Eit viktig spørsmål nå, er om der er nok kapasitet i FN apparatet og i NGOane til, i verste fall, å halde nær 40 millionar afghanarar med humanitær støtte over lengre tid, skriv Arne Strand. Bildet er tatt i Ghazni by i slutten av mars i år.

Meninger

Donorane sine dilemma i Afghanistan

Lovnader frå Talibans politiske kontor om eit meir moderat Taliban-styre er overstyrt av den religiøse leiinga, og internasjonale sanksjonar og restriksjonar på bistand er oppretthaldne. Halve befolkninga avheng av naudhjelp kanalisert gjennom FN og NGOar, det er ikkje berekraftig og skaper ei rekke nye utfordringar, skriv Arne Strand.

Dette er en kommentar. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Den humanitære situasjonen var vanskeleg og fattigdomen høg alt før Taliban kom til makta i fjor. Den afghanske staten var heilt bistandsavhengig, internasjonal støtte stod for 70 prosent av nasjonalbudsjettet. Når det vart kutta frå august 2021, og reservane til den Afghanske Statsbanken vart frose, auka den humanitære krisa, arbeidsløysa og fattigdomen. FN omtalar i dag Afghanistan som verdas verste humanitære katastrofe med 22 millionar afghanar avhengige av naudhjelp.

Frykten er at dette talet vil auke til vinteren, samstundes som Taliban sin undertrykkjande praksis ikkje aukar motivasjonen til å støtte landet.

Pisk og gulrot

Det internasjonale svaret på Taliban si maktovertaking var å prioritere humanitær assistanse og vidareføre noko støtte til utdanning, helse og mindre utviklingsprosjekt, omtala som «humanitarian +». Kravet var at dette skulle kanaliserast utafor den Taliban-styrte staten, gjennom FN organisasjonar og NGOar, og at støtta ikkje skulle kome Taliban til gode. Eit positivt aspekt er at den forbetra sikkerheita gjorde det enklare å få assistansen ut i heile landet. Ei utfordring er å forhalde seg til dei reglane og forordningane Taliban innførte, utan å bryte sanksjonsregimet.

Dette vart del av ein internasjonal pisk- og gulrotstrategi, der målet også var at Taliban prioriterte og tok ansvar for eiga befolkning, og leverte dei grunnleggjande tenester, ikkje berre lov og orden. Signalet til Taliban var at dersom dei modererte sin politikk og etterkom internasjonale krav kunne dei på sikt verte anerkjent som regjering og bistand gjenopptatt.

Flaggsaka vart kravet om at jenter frå 7. til 12. klasse, og ikkje berre i grunnskulen og på universiteta, måtte kome tilbake til skulane. Lovnader frå sentrale, men meir moderate Talibanar i den politiske leiinga vart overprøvd av den meir religiøst styrte toppleiinga same dag jentene skulle ha starta i skule. Saman med innstrammingar på kvinners rett til arbeid i det offentlege, avgrensing på reising og krav om tildekking vart det politisk umogeleg for vestlege donorar å lette på restriksjonane. Afghanske diasporagrupper argumenterte for strengare sanksjonar og tiltak, noko også for å kutte all hjelp til Afghanistan for å skape eit opprør mot Taliban.

Frå eit bistandsperspektiv skapte denne sanksjonslinja og oppretting av ein parallell kanal til ein de-facto Taliban-administrasjon ei rekke nye spørsmål. Fleire av dei utfordrar vår kunnskap om statsbygging og korleis ein kan redusere statar sin sårbarheit.

Behovet for langsiktig bistand

Eit viktig spørsmål er om der er nok kapasitet i FN apparatet og i NGOane til, i verste fall, å halde nær 40 millionar afghanarar med humanitær støtte over lengre tid, få det finansiert og sikre at støtta kjem fram. Klarar dei ikkje det kan organisasjonane hamne i ein vanskeleg situasjon, ikkje berre overfor Taliban-styresmaktene, men også ei befolkning som har få andre alternativ for overleving om dei økonomiske sanksjonane vert oppretthaldne.

Ei anna grunnleggjande utfordring er at dei store investeringane som er gjort over dei siste 20 åra no kan forvitre og det som har vore ei positiv utvikling stogge opp. Det gjeld ikkje minst innan utdannings og helsesektoren der det er dokumentert store forbetringar over heile landet. Mange fleire har fått ei utdanning, ikkje minst jenter, mødre og barnedødlegheit er redusert og både kvinner og menn har fått auka levetid.

Det er derfor innforstått at ei vidareføring av humanitærhjelp åleine ikkje kan løyse dei underliggjande utviklings- og fattigdoms-utfordringane landet stod og står overfor. Til det trengst langsiktig bistand, eit fungerande bankvesen og økonomi og utvikling av den private sektoren. All lærdom frå Afghanistan og sårbare statar tilseier at det ikkje kan skje utan ein viss involvering av og utvikling av ein fungerande statsadministrasjon. Det var også hovudargumentet til tidlegare finansminister og president Ghani, noko han hamra inn i alle diplomatar som kom i hans veg.

Kanskje like viktig er at eit slikt FN/NGO bistandssystem kan gjere den afghanske befolkninga til passive mottakarar, utan innflytelse på kva type av assistanse dei kan få, om det vert fordelt etter behov og at dei får det dei er tiltenkt. Slike vurderingar vert no gjort av FN organisasjonane og NGOane, som då også har makt til å prioritere og kutte i bistanden. All erfaring tilseier at korrupsjon også er eit problem i fleire av desse organisasjonane, og at Taliban vil nytte eit kvar høve til å påpeike og utnytte det for eiga vinning.

Ei slik «fristilling» av internasjonal assistanse og vedtaksprosessar frå Taliban-administrasjonen kan også gjere det vanskelegare å ansvarleggjere Taliban, og sikre at dei tek ansvar for å dekke eiga befolkning sine grunnleggjande behov. Det kan også hindre at det vert gjort noko med utfordringar det er uttrykt felles interesse av å adressere, som konsekvensar av klimaendringar, reduksjon i narkotikaproduksjon og å gjere den afghanske staten mindre avhengig av bistand.

Få resultat

Til no har sanksjonslinja gitt få resultat, det har ikkje fungert som virkemiddel for å tvinge endring i Taliban sin politikk. Lokalt har Taliban synt større vilje til endring når dei kjem under press frå befolkninga, i fleire provinsar får jenter undervisning frå 7. til 12. klasse og der er få avgrensingar for kvinnelege bistandsarbeidarar.

Dei meir moderate i Taliban-leiinga har så langt ikkje fått gjennomslag for ein meir moderat politikk. Det er likevel få andre alternativ enn å vidareføra dialogen med dei skal det finnast løysingar som kan ivareta grunnleggjande rettigheiter og behov til dei som er dei uskuldige taparane etter 40 år med krig: 40 millionar afghanarar.

Powered by Labrador CMS