Gunnar Zachrisen intervjuar Sirish Shamser Rama, informasjonsminister i Nepal. Året er 2006. Foto: Ken Opprann

Ein redaktør mønstrar av

Når Gunnar Zachrisen no forlèt redaktørstolen i Bistandsaktuelt, kan han sjå attende på eit imponerande arbeid.

Publisert

Etter 23 år i storm og stille står Bistandsaktuelt støtt, som ei heilt nødvendig informasjonskjelde for alle som er opptekne av bistand, utvikling og utanrikspolitikk. Bladet gir eit breitt innsyn i stoff du knapt finn andre stader. Høg journalistisk kvalitet og ein framifrå presentasjon.

Det har ikkje kome av seg sjølv. Sommaren 1998 sat Gunnar mutters åleine på eit Norad-kontor i Tollbugata og skulle lage eit blad som dekte bistandssektoren. Informasjonsdirektør Raymond Johansen ivra for ein ny og interessevekkande publikasjon. Fleire forsøk hadde vore gjort, men hadde stranda.

Gunnar var journalist, verken byråkrat eller diplomat, men ein hyggeleg fyr som kjende mange og hadde bakgrunn frå solidaritetsarbeid for Latin-Amerika. Han fekk stabla på beina ein redaksjon av frilansar og etter kvart gode, tilsette journalistar. Allereie første året kom bladet med 10 utgåver.

Utgangspunktet var ikkje det enklaste: Å rapportere om både positive og negative resultat av bistanden. Å drive informativ, aktiv, analyserande og kritisk journalistikk på eigen arbeidsgivar.

Med andre ord: Å bite den handa som matar deg. Men det gjekk, trass i nokre sterke reaksjonar i Utanriksdepartementet og frå superlojale bistandstilhengarar som meinte at all kritikk måtte dyssast ned, - av omsyn til dei fattige.

Gunnar hadde sikra seg ein formålsparagraf og instruks som inneheldt ordet sjølvstende, og det har han manøvrert etter gjennom alle desse åra. Redaktørplakaten kom formelt på plass i 2008, men i praksis har bladet blitt redigert etter han heilt frå starten av. I 2013 vart Bistandsaktuelt kåra til Årets Fagblad.

Gunnar er ein positiv og omgjengeleg mann med ei sterk journalistisk ryggrad. Dette har nok hjelpt han til å balansere mellom kantineprat og gjennomarbeidd journalistikk. Eit resultat av arbeidet til den dyktige staben i BA, er at vi i dag står overfor ein bistandsbransje som er klart mindre naiv og meir sjølvkritisk.

Prosjektet til Bistandsaktuelt har ikkje vore berre openheit, kritikk og sjølvransaking, det har også vore viktig å få fram dei mange positive utviklingstrekka i utviklingsland. Medan tradisjonelle medium ofte har eit samanfallande ønske om å framstille forholda så ille som mogleg, har BA fått fram dei positive nyheitene frå utviklingsland. Vi har fått ei meir nyansert framstilling av situasjonen.

Eit tett og godt pleia nettverk av lokale korrespondentar har hjelpt. Ikkje minst vart dette viktig i 2020, året då ingen kunne reise.

I dag er Bistandsaktuelt ein heilt sentral aktør innanfor feltet informasjon om bistand, utvikling og utanrikspolitikk. I fjor hadde bladet blant anna brei dekning av krigshandlingane i Etiopia, valet i Uganda og valet i Tanzania.

Nyheiter på nett starta forsiktig i 2001. Sidan har det vakse til å bli den viktigaste delen av BA og står no heilt sentralt i nyheitsbildet innanfor sitt felt. I fjor hadde BA om lag 2 millionar unike treff på nett. Papiravisa har ca. 19 000 abonnentar.

Dette er ein imponerande innsats. Avisa har overlevd fem Norad-direktørar, fem utviklingsministrar, sju utanriksministrar og to nedleggingsforsøk. Alt med Gunnar som skipper.

Skuta Gunnar no forlèt, flyt godt. Takk for innsatsen, Gunnar!

Powered by Labrador CMS