Skal jobbe som seniormanager i KPMG

Eva Melvær Langaas har starta som seniormanager i avdelinga International Development Advisory Services (IDAS) i KPMG.

Sist oppdatert: 23.09.2021 16.38.53

Langaas kjem frå ei stilling i Norsk Folkehjelps avdeling for utvikling og humanitært samarbeid, og før det fire år ved UN Womens hovudkontor og landkontor i Mosambik. Tidligare har ho også erfaring frå prosjektarbeid i Malawi, samt forsking og norsk forvaltning. Langaas er utdanna siviløkonom frå NHH. I IDAS er ho del av gruppa Private Sector Development, der ho bidrar til mellom anna evalueringar, organisasjonsgjennomgangar og støtte til opplærings- og utviklingsprogram og strategiprosessar for norske og internasjonale bistandsaktørar.

Publisert: 23.09.2021 16.38.53 Sist oppdatert: 23.09.2021 16.38.53