Profilert NRK Vestland-programleiar går til Norec

Tone Merete Lillesvangstu er ny kommunikasjonsrådgivar i Norec.

Sist oppdatert: 19.04.2021 10.38.46

Bak seg har ho 25 år som journalist. Ti av desse har ho jobba i NRK Sogn og Fjordane, både på nett og i radio. Dei siste åra har ho markert seg som ein av dei store programleiarprofilane på radio.

Lillesvangstu startar som seniorrådgivar i seksjon for kommunikasjon og nettverk hos Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) etter sommarferien. Ho vil vere sentral i å formidle kva dei ulike Norec-støtta prosjekta får til.

Publisert: 19.04.2021 10.38.46 Sist oppdatert: 19.04.2021 10.38.46