av norsk bistand. Vi var ein fagetat som forvalta midlar innan enkelte tema og område. Frå 2020 har Norad  ansvaret for å forvalte det meste av den langsiktige bistanden – halvparten av den totale bistanden; om lag 19 mrd. kroner. Norads kjerneoppgåve er å oppnå resultat gjennom å sette pengar i arbeid. Samtidig ligg det ein ambisjon i reforma om tydelegare mål- og resultatstyring, uttrykt av departementet i tildelingsbrevet for 2020.

Norad skal setje pengar i arbeid. Det skal vi gjere med meir ansvar for resultata. Og med ei forventing om høgare kvalitet og god kontroll.

 

Oppgåvane er nye og større

Då eg starta i Norad for halvanna år sidan, fekk eg fort stadfesta inntrykket mitt av eit sterkt fagdirektorat og forvaltningsmiljø, der kvalitet, kontroll og uhilda ekspertkompetanse stod i førarsetet. Samstundes var oppdraget endra, og oppgåvene nye og større.  

Difor gjekk vi grundig til verks i fjor med ein brei og inkluderande strategiprosess. Vi analyserte oss sjølv og bad andre interessentar komme med innspel. Norad-medarbeidarar og partnarar peika på styrkar som godt arbeidsmiljø og høg fag- og forvaltningskompetanse, og også forbetringsområde som sekvensielle arbeidsprosessar og arbeid i siloar.

Strategien vår definerte ein kjerne vi skal bygge på.

  • Eit målbilete – berekraftsmåla og 2030-agendaen med utrydding av alle former for fattigdom som grunnleggande skal prege arbeidet vårt.
  • Ei hovudoppgåve – å setje pengar i arbeid for å gi vårt bidrag til berekraftsmåla.
  • Eit credo for å gjennomføre oppgåva og nå målet: Å la fakta har makta, å bruke kunnskap systematisk i arbeidet vårt.

 

Ein ny organisasjonsmodell - tre mål

Å sette denne strategien ut i livet krev at vi utviklar oss på mange måtar, samstundes som vi tek vare på og vidareutviklar kulturen og kompetansen som Norad har. Eit av verkemidla for det er ei organisasjonsendring. Ho er styrt av tre grunnleggande føringar:

 

Å organisere oss etter FNs berekraftsmål

Vi organiserer oss etter det vi skal oppnå, ganske enkelt. Vi samlar samarbeid innan ulike satsingar. Det betyr at innsatsen for auka energitilgang i samarbeidslanda våre, gjennom både privat sektor-, sivilsamfunns- og multilaterale partnarar, samlast i ei eining for energi og berekraftsmål 7. Det same gjeld også for andre tema og dei andre berekraftsmåla, eksempelvis helse: SDG3, likestilling: SDG5 og hav: SDG14.

Denne organiseringa vil samle kompetansemiljø og gi oss ei betre evne til å forvalte midlar strategisk. Det vil mogleggjere porteføljestyring og slik at Norad set pengar i arbeid for å nå måla sett av regjering og storting på best mogleg måte.

 

Integrere fag og forvaltning, for å sikre at vi bruker pengar enno betre

Norad skal sette pengar i arbeid i tråd med lovar og reglar for å oppnå resultat. For å styrke forvaltninga integrerer vi fag- og forvaltningskompetanse enda tettare. Før hadde vi ei spesialisert forvaltningsfagleg avdeling, no får vi eit kompetanseløft på tvers ved at ekspertar innan juss og tilskotsforvaltning skal bidra i forvaltningsprosessar laupande gjennom heile prosjekt- og programsyklusen.

Verksemdstyring vert styrkt ved oppretting av ei eiga dedikert avdeling der økonomi- og målstyring står sentralt. For å lukkast må vi også vidareutvikle digitale verktøy og forvaltningssystema som vi bruker i Norad og utanrikstenesta. Samstundes opprettar vi ein internrevisjon, eit viktig forbetringsverktøy, som rapporterer direkte til meg som direktør.

 

Styrke bruken av kunnskap

Norads strategi dreier seg om korleis vi kan gjere ein skilnad for målgruppa vår. Då må vi ha kunnskap om korleis vi kan nå måla. Vi har ein knallsterk base av kunnskap i medarbeidarane våre, men strategiprosessen avslørte at vi har ein del å gå på i systematisk bruk og deling av denne.

Integreringa av fag og forvaltning skal sikre at ulike former for kompetanse og innsikt er tett integrert i bruken av midlar. Samtidig etablerer vi ei eiga avdeling for kunnskap, som skal sette kunnskapsforvaltning enno betre i system og bidra til læring og forbetring av bistanden. Vi aukar også fokus på innovasjon og digitalisering. I ei verd som endrar seg raskt, må vi ha evne til å endre arbeidet vårt og forstå korleis det som skjer rundt oss påverkar oss. Vi skal også halde fram med uavhengige evalueringar av norsk bistand, og samtidig styrke bruken av desse i organisasjonen.

 

2020-talet blir annleis enn vi alle trudde. Verda er i stor endring, akkurat no, og utfordrar også oss som organisasjon. Norad har samstundes fått eit større oppdrag. Med det følger tillit og ansvar. Det er difor vi har laga ein ny strategi og endrar organisasjonen slik at vi skal kunne utføre oppdraget vårt enno betre, og vere ein god strategisk partner for alle dei vi samarbeider med.

Her er den nye organisasjonsstrukturen:

Norad struktur.JPG

Mening

Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 25.05.2021 11.20.37 Sist oppdatert: 25.05.2021 11.20.37