Protestantar og katolikkar protesterte mot angrepa på religiøse minoritetar i India, i Kolkata 3. april.

Meiningar:

Det indiske demokratiet under farleg angrep

Noreg har nyleg underskrive ein frihandelsavtale med India. Men kva gjer Noreg for menneskerettane til etniske og religiøse minoritetar i India? Fridom for minoritetar er viktigare enn frihandel.

Dette er eit debattinnlegg. Meiningar i teksten er skribenten sine eigne.

Ein alarmerande rapport kom nyleg på bordet mitt. Rapporten bør få oss – og utanriksminister Espen Barth Eide – til å vakna.

På eitt år har talet på dokumenterte valdelege angrep mot kristne i India stige med nesten 50 prosent, frå 423 i 2022 til 601 i fjor. Rapporten kjem frå Evangelical Fellowship of India (EFI).

Det har vore sterk vekst i angrep sidan hindunasjonalisten Narendra Modi og partiet BJP kom til makta i 2014. Og Modi får truleg fem nye år etter valet som startar 19. april.

Grunnlova garanterer trusfridom og religiøst mangfald. Men hindunasjonalismen er i kraftig framgang. Rapporten fortel om sterk vekst i hatprat, som heller ikkje blir imøtegått.

Tvert imot. Det synest som samfunnet blir meir og meir immunt mot hat og vald mot India sine kristne, som utgjer drygt 2,0 prosent av folket, eller vel 28 millionar.

«Den største suksessen til politikarar på høgrefløya, er at hatet er normalisert. No trengst det ikkje (…) ei gruppe høgreorienterte hindunasjonalistar for angrep på kristne. Vanlege hinduar kan gjera slikt. Mange er hjernevaska i synet på oss kristne. Det er berre éi linse mange ser oss gjennom: Vi blir sett på som framande som konverterer hinduar på vegne av vestlege kyrkjer», seier ein fortvilt Vijayesh Lal, generalsekretær i EFI, til Stefanusalliansen.

Uroar det Noreg at India i praksis er blitt ein hindustat? Eg etterlyser tydeleg tale. India er i ferd med å bli demokrati berre på papiret.

Påskot for vald 

12 av 28 delstatar har lover som kriminaliserer konvertering. Lovene blir brukte som påskot for hatefull retorikk og vald mot kristne og muslimar.

Kristne pastorar blir, ifølgje rapporten, angripne av mobb som grunnlaust påstår at dei driv konvertering med tvang eller lokkemiddel. Pastorar blir dregne ut av bursdagsselskap eller bønnemøte.

I 2023 vart 648 kristne arresterte – det er verifiserte talet i den nemnde rapporten. Ved nyttår sat 35 i fengsel.

Eit døme som er henta fram i rapporten, er pastor Raju Thomas. Han haldt eit bønnemøte under ein ti dagars årviss kampanje i Jodhpuri i Rajasthan. Midt under møtet tok ei gruppe hindunasjonalistar seg inn i kyrkja. Dei filma forsamlinga og stengde dørene frå utsida. Kring 250 kom seg ikkje ut. Dei blei, utan prov, skulda for å ha lokka folk med pengar til å konvertera. Biblar blei tende på.

Ei breitt samansett gruppe FN-ekspertar har karakterisert valdsbølgja som nok «ein tragisk milestolpe i den stadig forverra situasjonen for religiøse og etniske minoritetar i India».

Toppen av isfjellet

Dei rekordhøge tala på angrep er berre toppen av isfjellet, fortel rapporten. Mange er så redde at dei ikkje vågar å gå til politiet. Og er politiet til å stola på? Politiets manglande oppfølging av religiøs hatkriminalitet er klaga inn for India sin øvste domstol.

Den omfattande valdsbølgja i delstaten Manipur i fjor er ikkje med i statistikken. Ei av årsakene er, ifølgje EFI-generalsekretær Vijayesh Lal, at grensene er stengde.

Det er uråd å få ut presis informasjon og difor uråd verifisera kvar enkelt valds-hending i ein komplisert konflikt. Rapporten fastslår likevel at valden var målretta og at dei fleste offera var kristne frå tre stammefolk.

Ei breitt samansett gruppe FN-ekspertar har karakterisert valdsbølgja som nok «ein tragisk milestolpe i den stadig forverra situasjonen for religiøse og etniske minoritetar i India».

Tempel og moskear 

Heilt sidan delinga av landet i 1947, då India og Pakistan blei til, er muslimar blitt mål for uforholdsmessig mykje vald. India sine kring 200 millionar muslimar vert meir og meir marginalisert under statsminister Modi.

Det skjer på mange måtar. Ein av dei er med hjelp av kunstig intelligens og ansiktsgjenkjenning. Styresmaktene i eit distrikt i Haryana, drygt 20 mil frå Delhi, annonserte i februar at dei vil trekkje tilbake pass og visa til folk som dei kallar «problem-makarar» på Punjab-grensa under bondedemonstrasjonane.

Fleirtalet av dei som er møtte med tiltalar etter demonstrasjonane, er muslimar. Igjen er det altså fattigfolk og religiøse minoritetar som er utsette.

Statsminister Narendra Modi fyrte opp valkampen då han 22. januar opna eit majestetisk hindutempel i Adohya, til ære for hinduguden Ram. Der tempelet blei reist, reiv Modis fanatiske støttetroppar i 1992 ein over 400 år gamal moské.

Tempelet vil venteleg dra millionar av hinduar til byen og gje muslimane beskjed om hindunasjonalismens triumf. Andre stader i India klatra tempel-aktivistar opp på kyrkjetak og festa flagga sine til kristne krossar, ein maktbodskap til India sine kristne.

Då Modi i september tok imot G20-toppmøtet, fekk gamle hindutempel dominera reklamen. Det var, noterte Al Jazeera, knapt nok plass til verdskjende Taj Mahal – og ingen plass til ei kyrkje.

Noreg sin rolle

Valet startar 19. april og varer i seks veker. Observatørar tru at Modi og hans parti BJP får ein ny femårsperiode.

Modi har på sine ti år med makt de facto gjort India til ein hindustat. Vil han etter ein ny valsiger endra grunnlova? Kjelder eg har i India, trur at det einaste som kan hindra han, er tydeleg tale frå omverda.

Noreg har nyss underskrive ein frihandelsavtale med India. Kva har Noreg under forhandlingane sagt om veksten i hat og vald mot religiøse minoritetar?

Uroar det Noreg at India i praksis er blitt ein hindustat? Eg etterlyser tydeleg tale. India er i ferd med å bli demokrati berre på papiret. Fridom for minoritetar er viktigare enn frihandel.

Powered by Labrador CMS