Dagleg leiar i Forum for utvikling og miljø (ForUM) Kathrine Sund-Henriksen under FN sin generalforsamling i New York.

Debatten om ein-prosenten:

Bistandsprosenten gjer ikkje at norske familiar får dårlegare råd

Pål Arne Davidsen held fram med å bomme i sine innlegg om bistandsprosenten.

Dette er eit debattinnlegg. Meiningar i teksten er skribenten sine eigne.

I Pål Arne Davidsen sitt siste innlegg i debatten om bistandsprosenten, vert ForUM skulda for å hevde at bistand er løysinga på alle problema i verda, for å ikkje ta norske familiar sin situasjon på alvor og for å vere meir ustemt enn samstemt.

Her er tre grunnar til at argumenta til Davidsen ikkje heng på greip:

1. Bistand er viktig, men berre ein del av svaret

For det første er det fascinerande å bli skulda for å meine at bistand er løysinga på verdas problem, når ein stor del av mitt innlegg handlar om korleis organisasjonane jobbar med andre løysingar, og korleis bistand «berre er ein del av svaret».

Særleg spesiell er påstanden til Davidsen sett i lys av at eg leier nettverket Forum for utvikling og miljø som sjølv ikkje er ein bistandsorganisasjon, men som jobbar med politisk påverknad for ein meir samstemt og ambisiøs norsk politikk for berekraftig utvikling.

Dessverre ser vi at bistand er viktig i den situasjonen verda står i, både fordi behova er store og fordi bistand verkar. Etter tiår med positiv utvikling ser vi no at både fattigdomen og svolten i verda aukar. I Somalia er det til dømes fare for at ein halv million ungar under fem år skal svelte i hel.

Når Noreg samstundes blir rikare og rikare, er det ei sjølvfølge for oss å kjempe for at vi skal oppretthalde politikken om å gi ein prosent av vår BNI i bistand.

2. Påverkar ikkje økonomien

Det er også spesielt å sjå at Davidsen ikkje har fått med seg at bistandspengar sendt ut av Noreg ikkje påverkar økonomien innanlands. Dette har vore ein hovudbodskap frå alle som kjempar for éin-prosenten.

I svaret sitt lurer Davidsen også på kvifor bistandsbudsjettet skal skjermast når butikkar i Noreg går konkurs og småbarnsfamiliar slit med økonomien.

Sjølv om alle krisene i verda i dag har mykje større konsekvensar for fattige menneske i fattige land, skal ein ikkje ignorere at mange har økonomiske vanskar i Noreg og at straumprisar og inflasjon gjer kvardagen endå meir krevjande.

Den store skilnaden mellom bruk av offentlege midlar i Noreg og til bistand til andre land, er at bistand i svært liten grad er inflasjonsdrivande i donorlandet. Dette kan ein mellom anna lese om i ein rapport frå Samfunnsøkonomisk analyse.

3. Arbeid for samstemthet i fleire tiår

Kritikken av ForUM som meir ustemt enn samstemt held heller ikkje eit særleg høgt nivå.

Davidsen meiner at sidan ForUM-fellesskapet ikkje har problematisert hans eigne hjartesaker for ei betre verd (meir frihandel og mindre flyskam) dei siste vekene, så er ForUM meir ustemt enn samstemt.

Ein samstemt politikk for berekraftig utvikling handlar om korleis all politikk som vert ført ute og heime påverkar moglegheita til å nå berekraftsmåla.

Dette er komplisert, og det er ikkje nok å berre fokusere på isolerte tema.

I ForUM har organisasjonar som jobbar for utvikling, miljø, menneskerettar og fred i fleire tiår samarbeida om å gjere norsk politikk meir samstemt for berekraftig utvikling. Dette er noko vi jobbar med kvar einaste dag.

Eit viktig utgangspunkt for å ha meiningsfulle samtalar om det å vere samstemt, er kunnskap om kva dette omgrepet handlar om, og kva det ikkje handlar om.

Her vil eg anbefale alle interesserte å lese seg opp, og som ein start vil eg foreslå Fafo og ForUM sitt notat frå i år om korleis ein kan utvikle verktøy for å sikre samstemmige avgjerder i norsk politikk, og om kva vi legg i desse omgrepa.

Powered by Labrador CMS