Politiet forsøkja å roe ned dei som skulle delteke i protesten utanfor Jamia Millia Islamia-universitetet i dag, 25. januar. Protesten var planlagt mot den påståtte interneringa av studentar som organiserte visning av BBC sin nye dokumentar, som India no har forbydd spreiing av. Foto: Manish Swarup / AP / NTB

Meininger:

Solheim må ha sovna i eigen religionstime

Når India sin statsminister let paramilitære vener marsjera med kjeppar mot muslimar og kristne, er «verdas største demokrati» ille ute.

Dette er eit debattinnlegg. Meiningar i teksten er skribenten sine eigne.

Indias statsminister Narendra Modi er rasande på BBC som har laga dokumentar om hans rolle under ei grufull valdsbølgje i delstaten Gujrat i 2002.

BBC meiner å ha dokumentert at Modi som sjef for delstatsregjeringa hadde mykje av skulda for valden som først og fremst ramma muslimar: drap, valdtekter, knuste butikkar og flukt. Modi prøver på si side å blokkera dokumentaren og skuldar på BBC for kolonialisme.

Valdsbølgja i Gujrat har hengt over Modi som eit bakteppe i 20 år, ikkje minst etter at han blei indisk statsminister i 2014 som leiar for det hindunasjonalistiske partiet BJP. Det tragiske er at det sidan 2014 har gått gale vegen ikkje minst for muslimar i India, men også for kristne i fleire delstatar.

I Bistandsaktuelt har tidlegare FN-topp Erik Solheim hylla Modi for utviklings- og fattigdomspolitikken, ein hyllest India-ekspertar har reservert seg mot. Solheim reduserte situasjonen for muslimar til noko han kunne skriva om «en annen gang». Det er tid for å skriva om dette no.

Solheim hadde rett, også i at religion i politikken kan vera av det vonde. Eitt av dei farlege døma er India. Solheim må ha sovna i sin eigen religionstime.

Johannes Morken

«Indre fiendar»

Solheim hevda etter ein prat med ein leiande indisk spirituell at det er «grunn til optimisme»: «Hinduismen er en sekulær, ikke dogmatisk religion, og India kan gi plass til alle.»

Men det er ikkje moderate hindustemmer som dominerer India under Modi.

V.D. Savarkar som utvikla hindutva-ideologien, plasserte alt for 100 år sidan muslimar og kristne utanfor det nasjonale fellesskapet. M.S. Golwalkar som fram til sin død i 1973 var ein viktig tenkjar i den paramilitære hindu-nasjonalistiske rørsla Rashtriya Swayamsevak Sangh (RSS), stempla kristne, muslimar og kommunistar som indre fiendar. Ein farleg ideologi inspirerer dagens RSS-aktivistar når dei marsjerer med kjeppar.

RSS som er ei mor-rørsle for BJP, pressar fram hindutva-ideologien som vil gjera India til eit land for hinduar. Aktivistar spelar på frykt for muslimar og kristne. For å ta eit ferskt døme.

Før jul i fjor gjekk lokale hindu-aktivistar frå landsby til landsby i eit urfolk-område i Chhattisgarh. Dei pressa fram landsbymøte for å isolera menneske som hadde valt kristen tru. Fleire vart med makt å bli «rekonverterte» til hinduismen.

Meir enn 1000 kristne vart jaga frå heimane sine. Minst 20 kyrkjer vart øydelagde. Mobben grov opp lik av kristne som vart nekta gravplass.

Tragedien skjedde i eit område der det bur adivasiar. Dette er etniske grupper som i India har status som stammefolk. Dei er urfolk, og det er 105 millionar av dei. Dei er gjerne animistar, dei tilber naturen.

Men hindu-nasjonalistane nektar å godta adivasiane som urfolk. For dei er det hinduane som ber Indias nasjonale kultur og religion. Mange adivasiar har valt kristen tru eller islam for å bli kvitt kastesystemet. Hindu-nasjonalistane vil tvinga urfolket inn i hindu-falden og brukar kampen mot konvertering som maktmiddel.

Maktmiddel for aktivistar

Etter 2014 har lovgjeving som kriminaliserer konvertering, skote fart, med fengsel frå eitt til ti år. Dei strengaste straffene gjeld konvertering av adivasiar, dalitar, kvinner og barn. Elleve delstatar har slike lover.

Lovene forbyr konvertering med «makt, utilbørleg påverknad, lokkemiddel, tvang eller bedragersk framgangsmåte». Men det finst ingen bevis på at dette er eit problem. Lovene er derimot blitt eit maktmiddel for hinduaktivistar som brukar dei som påskot for angrep på kristne og muslimar. Altfor ofte snur politiet ryggen til, eller dei tek mobbens parti.

Det finst knapt ein einaste fellande dom. Men bølgja av rapportar om påstått tvang blir utnytta. Ein hindu-nasjonalistisk advokat gjekk til høgsteretten i New Dehli. Den 14. november fekk han – til sjokk for mange – medhald i at India må stogga «tvangskonverteringar».

Advokaten måtte i 2021 trekkja ei liknande sak – dommarane fann kravet i strid med grunnlova som garanterer retten til spreia trua si. Advokaten la ikkje fram dokumentasjon no heller, men påstod at hinduane kan koma i mindretal. Dette er å spela på frykt. Men korleis kan 14 prosent muslimar og 2,3 prosent kristne truga ein milliard hinduar?

I den heilage byen Chitrakoot lanserte RSS sommaren 2021 ein kampanje for å «frigjera India» frå det muslimske og det kristne samfunnet – med krav om nasjonal lov mot konvertering. No har dei fått Indias øvste domstol på laget. Skal ein bevisst politikk mot minoritetane spreiast til alle 28 delstatane?

Kampanje

I 2012 kom dåverande SV-statsråd Erik Solheim med postulatet «Gud er tilbake». Han minna om at religion i andre verdsdelar er ein viktig del av livet for mange og at religion kan spela ei konstruktiv rolle for utvikling og klima.

Solheim hadde rett, også i at religion i politikken kan vera av det vonde. Eitt av dei farlege døma er India. Solheim må ha sovna i sin eigen religionstime.

Om kort tid passerer India Kina, og blir verdas mest folkerike land. Eg ber Solheim appellera til venen Modi: I fredsarbeid og klimakamp treng vi India – som eit sterkt demokrati, ikkje som eit autoritært land der religiøse minoritetar blir pressa ut av fellesskapet.

Powered by Labrador CMS