Gjennom Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) reiser rundt 700 unge menneske frå heile verda kvart år på utveksling til Colombia, Malawi, Vietnam eller over 20 andre land. Dei er profesjonelle og reiser for å jobbe, påverke og lære. For mange gir utvekslinga eit karriereløft, skriver Jan Olav Baarøy og Dag-Inge Ulstein. Foto: Kristine Folland / Norec

Unge fortener å bli høyrd

MENINGER: I 2021 er det 20 år sidan Norec (Norsk senter for utvekslingssamarbeid) starta med gjensidig utveksling. I desse 20 åra har vi målretta fokusert på unge under 35. Kvifor er det så viktig, spør Jan Olav Baarøy og Dag-Inge Ulstein.

Like viktig som å innsjå at unge i verda i dag er ei sårbar gruppe, er å anerkjenne dei som ein ressurs.

Jan Olav Baarøy og Dag-Inge Ulstein

Å ta ungdom på alvor handlar om å gje dei ei stemme og faktisk lytte.

60 prosent av befolkninga i Afrika er under 25 år, mot 30 prosent på verdsbasis. Kvart år står ti millionar nye unge menneske klare for arbeidsmarknaden, men berre tre av ti får seg jobb. Sju millionar unge - som sjølv får eineansvar for å skaffe seg eit levebrød og ei framtid.

I store delar av verda vert unge ekskludert frå arbeidslivet. Dei kjem sjeldan til ordet i nasjonale avgjerdsprosessar, og hamnar bakarst i køen på arbeidsmarknaden. Paradoksalt nok er dei betre utdanna enn nokon gong, men toppar likevel statistikkane innan arbeidsløyse og underrepresentasjon. Den unge stemma druknar lett, i støyen frå erfaringstunge kollegaer.

Utveksling gir eit karriereløft

Kvart år reiser rundt 700 unge på utveksling gjennom Norec, til Colombia, Malawi, Vietnam eller over 20 andre land. Dei er unge profesjonelle, og reiser for å jobbe, påverke og lære. Dei får ansvar og rom til å påverke, og dei bidrar i avgjerdsprosessar. Med andre ord: Dei skal bli sett, høyrt og få mogelegheit til å bidra på lik linje med andre i organisasjonen dei jobbar i. For mange gir utvekslinga eit karriereløft. I Norec er vi opptekne av å bygge unge førebilete, som ser løysingar, tenker nytt og brukar kunnskapen dei tileignar seg til å utvikle og forbetre sitt lokalsamfunn.

Som Elleer Kancha (27) frå Nepal. Han har brukt sin kunnskap frå utvekslinga i India til å lære migrantar som kom frå storbyane under pandemien å dyrke og selje eigen mat. På den måten har dei unngått å hamne i ekstrem fattigdom.

Ei ung stemme som utrettar store ting, og tek ansvar for eiga framtid.

Mange unge i Norec sine samarbeidsland vil måtte lage sin eigen arbeidsplass. Utvekslingsopphaldet gir dei viktige ferdigheiter for å kunne skape denne når dei returnerer til heimlandet sitt.

Like viktig som å innsjå at unge i verda i dag er ei sårbar gruppe, er å anerkjenne dei som ein ressurs.

Unge fortener å bli høyrd

I Kenya jobbar organisasjonen Youth Alive Kenya målretta for få ungdom inn i folkevalde organ. Med kunnskap om demokratiske prosessar, sikrar dei at ungdom vert lytta i saker som handlar om deira framtid. I Uganda gir tech-selskapet Laboremus unge praktisk programmeringserfaring, fordi utdanninga i landet er for teoretisk. Den praktiske erfaringa tettar gapet mellom teoretisk kunnskap og kva arbeidslivet krev. I Malawi har organisasjonen Youth Code i samarbeid med Flora vidaregåande skule gitt 800 unge opplæring i yrkesfag og entreprenørskap, som igjen har resultert i solcelleselskapet Kumudzi Kuwale. Selskapet forsyner 85.000 menneske med straum og har 185 personar på lønningslista.

Reell kunnskap og konkrete ferdigheiter som bidrar til at fleire får seg jobb.

Inkludering av unge krev ein innsats frå næringslivet, offentleg sektor og sivilt samfunn. Når pandemien ein gong tek slutt, vil det krevje ein større innsats enn nokon gong. Alternativet er ein generasjon prega av misnøye og sosial uro, som tyr til andre middel for å få påverknadsmakt.

20 år med utveksling betyr 20 år med erfaring. 10.000 deltakarar har vist oss at partnarskap, likeverd og gjensidigheit er avgjerande for resultata i moderne utviklingssamarbeid. For Norec vil unge alltid vere både ei målgruppe og ein ressurs. For den unge stemma fortener å bli høyrt.

Powered by Labrador CMS