Konserthuset Crocus City Hall i Krasnogorsk, utanfor Moskva, etter terroråtaket 22. mars. Minst 144 personar vart drepne og 551 såra i åtaket.

Meiningar:

IS-terror utan ende?

Den islamske staten (IS) sin afghanske fløy tok nyleg ansvaret for terroråtaket utanfor Moskva, og har òg utført ei rekkje angrep mot sivile mål i Afghanistan og i nabolanda. Sett under press av Taliban har dei omgjort seg til ein nettverksorganisasjon og auka bruken av sjølvmordsbombarar. Det gjer det vanskeleg å føresjå og hindre nye terroråtak.

Dette er ein kronikk. Meiningar i teksten er skribenten sine eigne.

Den islamske staten i Khorasan-provinsen (ISKG) dukka først opp i Afghanistan i 2014 som ei lokal avdeling av IS. Namnet representerer det historiske området «Khorasan», som inkluderte Afghanistan og deler av Iran, Turkmenistan, Usbekistan og Tadsjikistan.

Gruppa inkluderte avhopparar frå Taliban som var usamde i å forhandle med USA, pakistanske militante grupper som hæren hadde fordrive frå stammeområdet og soldatar frå Sentral-Asia som returnerte etter at IS vart nedkjempa i Irak og Syria.

Dei søkte seg søraust i Afghanistan der den saudiarabisk-støtta versjonen av sunniislam, Salafisme, fekk fotfeste under krigen mot Sovjetunionen.

Dei neste åra etablerte dei avdelingar fleire stader i Afghanistan. I motsetnad til Taliban som avgrensar seg til Afghanistan, har IS, som al-Qaida, ambisjonar om oppretting av ein internasjonal islamsk stat — eit kalifat i deira ord.

Fiendebilete

ISKG definerer alle land og grupper dei meiner undertrykkjer muslimar, eller ikkje støttar deira versjon av Islam, som fiendar og dermed rettmessige mål for angrep.

Det inkluderer USA (og NATO), Kina, Russland, Iran, alle sjiamuslimar og også Taliban.

Angrepet deira som fekk mest merksemd, var retta mot flyplassen i Kabul under evakueringa i august 2021.

Sjølvmordsbombaren drap 175 afghanarar og 13 amerikanske soldatar.

Utanom angrep mot sivile afghanarar har ISKG tatt ansvar for angrep mot dei kinesiske, russiske og pakistanske ambassadane i Kabul, sivile kinesiske mål i Afghanistan og Pakistan, høgt profilerte angrep inne i Iran, angrep i Usbekistan og Tadsjikistan og det nylege angrepet utanfor Moskva.

Det er ikkje berre ISKG vi må halde auge på, dei er del av det større nettverket til IS. I Sverige og Tyskland er nyleg personar med påstått IS-tilknyting arrestert for terrorplanlegging. Det kan tilsei planlegging av nye internasjonale terrorangrep som det utanfor Moskva.

Sivile mål

Det er ofte få eller eit enkelt ISKG-medlem som gjennomfører angrepa, men med ei uttalt målsetjing om å drepe flest mogleg sivile.

Dei har valt enkle, men sårbare mål som Legar Utan Grenser sin barselklinikk, sjukehus, treningssenter for ungdom, moskear og sikh-tempel. Kort sagt, ISKG bryt alle retningslinjer for krigføring og vern av sivile.

Utanom angrep på Taliban-medlemmer, har spesielt mange sjølvmordsangrep i Afghanistan vore retta mot hazaraene, ein etnisk, sjiamuslimsk minoritet, som historisk har hatt iransk støtte.

Mange unge hazaraer, over 20.000, ifølgje enkelte kjelder, har slåst i den iranskstøtta Fatemiyoun-divisjonen på president Assad si side i Syria.

Det kan vere ei ekstra årsak til at dei vert singla ut for angrep.

Motstand og omforming

Fram til uttrekkinga frå Afghanistan i 2021, dreiv NATO og Taliban ein parallell krig mot ISKG sine grupper. Og informasjon tyder på dei uformelt utveksla informasjon om kvar ISKG oppheldt seg.

Den afghanske hæren var mindre aktive og i mange tilfelle overgav ISKG-gruppene seg heller til dei enn til NATO-styrkar eller Taliban.

Det kombinerte militære presset gjorde at ISKG gradvis mista kontroll over geografiske område og basar, og FN sitt anslag frå 2023 var på 6000 soldatar/støttespelarar.

ISKG sin strategi vart ei omforming til ein desentralisert nettverksorganisasjon, lokaliserte celler i byar som Kabul, Mazar-e Sharif, Herat og Jalalabad og å oppretthalde eit fotfeste i salafist-miljøet i provinsar som Kunar og Nuristan.

Fordelen var openberr, dei trong ikkje flytte/betale mannskap og våpen forbi mange sjekkpostar for å komme til angrepsmåla sine om dei oppheld seg i nærleiken.

Angrepa kunne utførast av personar som kjende områda og som kanskje hadde budd der over tid. ISKG-soldatane vart langt vanskelegare å oppdage både før og under gjennomføringa av angrepa.

Under Taliban sitt press

I kaoset som oppstod då Taliban kom til makta hausten 2021, slapp mange ISKG-medlemmer ut av afghanske fengsel.

Det er motstridande meiningar om kven som slapp dei ut, men resultatet vart uansett at ISKG styrkja seg militært.

Dermed trappa dei opp angrepa mot Taliban-leiarar og prøvde å få Taliban-soldatar til å skifte side.

Det lukkast dårleg, og då Taliban slo hardt tilbake, vart ISKG sitt svar å verte endå meir mobile, flytte deler av styrkane til Nord-Pakistan, og frå 2023 å setje i verk angrep i Iran, Usbekistan og Tadsjikistan.

Dei som er arrestert etter terrorangrepet utanfor Moskva, var alle frå Tadsjikistan, men det er uklart om dei kom frå Afghanistan eller Tadsjikistan eller var rekruttert i Russland.

ISKG er ein undergrunnsorganisasjon få forskarar har fått tilgang til, noko som vanskeleggjer studiar av korleis dei er organisert og finansiert.

Struktur og finansiering

ISKG er ein undergrunnsorganisasjon få forskarar har fått tilgang til, noko som vanskeleggjer studiar av korleis dei er organisert og finansiert.

Ein som har følgt ISKG over mange år og analysert utviklinga, militær styrke og finansieringskjelder, er den britiskbaserte forskaren Antonio Giustozzi. 

I den siste oversikta han publiserte i januar 2024 framheva han den auka desentraliseringa etter 2022, og fann at ISKG ved årsskiftet opererte frå senter i Kunar-provinsen på grensa mot Pakistan, i Kabul og Badakhshan-provinsen på grensa mot Tadsjikistan i nord. Spesielt i Kunar var mange leiarar frå Sentral-Asia.

Giustozzi si vurdering er at ISKG i liten grad har lokal finansiering, støtta har historisk komme frå IS sentralt og frå private kjelder i Midtausten. Den støtta har i stor grad tørka opp, då det no er liten vilje til å bidra til intern krigføring mot Taliban, ei anna muslimsk gruppe. Etter at Saudi-Arabia og Iran inngjekk ein avtale i 2023 har det komme tiltak for å blokkere slik finansiering.

Ideologi og rekruttering

Den afghanske analytikaren Borhan Osman tok i ein 2020 USIP-rapport eit grundig blikk på ISKG sin ideologi, kven dei sluttar seg til og kvifor dei gjer det. Han ser ein stor skilnad i kva medlemmer dei har.

Taliban og dei forskjellige Muhjahedin-gruppene før dei, rekrutterte i stor grad lågare og ofte religiøst utdanna unge menn frå landsbygda, mange arbeidsledige og ein stor del pashtunarar.

ISKG har ein heilt anna strategi. Dei rekrutterer både unge kvinner og menn frå den urbane middelklassen, ofte universitetsutdanna studentar, mange frå religiøse studiar. Det store fleirtalet tilhøyrer den etniske gruppa tadsjikar, som er sterkt kritiske til ein pashtunsk- og Taliban-dominert stat.

Osman fann at desse ungdomane var tiltrekt av det den meir religiøst puristiske ideologien ISKG forfektar, samanlikna med Taliban sin sterkt tradisjonspåverka versjon av Islam. Dei han intervjua, klaga Taliban for å vere for ettergjevande mot «ikkje-truande» sjiamuslimar og for å ikkje støtte etablering av ein global islamsk stat.

Svekkja, men ikkje slått

Taliban har sidan oppstarten i 1994 sett på salafistane som ein religiøs og militær trussel, også i frykt for at eigne styrkar skulle slutte seg til dei.

Etter at Taliban tok makta i 2021 har strategien vore å kombinere auka etterretning, militær nedkjemping og arrestasjon av salafist-leiarar. Dei hevdar dermed å ivareta avtalen med USA om å ikkje tillate (det dei definerer som) terrororganisasjonar å operere frå afghansk jord.

Det har redusert ISKG sin kapasitet til å gjennomføre angrep, men har også drive dei under jorda og fått dei til å flytta stab og operasjonar til naboland.

Før Taliban sikrar større etnisk representasjon i si interim-regjering og administrasjon (den er overveldande pashtunsk no), vil ISKG framleis ha eit stort omland av unge kvinner og menn å rekruttere frå.

Desse kan formast ideologisk og trenast til å gjennomføre sjølvmordsoperasjonar som kan sikre ISKG merksemd, oppretthalde frykt og demonstrere at Taliban ikkje har den fulle kontrollen dei hevdar.

Regional og internasjonal trussel

Regional og internasjonal utbreiing er ei uttalt frykt frå Afghanistan sine naboland, også at ISKG kan samarbeide med etablerte terrorgrupper som Pakistansk Taliban.

Og det er ikkje berre ISKG å halde auge på, dei er del av det større nettverket til IS. I Sverige og Tyskland er nyleg personar med påstått IS-tilknyting arrestert for terrorplanlegging. Det kan tilseie planlegging av nye internasjonale terrorangrep som det utanfor Moskva.

Det som skape ekstra uvisse no er om sinne og avmakta den pågåande krigen i Gaza skapar kan auke mobilisering til militante grupper som IS. Og at argumentet deira vert at når andre systematisk bry krigens folkerett og ikkje respekterer sivile liv, kan også dei gjere det.

Powered by Labrador CMS