Reportarar utan grenser arbeider for pressefridom og offentleggjer ei årleg rangering av 180 land etter graden av pressefridom.

Pressefridom: 16 av 23 samarbeidsland i feil retning i fjor

Pressefridomen svekkast i norske samarbeidsland for bistand. For heile 16 av dei 23 største bistandslanda var det ei negativ utvikling i fjor, viser ein rapport frå Reporterar utan grenser.

I 2020 fekk 23 land meir enn 200 millionar kroner i direkte bistand frå Noreg (sjå faktaboks/tabell). Dei fleste av disse ligg langt nede på rangeringa til Reporterar uten grenser (RSF), kalt World Press Freedom Index.

Blant bistandsmottakarane er det dei konfliktfylte landa Syria, Jemen, Irak, Somalia og Sudan som er aller dårlegast på pressefridom.

  • Globalt er situasjonen for pressefridomen problematisk, vanskeleg eller alvorleg i tre av fire land.
  • 300 journalistar og 100 borgarjournalistar sit fengsla verda over.
  • Seks journalistar og fire medieassistentar er blitt drepne så langt i år, ifølge Reportarar utan grenser (på fransk Reporters sans frontiers, forkorta RSF).

Organisasjonen arbeider for pressefridom og offentleggjer ei årleg rangering av 180 land etter graden av pressefridom. Lista for i år er nyleg offentleggjort.

 

Slått ned og truga

Etiopia er eitt av landa som mottek aller mest bistand frå Noreg. Samstundes er det også av dei land i verda der pressefridomen er mest truga. Landet ligg som nummer 101 på rangeringa til RSF.

Organisasjonen rapporterer at eit dårleg mønster er på veg tilbake i Etiopia, etter ei tid med aukande pressefridom.

I februar i år blei Bistandsaktuelt sin eigen frilansar i Etiopia, Lucy Kassa, slått ned og truga. Hendinga trekkast fram i RSF sin analyse av Etiopia. 

I februar i år blei Bistandsaktuelt sin eigen frilansar i Etiopia, Lucy Kassa, utsett for vold og trakassering. Kassa blei angripen og slått ned i sin eigen heim i Addis Abeba. Tre væpna menn trengde seg inn, tok med seg pc-en hennar og truga henne med døden dersom ho heldt fram med å rapportere om situasjonen i den krigsherja Tigray-regionen.

– Dei gjennomsøkte bustaden min utan ransakingsordre. Dei trua med å drepe meg for å skrive dårlege historier om Tigray, fortalde Kassa til Bistandsaktuelt same dag som hendinga fann stad.

I ettertid reiste ho frå landet, men har fortsatt å rapportere om krigen i landet.

Hendinga trekkast fram i RSF sin analyse av Etiopia. Etiopiske myndigheiter var meir opptekne av å diskreditere Kassa enn å etterforske hendinga etterpå, skriv RSF i rapporten.



Frå alvorleg til problematisk

Situasjonen for pressefridomen er kategorisert som alvorleg, vanskeleg eller problematisk i alle landa som fekk meir enn 200 millionar i bistand frå Noreg i fjor.

  • Syria, Somalia, Jemen og Irak ligg i det aller nedste sjiktet av lista med ein alvorleg situasjon.
  • Forholda er vanskelege i Afghanistan, Sør-Sudan, Palestina, Indonesia, Colombia, Mosambik, Tanzania, Uganda, Den demokratiske republikken Kongo, Myanmar, Sudan og Jordan.
  • Situasjonen er problematisk i Etiopia, Libanon, Malawi, Nepal, Mali, Ukraina og Niger.

Klassifiseringa av situasjonen for pressefridomen er ikkje basert på rangeringa av landa, men på ein pressefridomsskår frå 0-100 der 0 er best og 100 er verst. Dermed er altså utviklinga positiv om skåren går ned, og negativ om skåren går opp.

Betring av demokrati og menneskerettar har alltid vore blant måla for norsk bistand. Samstundes er det lite bistand som er direkta retta til slike føremål på landnivå. Støtte til internasjonale og nasjonale menneskerettighetsorganisasjonar og styrking av presseinstitusjonar er eksempel på direkte støtte. 

For heile 16 av dei 23 største mottakarane av norsk bistand har utviklinga gått i retning dårlegare kår for pressefridomen i 2020.


Mali klatrar mest

Av dei 23 største bistandsmottakarane ramlar 11 nedover på rangeringslista, medan 4 held på plasseringa si. Godt nytt er likevel at vi finn fleire store sprang blant dei 8 landa som flyttar seg oppover.

Mali klatrar mest, med 9 plassar opp til nummer 99. Skåren betrar seg også, om enn ikkje like iaugefallande med -0,62 poeng. Her blei president Ibrahim Boubacar Keita avsett i eit militærkupp i 2020 etter aukande politisk spenning og demonstrasjonar. Ei overgangsregjering styrer fram til nytt presidentval per lanlagt til februar 2022.

Det er færre angrep på reporterar i landet, men pressefridomen er framleis skjør, rapporterer RSF. Journalistar i Mali håper at overgangsregjeringa endeleg vil avkriminalisere pressebrot, ifølge organisasjonen.

Malis naboland Niger får høgast rangering av dei 23 bistandslanda, tett fulgt av Malawi. Deretter følger Mali og Ukraina.  

 

Betring i Malawi

Malawi gjer også eit solid hopp, 7 plassar opp til nummer 62 på rangeringa. På same måte som Mali er endringa i skår ikkje like imponerande, med -0,52 poeng. I dette landet har den nye presidenten Lazarus Chakwera sørga for at ei lov om tilgang på informasjon endeleg har tredd i kraft, 13 år etter at den først blei diskutert. Han har også introdusert ein praksis med å halde regelmessige pressekonferansar, opplyser RSF.

Landet opplevde eit omdiskuterte presidentval i 2019. Då fekk Peter Mutharika flest stemmer, men valresultatet blei utfordra i retten av motkandidatane, og det blei nyval i 2020.

– 2019-valet hadde negativ innverknad på media. Sosiale medier blei kopla frå, to kommersielle tv-stasjonar blei vandaliserte og innringingsprogram på radio blei forbodne då valresultata blei annonserte, opplyser RSF.
Medielovgjevinga er framleis veldig undertrykkande i landet. For eksempel kan folk bli fengsla for å fornærme statsoverhovudet. Ei lov om cybersikkerheit gjer det også mogeleg å fengsle folk som postar støytande innhald, ifølge RSF.

 

Nepal og Indonesia

Nepal klatrar 6 plassar, til nummer 106 på lista. Skåren endrar seg med -0,48 poeng. Sjølv om brot på pressefridomen har gått noko ned, legg RSF vekt på at styresmaktene framleis er fiendtleg innstilt til journalistar. Mange av mediekanalane i landet er også tilnærma propagandakanalar, ifølge organisasjonen. Den nye straffelova frå 2018 hindrar undersøkande journalistikk og avgrensar kritikk av offentlege personar.

Indonesia klatrar også 6 plassar, til nummer 113 på rangeringa, men her er RSF likevel uroa over utviklinga. Som i ei rekke andre land har styresmaktene utnytta krisesituasjonen rundt Covid-19 til å undertrykke journalistar. For eksempel er det ikkje lov å publisere «falsk informasjon» knytt til coronaviruset, og heller ikkje «informasjon som er fiendtleg til presidenten eller styresmaktene», sjølv om dette ikkje er relatert til coronaviruset.

 

Palestina

Palestina rykker 5 plassar opp til nummer 132 på lista, og ei endring i skår på -0,91. Den politiske rivaliseringa mellom Fatah og Hamas fører likevel til at journalistar også her må leve i frykt for hardhendte avhøyr, arrestasjonar utan tiltale, intimiderande rettsforfølging og forbod mot å dekke enkelte hendingar, ifølge RSF.

Trusselen frå konflikta med Israel er minst like stor. Fleire journalistar har blitt drepne av israelske snikskyttarar og såra under dekninga av protestar. Israelske styrkar held også fram med arrestasjonar, avhøyr og varetekt av journalistar, ofte utan tydeleg årsak, ifølge RSF. Israelske myndigheiter har dessutan stengt fleire palestinske mediekanalar grunngjeve med påstandar om oppvigling.

Større nedrykk

På lista over dei største bistandsmottakarane er det også nokre solide nedrykk når det gjeld pressefridom. Libanon har dotte 5 plassar til nummer 107 på lista til RSF. Skåren endrar seg med 1,74 poeng. Ei straffelov som ser på spreiinga av falsk informasjon og krenkingar som lovbrot er del av forklaringa.

Colombia droppar ned 4 plassar til nummer 134 på lista og endring i skår på 1,08. Her nemner RSF mellom anna drapstruslar, bortføring og drap.
Mosambik går også 4 plassar ned, til nummer 108 og endring i skår på 1,60. Styresmaktene her har et sterkt grep om mediene, og uavhengige journalistar blir ofte utsette for kraftig press. Økonomiske og administrative restriksjonar hindrar nye mediekanalar, melder RSF.

Største endringar i skår

Dersom vi fokuserer på skår og ikkje rangering, er det andre land som utmerkar seg meir på lista med dei største bistandsmottakarane. Størst betring i skår finn vi i Sudan, med ei endring på -2,4, til trass for at landet ligg på same rangeringsplass som i fjor (159). Her betydde eit opprør i 2019 slutten på tiår med diktatur. Mediene i Sudan går no inn i ein fase med gjenoppbygging, men fleire av nyheitskanalane har framleis nær tilknytning til det gamle regimet, ifølge RSF.

Syria betrar rankinga, men klatrar berre 1 plass på rangeringa til 173. Journalistikk er framleis ekstremt vanskeleg og farleg i dette landet.

Størst negativ utvikling for skår ser vi i Jemen med ei endring på 4,10 poeng. Landet droppar 2 plassar på rangeringa til 169. Her rasar krigen framleis mellom myndigheiter og houthi-opprørarar støtta av Iran. FN har kalt det verdas største humanitære krise, og ifølge RSF kjem det sjeldan nøytral rapportering frå krigen.

Globalt er situasjonen for pressefridomen problematisk, vanskeleg eller alvorleg i tre av fire land.

 

Brukar covid-19 som påskot

Journalistorganisasjonen har også ein global indikator som viser at pressefridomen samla sett ligg omtrent på same nivå som i fjor – altså når ein ser heile verda under eitt. Organisasjonen understrekar likevel at pressefridomen globalt sett har blitt 12 prosent mindre sidan indikatoren vart oppretta i 2013, og uttrykker uro over ein ny tendens til at journalistar får dårlegare mogelegheit til å dekke hendingar personleg.

– Covid-19 blir brukt som eit påskot til å innskrenke pressefridomen, seier Prem Samy, leiar for RSF World Press Freedom Index.

Han stadfestar at denne utviklinga er tydeleg i datamaterialet for 20201-indeksen, i ein e-postkorrespondanse med Bistandsaktuelt.


Global situasjon

Ein viktig del av datagrunnlaget for RSF-indeksen er ei spørjeundersøking som blir sendt ut til mediefolk, advokatar og sosiologar verda over. Kor god tilgang journalistar har til å dekke hendingar personleg er eitt av 87 spørsmål. For alle verdsdelar bortsett frå Asia har situasjonen på dette området blitt verre.

– Trenden er eit godt eksempel på ein meir global situasjon, seier Samy.
Pandemien er brukt til å blokkere både tilgangen til informasjonskjelder og feltrapportering.

– For journalistar er det også stadig vanskelegare å undersøke og rapportere sensitive historier, særleg i Asia, Midtausten og Europa, rapporterer RSF.
Forklaringa på at den globale indeksen likevel er stabil, ligg i andre faktorar som trekk litt opp, ifølge Samy.

– Det gjeld mellom anna ein litt lågare tendens til at tenestemenn favoriserer visse medier, og ein litt større tendens til at mediene kan publisere avsløringar, forklarer Samy.

Til indeksen er data om mishandling og vald mot journalister og mediekanalar registrert for 2020. Sjølve spørjeundersøkinga blei fullført i starten av 2021, informerer indekssjefen.

Les meir:

Reporterar utan grenser: 2021 - World Press Freedom Index
Norad: Statistikk og resultater av norsk bistand (Tabell mm. på neste side)

 

Dei 23 største norske samarbeidslanda

Land                         Bistand frå Norge              
Syria                            948,5          
Afghanistan                745,9           
Etiopia                         735,9          
Sør-Sudan                    638,3          
Palestina                      628,6        
Somalia                        611,8        
Indonesia                     554,4       
Libanon                        531,5        
Colombia                     523,1         
Malawi                         491,7        
Mosambik                    460,3       
Tanzania                      439,8      
Uganda                        312,4     
Nepal                          308,5      
DR Kongo                    294,3       
Myanmar                     292,2      
Sudan                         270,5     
Jemen                         265,9    
Mali                             264,3    
Irak                             238,7    
Jordan                         230,5    
Ukraina                       226,4     
Niger                           211,5    


Land                        Rangering pressefridom

(Indeksen omfattar 180 land, der 1 er best og 180 er verst.) 

Niger                          59                            

Malawi                        62                                 

Ukraina                       99                                     

Mali                            99       

Etiopia                      101                        

Nepal                        106                      

Libanon                     107                 

Mosambik                  108                   

Indonesia                   113                         

Afghanistan                122       

Tanzania                     124                  

Uganda                       125                   

Jordan                         129                           

Palestina                      132                  

Colombia                      134                        

Sør-Sudan                    139                 

Myanmar                      140     

DR Kongo                     149                

Sudan                          159 

Somalia                        161                 

Irak                              163                 

Jemen                          169                   

Syria                            173 

 

Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 30.04.2021 10.30.27 Sist oppdatert: 30.04.2021 10.30.27