Daglig leiar i Forum for utvikling og miljø Kathrine Sund-Henriksen går hardt ut mot synspunkta til tidligare utanrikspolitisk rådgivar for FrP Pål Arne Davidsen og tidlegare bistandsråd Hans Peter Melby.

Meiningar:

Skivebom frå Davidsen og Melby i bistandsdebatten

Hans Peter Melby og Pål Arne Davidsen kjem med rotete kritikk og dårlege argument for å bevare regjeringa sine kutt i bistanden.

Dette er eit debattinnlegg. Meiningar i teksten er skribenten sine eigne.

Nyleg publiserte Bistandsaktuelt to debattinnlegg frå tidligare utanrikspolitisk rådgivar for FrP Pål Arne Davidsen og tidlegare bistandsråd Hans Peter Melby.

Davidsen reagerer på at organisasjonane ikkje tek dei kampane som verkeleg gjeld, medan Melby antyder at det kan vere positivt å kutte i bistanden, fordi ein då må ha meir fokus på kvalitet.

Men kan det kanskje vere slik at dei som jobbar med bistand klarer å fokusere på kvaliteten samstundes som dei forvaltar store summar?

Dette heng òg saman med eit argument brukt av enkelte parti, som seier at dei er opptekne av «innretninga» og ikkje «prosenten». Det høyres ut som det er ein motsetnad å vere oppteken av begge deler samstundes.

Sjølvsagt meiner vi som vil behalde på éin-prosenten at kvalitet er viktig! Vi veit òg at bistand verkar. Dette kan ein til dømes lese om i denne oppsummeringa.

Absurd debatt

Eg deltek akkurat no på generalforsamlinga i FN. Den fancy høgnivåveka med alle verdsleiarane samla, er over. No pågår det viktige detaljarbeidet i dei ulike komiteane. I innlegg etter innlegg høyrer vi land beskrive situasjonen dei står i akkurat no. I desse innlegga, er pandemien framleis svært aktuell. I tillegg er det klimakrise, matvarekrise, gjeldskrise og konflikter.

Til saman har desse krisane skapt eit stort behov for meir ressursar til å dekkje grunnleggande behov.

I denne situasjonen vert diskusjonen rundt det norske bistandsbudsjettet absurd: At vi, delvis fordi vi har tent for mykje pengar, delvis på grunn av ein teknikalitet, ikkje skal kunne dele meir av vår stadig aukande overflod.

«Samstemthet»

Davidsen bruker på sin side vårt eige hjartebarn, «samstemthet», for å sei at vi som kjempar for éin-prosenten er sneversynte.

Han skriv: «Når samstemtheten hver oktober møter de budsjettpolitiske realitetene i Stortinget, så skylles den imidlertid ut med badevannet. Tilbake står det rene fokuset på én prosent».

Dette er ei grov forenkling av arbeidet som vert gjort i organisasjonane. Saman med våre medlemsorganisasjonar har vi i snart 30 år jobba for ein samstemt norsk politikk for bærekraftig utvikling.

Om han les våre og våre medlemmar sine innspel til statsbudsjettet vil han òg sjå at bistandsprosenten berre er éin av dei mange sakene knyta til budsjettet vi jobbar for.

Men det er fint å sjå at Davidsen no bry seg om samstemthet, eit tema partiet han har vore rådgjevar og statssekretær for, ikkje er kjent for å løfte særleg høgt.

Premisset til Davidsen er også merkeleg. Noreg har på ulike måtar ein negativ påverknad på utviklingsland, og det gjer det greitt å kutte i bistanden?

Då tenkjer eg at vår tilnærming er betre: Gjennom heile året jobbar vi for meir samstemthet. Og når eit budsjettforslag med eit stort bistandskutt blir lagt fram, mobiliserer vi i tillegg for å endre på dette.

Vi veit at bistand ikkje er nok

At bistandsmiljøet og organisasjonar som jobbar med solidaritet og utvikling mobiliserer mot eit kutt, betyr ikkje at vi meiner at bistand er det eine svaret på alle dei store krisene i verda.

Bistand er sjølvsagt berre ein del av svaret.

Samstundes som vi jobbar for éin-prosenten, jobbar vi med andre sentrale område som bidreg til at utviklingsland skal kunne oppnå berekraftsmåla, som kapitalflukt, skatt, handel, statsgjeld og klima.

Kollegaer, som akkurat har delteke på årsmøta i IMF og Verdsbanken, fortel om deprimerande tilstander der alle er einige i at den enorme gjeldskrisa som er i gong no, vil få fryktelege konsekvensar for utviklingsland og menneska som bur der.

Når landa ikkje er klare for å gjere noko med gjeldskrisa, står dei same organisasjonane som kjemper for bistandsprosenten også på krava for ei rettferdig og berekraftig handtering av gjeld.

Her på generalforsamlinga i FN har Afrika-gruppa akkurat lagt fram eit resolusjonsforslag om ein skattekonvensjon. Sivilsamfunnet jublar, og mobiliserer for at flest mogeleg land skal støtte opp om forslaget.

Vi jobbar òg for ein ny stor FN-konferanse på utviklingsfinansiering, der ein skal sjå dei økonomiske områda i samanheng og sikre at utviklingslanda får tilgang til kapitalen dei treng om dei skal nå FN sine berekraftsmål og klimamål innan 2030.

Les også: Kina er ikke verst i klassen i Afrika og FN advarer mot voksende gjeldskrise

Bistanden må opp

Saman med våre rundt 60 medlemsorganisasjonar, kjempar vi tøffe kampar for solidaritet, rettferd og berekraft året rundt. Vi kjempar for at Noreg skal vere eit ekte føregangsland, og desse vekene kjempar vi også for bistandsprosenten.

Det er mange og samansette løysingar som må til for å løyse dei store problema verda står i. I denne vanskelege situasjonen må den norske bistanden gå opp, ikkje ned. Det moralske perspektivet er så sjølvsagt at det ikkje burde vere naudsynt å poengtera det. Så har vi domino-effekten.

Her i New York høyrer vi allereie representantar frå sivilsamfunnet i andre land seie: «Når rike Noreg har kutta så mykje, tør vi ikkje tenkje på kva våre land kan gjere.»

Ja, det er eit faktisk kutt.

Auke i pris og inflasjon gjer at pengane er mindre verd enn kva dei var for eit år sidan. Realiteten på bakken er store kutt i kva behov som kan dekkast, samstundes som både fattigdom og svolten aukar.

Det er trass alt det som skjer på bakken som er viktig. På Arbeiderpartiet og Senterpartiet si vakt er vi no på nivå med 1976 når det gjeld kor stor del av rikdomen vår vi deler med dei som treng det aller mest. Er dette verkeleg det Noreg vi ønskjer oss?

Powered by Labrador CMS