Fisket etter tunfisk er regulert i Indiahavet, men båtar som fangar tunfisk er også ofte på jakt etter haiartar – eit fiske som ikkje er regulert. Foto:Simon Ager /TMT

Aukande uregulert fiske i Indiahavet rammar mattryggleik

Den kinesiske fjernfiskeflåten og fleira andre utnyttar manglande regulering i Indiahavet. Kyststatane taper inntekter og mogelegheiter – og ein del av fangsten hamnar på europeiske matbord, åtvarar ny rapport.

Av Kristin Straumsheim Grønli Sist oppdatert: 16.11.2020 06.58.16

Det uregulerte fisket i internasjonalt farvatn i Indiahavet trugar viktige artar og økosystem – og dermed også mattryggleiken og dei økonomiske mogelegheitene til kyststatane, ifølge ei ny kartlegging som WWF European Policy Office står bak, saman med Trygg Mat Tracking (TMT) – ein ideell og uavhengig organisasjon med base i Noreg, som driv med global etterretning innan fiskeri.
 
– Det regulatoriske vakuumet i Indiahavet og det hurtig veksande uregulerte fisket kan ikkje halde fram, seier Nils Harley Boisen, seniorrådgjevar for natur og utvikling i den norske avdelinga til naturvernorganisasjonen WWF, som heiter WWF Verdens Naturfond.
 

Tre U-ar

Indiahavet er enormt, og strekker seg frå Afrika i vest til India og Australia i aust. Her har ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) allereie stått i internasjonalt søkelys.
 
Stort sett har fokus vore på dei to første U-ane. Mellom 16 og 34 prosent av fisket i Indiahavet var enten ulovleg eller urapportert, viste ein 2015-rapport frå National Intelligence Council i USA.
 
Den tredje U-en, som altså står for uregulerte fiske, har så langt ikkje fått mykje merksemd. No har WWF og TMT kartlagt Indiahavet for både regulatoriske tomrom og fiskeriaktiviteten i dei. Kartlegginga gjeld den delen av Indiahavet som fell inn under det juridiske omgrepet «ope hav», det vil seie havområda utanfor kyststatane sine økonomiske soner.
 
– Artane i havet tek ikkje omsyn til grenser menneska har laga, seier Boisen i WWF Norge.
 

Rammar kyststatane

Ofte er det altså dei same bestandane som blir fiska på både innanfor og utanfor dei økonomiske sonene. Fiske på éin bestand kan også ramme næringskjeda og indirekte andre bestandar.

Nils Harley Boisen, seniorrådgjevar for natur og utvikling i WWF Verdens Naturfond

 
– Det uregulerte fisket i Indiahavet kan rive bort kyststatane si evne til berekraftig forvalting av bestandane i eige farvatn, seier Boisen.
 
Utviklinga trugar ikkje berre artsmangfaldet i havet. Den rammar også økonomi og mattryggleik. Aktørane som tømmer ressursane på det opne havet tek som oftast fangsten med seg til fjerne hamner. Mykje går til Kina.
 
– Dersom fisket var meir rettferdig tilrettelagt, ville meir av fisken landa i lokale hamner. Kyststatane ville hatt meir nytte av fangsten og ein større del av inntektene, seier Boisen.
 
Han understrekar også at kyststatane sjølve, på sikt, kan ønske å satse på fiske på det opne hav. Dersom uregulert fiske får halde fram utan omsyn til dei biologiske tolegrensene, kan dette øydelegge for den framtidige ressursutnyttinga til kyststatane.
 
– Dessutan er det ofte dei same aktørane som tømmer ressursane i uregulerte område på det opne havet, som også opererer ulovleg og urapportert innanfor dei økonomiske sonene, seier Boisen.
 
 

Blekksprut

Rapporten frå WWF og TMT trekk fram fleire eksempel på problemet. For nokre år sidan starta eit uregulert fiske etter tiarma blekksprut i ope hav utanfor Oman og Jemen. Frå 2015 til 2019 auka talet på involverte farty frå 30 til nærmare 280. Båtane brukte også stadig meir tid i området.
 
TMT har brukt ulike metodar for å kartlegge omfanget av dette fisket - frå å analysere signal frå automatiske identifikasjonssystem (AIS) på båtane til å sjå på satellittbilete og operasjonsmønster.

Kinesisk båt som fiskar etter blekksprut i Indiahavet. Foto: NPFC

 
Kinesiske fiskebåtar dominerer blekksprutfisket i Indiahavet. Det gjeld også lastebåtane som hentar fisken ute til sjøs. Over halvparten av desse ankra opp i Kina.
 
– Dette fisket er ein alvorleg trugsel –  ikkje berre mot blekksprutbestanden, men mot heile økosystemet bestanden er del av. Blekksprut er ei viktig kjelde til mat for mange artar, for eksempel tunfisken, seier Boisen.
 
Ingen fører tilsyn med eller har oversikt over kvar den uregulerte fangsten endar opp. Det er sannsynleg at Europa er ein av marknadene, ifølge rapporten.
Rundt 70 prosent av sjømatforbruket i EU er importert, ifølge ein rapport frå EU-kommisjonen. Europeiske land importerer stadig meir frossen blekksprut frå Kina og India.
Marknadsstatane bør stille strengare krav til importen, mellom anna med auka sporbarheit, for å unngå å fungere som drivarar for uregulert fiske, anbefaler WWF og TMT.
 
 

Opererer globalt

Data frå rapporten viser også at det kinesiske blekksprutfisket er globalt. Det er dei same kinesiske båtane som reiser til andre hav og fangar blekksprut. Ifølge Kina sjølv er blekkspruten den viktigaste fangsten for den store, kinesiske fjernfiskeflåten. Dette blir også stadfesta i ein rapport frå tenketanken Overseas Development Institute.

 
Kinesarane sitt blekksprutfiske har utløyst mange protestar dei siste åra, og etter internasjonalt press er reguleringar på veg enkelte stader. Mellom anna ligg det an til stenging av blekksprutfisket sørvest i Atlanterhavet frå juli til september, og aust i Stillehavet frå september til november.
 
Det er ikkje planlagt liknande sesongbasert stenging av blekksprutfisket i Indiahavet. Stenginga aust i Stillehavet vil dessutan skje medan det er høgsesong nordvest i Indiahavet. 
 
– Vi fryktar difor at tiltaka kan lede meir av fisket etter blekksprut inn i Indiahavet, seier Duncan Copeland, dagleg leiar i TMT.

Duncan Copeland, dagleg leiar i Trygg Mat Tracking (TMT)

 
I år er allereie over 110 blekksprutfiskebåtar på plass i dette området, fortel han.
 
Det er også sterke indikasjonar på at eit nytt, uregulert blekksprutfiske er i ferd med å etablere seg lengre aust i Indiahavet.
 
– Utfordringane viser kor viktig det er å ha ei global tilnærming til manglande fiskeriregulering i Indiahavet, seier Copeland.
 
 

Geografi og artar

Kartlegginga viser at dei regulatorsiske tomromma på det opne hav i Indiahavet handlar om dekning av både geografiske område og ulike artar.
 
Tre regionale fiskeriorganisasjonar, det vil seie internasjonale organisasjonar av land med interesser i fiskeriet i eit bestemt område, er spesielt viktige. Dette er Indian Ocean Tuna Commission (IOTC), The Commission for the Conservation of Southern Bluefin Tuna (CCSBT) og South Indian Ocean Fisheries Agreement (SIOFA).
 
Som namna på organisasjonane indikerer, er det manglande regulatorisk dekning nord og aust i Indiahavet. Det gjeld mellom anna utanfor dei økonomiske sonenen til Yemen, Oman, Pakistan, India, Sri Lanka, Maldivene, Bangladesh, Myanmar, Thailand, Kambodsja, Indonesia og Australia.
 
Mykje fokus har dessutan vore på tunfisken, og mindre på andre artar. I tillegg til blekkspruten, trekk rapporten mellom anna fram behovet for regulering av fangst og bifangst av ulike artar hai, små pelagiske fisk som ansjos og sardin, krepsdyr, delfinar, niser og kvalar.
 
 

Kunnskap

Fleire norske institusjonar har kompetanse og erfaring med forvalting av fiskeri og havressursar som er etterspurd av myndigheiter i mange utviklingsland. Havforskningsinstituttet (HI) er ein av dei. Erik Olsen er forskingssjef ved avdelinga Havforskning i utviklingsland.
 
– Eg er heilt samd i at det uregulerte fisket i Indiahavet er svært ugunstig for å sikre berekraftig hausting av marine ressursar, seier han.
 
Gjennom fleire ulike bistandsrelaterte prosjekt, inkludert i Indiahavet, arbeider HI med å bidra til eit internasjonalt fiskeri som er regulert og berekraftig.
 
– Landa treng kunnskap om eigne ressursar for å gjere kloke avgjersler om både eigen industri og internasjonalt fiskeri. I tillegg trengs det kunnskap om korleis fiskeriet går føre seg og korleis dette verkar inn på bestandane, seier Olsen.
 
For eksempel gjennomfører forskingsfartøyet «Dr. Fridtjof Nansen» tokt for EAF Nansen-programmet til FNs Matvareorganisasjon (FAO). Programmet bistår utviklingsland i å etablere økosystembasert fiskeriforvaltning. Fartøyet er eigd av Norad – Direktoratet for utviklingssamarbeid og drifta av HI.
 
«Dr. Fridtjof Nansen» samlar inn informasjon frå tokt i hav- og kystområde i Afrika og Asia.

Forskingsfartyet «Dr. Fridtjof Nansen» gjennomfører mellom anna tokt i Indiahavet. Foto: Bjørn Serigstad/Havforskningsinstituttet

 

Dei største hola

Når kunnskapen er på plass, er det neste steget målretta forvaltning.
 
– Regionale avtalar for å forvalte ressursane mellom partnerlanda, inkludert dei som opererer i internasjonalt farvatn, er svært viktig, seier Olsen.
 
Han viser til at det har vorte heilt slutt på uregulert fiske i Barentshavet og Norskehavet etter at slike regionale avtaler kom på plass, med fordeling av kvotar.
 
– Sjølvsagt er dette enklare i Nord-Atlanteren det det ikkje er så enorme avstandar mellom dei økonomiske sonene som det er i Indiahavet, seier han.
 
Basert på omfanget av dei ulike typane uregulert fiske i Indiahavet, meiner Olsen det kan løne seg å satse mest på å få til bindande regionale avtalar om pelagiske fisk, krepsdyr og blekksprut. Her manglar det heilt regulering i dag.
 
– Eg er samd i at ei heilskapleg økosystemforvalting av alt under eitt ville vore det beste, men å fikse dei største hola i dagens forvaltning vil vere eit godt steg på vegen, seier han.
 
På same måte som WWF og TMT er Olsen oppteken av at marknadsstatane må ta sin del av ansvaret.
 
– At Europa bør gå føre som eit godt eksempel og presse på for å få til god fiskeriforvaltning, er eg heilt samd i.
 
I tillegg til å jobbe for tydelegare lovverk, kan dette også handle om å gjere forbrukarane meir medvitne på kvar maten kjem ifrå, understrekar Olsen.
 
– Økomerking har vorte meir populært dei siste åra, for eksempel slik det allereie blir gjort gjennom Marine Stewardship Council, seier han.
 
 

Betring

Globalt har landa blitt mykje betre til å dele informasjon og samarbeide om konkrete saker, ifølge Copeland i TMT.
 
– Samtidig står det att store utfordringar når det gjeld fiskerikriminalitet, for eksempel fiske utan lisens, fiske med ulovleg utstyr og fiskeriarbeidarar utan lovlege arbeidskontrakter. Denne typen kriminalitet er det meir komplisert å få has på, seier han.
 
Copeland meiner ansvaret til eksisterande organisasjonar må utvidast, både geografisk og med tanke på artsdekning. Utfordringa er konkurrerande interesser mellom partane, det vil seie fiskeristatar, kyststatar og marknadsstatar.
 
– Det finnast ei rekke internasjonale mekanismar som det er viktig at vi får utvikla vidare, seier Boisen i WWF Norge.
 
Copeland viser til FN sine berekraftsmål, der mål nummer 14 handlar om livet under vatn.
 
Både WWF og TMT peikar på pågåande forhandlingar om den nye globale FN-avtalen om naturmangfald i internasjonalt farvatn (Marine Biodiversity of Areas Beyond National Jurisdiction (BBNJ).
 
Boisen viser også til den internasjonale hamnestatsavtalen The Agreement on Port State Measures, som tredde i kraft i 2016. Dette er den første bindande internasjonale avtalen som er spesifikt retta mot UUU-fiske. Målet med avtalen er å hindre båtar som er involvert i UUU-fiske i å få fangsten sin i havn.
 
– Hamnestatsavtalen vil ikkje gjere stor forskjell i denne samanhengen. Både fordi fisket ikkje er ulovleg, og fordi avtalen ikkje gjeld for innanlands båtar. Alle dei kinesiske båtane som legg til hamn i Kina vil altså verre unnateke, innvender Copeland.
 
 

Nytt bistandsprogram

Noreg deler bekymringa til WWF og TMT når det gjeld UUU-fiske, ifølge Heidi Sandvand Hegertun, fungerande avdelingsdirektør i Kunnskapsbanken i Norad.
Norad

Heidi Sandvand Hegertun, fungerande avdelingsdirektør i Kunnskapsbanken i Norad. Foto: Tanja Wallin

 
– Difor har Noreg støtta arbeidet mot dette problemet i ei årrekke, gjennom mange ulike kanalar. Mellom anna hjelper Noreg utviklingsland med å implementere den internasjonale hamnestatsavtalen, mellom anna via FN-organisasjonen for mat og landbruk (FAO), fortel Hegertun.
 
Ho seier vidare at Noreg også støttar regionale organisasjonar for fiskeriforvaltning som bidrar til berekraftig fiskeriforvaltning.
 
– Slik er vi med på å legge til rette for samarbeid over landegrensene.
 
Ho viser også til Hav for utvikling, eit nyleg etablert bistandsprogram. Det overordna målet er å bidra til å styrke berekraftig og inkluderande havøkonomi i samarbeidslanda.
 
– Gjennom dette programmet har Noreg nyleg inngått ein avtale med FN sitt havrettskontor (DOALOS) for å hjelpe utviklingsland med å styrke institusjonell kapasitet innan havrett, fortel Hegertun.
 
Når det gjeld BBNJ-forhandlingane, fortel ho at det er ein generell prioritet for Noreg å støtte utviklingsland, mellom anna med sikte på å styrke kapasiteten til å implementere den nye avtalen når den blir ferdig.
 
 

Flaggstatane

Til sist kan det vere viktig å hugse at uregulert fiske faktisk ikkje går føre seg i totalt juridisk vakuum. Fisket i seg sjølv er ikkje ulovleg for båtane som driv med det, men sjølv om eit område er uregulert, har flaggstatane likevel ansvar for å forvalte det aktuelle fiskeriet på ein berekraftig måte.
 
I botn ligg nemlig internasjonal lov som definerer flaggstatane sitt ansvar for å forvalte levande marine ressursar. Medan The United Nations Convention on the Law of the Sea (UNCLOS) anerkjenner retten alle land sine innbyggarar har til å fiske på det opne hav, er det ein føresetnad at landa bevarer dei levande marine ressursane og samarbeid med andre statar. Kina har ratifisert UNCLOS.
 
Kina har også ratifisert United Nations Fish Stock Agreement (UNFSA), og er difor som flaggstat forplikta til å sørge for ansvarleg forvaltning der fjernfiskeflåten er aktiv på det opne hav.
 
– Her finn vi kanskje den enklaste innfallsvinkelen til problemet med uregulert fiske, seier Copeland.
Han siktar til målretta tiltak mot landa der fiskerioperasjonane startar, for å få desse landa til å ta avgjersler på nasjonalt nivå.
 
Publisert: 16.11.2020 06.58.16 Sist oppdatert: 16.11.2020 06.58.16