– Stortinget har no moglegheita til å få oss inn på eit nytt spor. Det er på høg tid, etter mange år med pins på jakkeslaget og gode målsetningar utan naudsynt handling, skriv kronikkforfattarane frå Forum for utvikling og miljø. Bilete viser skuleborn som veivar med FN-flagg og norske flagg i Oslo nokre år tilbake.

Krav til ny nasjonal handlingsplan:

Berekraftsmåla kan ikkje bli redusert til pins og glansbilete

Stortinget skal snart vedta ein nasjonal handlingsplan for korleis vi skal nå berekraftsmåla innan 2030. Her er nokre av problema den må løyse.

Globalt fotavtrykk

Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentenes regning.

Noreg har eit godt utgangspunkt for å nå berekraftsmåla innan 2030 og er blant verdas beste innan berekraft, ifølgje fleire internasjonale indeksar. På rangeringar som vektar andre faktorar, kjem Noreg derimot dårlegare ut.

Til dømes har Noreg vore verdas beste land på FNs originale indeks for menneskelig utvikling (HDI) i fleire år, medan vi på den nyare versjonen av indeksen, justert etter planetært press (PHDI) fell ned på 16.-plass. Årsaka er at sosial og økonomisk utvikling no vert justert for kor mykje CO2 som sleppast ut, og kor mykje materielle ressursar kvar innbyggar forbrukar i eit land. Om ein vidare berre ser på indikatorane som måler påverknad på klima og miljø, hamnar vi heilt nede på 154.-plass av 166 land.

Det same resultatet får ein når ein samanliknar indeksen for bærekraftmåla, SDG Index, si rangering over kor langt land har kome i arbeidet med berekraftsmåla, og indeksen si rangering over korleis eit land påverkar andre land si moglegheit til å nå måla. Noreg kjem på 7.-plass på den fyrste, men hamnar på 155.-plass av 165 land på den sistnemnte.

Det vil seie at vi er blant landa i verda som har størst negativ påverknad på andre land, ifølgje indeksen.

Det same mønsteret ser vi på indeksen som målar forpliktingane våre, Commitment to Development Index 2021. Denne indeksen rangerer dei 40 landa i verda som har størst påverknad på land med svak økonomi, og på menneske, utvikling og økonomi i desse landa. Noreg vert rangert på 3.-plass på denne indeksen. Trass alt er dette bra og viser at Noreg bidreg med mykje positivt til global måloppnåing. Viss ein justerer for kva ein kan vente ut ifrå inntektsnivået vårt, hamnar vi derimot på 17.-plass – om lag midt på treet.

Treng ein meir samstemt politikk

I arbeidet med å lage ein plan for korleis vi skal nå berekraftsmåla innan 2030, er ikkje plasseringa på desse rangeringane så interessante i seg sjølv. Det som politikarane og andre som skal arbeide for å nå berekraftsmåla bør bite seg merke i, er derimot kva som trekkjer oss ned og kva dette fortel oss.

Noreg har som ambisjon å kutte drastisk i klimagassutslepp og stanse tapet av naturmangfald. Vi set menneskerettar høgt og ser på oss sjølve som ein fredsnasjon.

Samtidig har vi eit så høgt forbruk at vi hadde trengt 3,4 jordklodar viss alle hadde hatt det same forbruket som oss.

I tillegg til klimagassutsleppa, naturtapet og forbruket av knappe vassressursar dette fører med seg, har vi fleire døme på dårlege arbeidstilhøve for dei som produserer varene vi forbrukar. Norsk våpeneksport går også på tvers av måla våre. Dette vart tydeleg illustrert i avsløringane til Aftenposten om norsk våpeneksport til aktørar i Jemen-krigen.

Desse døma viser at vi har ansvar for å syte for at all politikk trekkjer i same retning. Dette bør difor vere ei av dei viktigaste oppgåvene til handlingsplanen som no ligg til handsaming i Stortinget.

Ansvaret for oppfølginga av berekraftsmåla ligg hjå kommunal- og distriktsdepartementet. Det er mykje departementet kan gjere innanfor fleire av berekraftsmåla, men for å få til ei heilskapleg tilnærming til berekraftig utvikling, må dei få med seg heile statsapparatet og regjeringa. Då treng vi verktøy og mekanismar som kan plukke opp dilemma mellom handel og klima, fredsbygging og våpensal og forbruk og tap av natur, for å nemne nokre.

Nytt diskusjonsnotat med forslag til politiske mekanismar

Andre land sine erfaringar med å sikre samstemt politikk for berekraftig utvikling vert presentert i eit nytt notat frå Fafo, laga på tinging frå Forum for utvikling og miljø. Fleire land har allereie etablert slike mekanismar, som gir ei meir systematisk tilnærming til arbeidet med berekraftsmåla. Desse mekanismane skal både løyse dilemma vi har i dag, og etablere verktøy vi kan bruke når nye dilemma og målkonfliktar dukkar opp i framtida.

Handlingsplanen har eit tydeleg mål om at Noreg i det minste ikkje skal påverke andre land sine føresetnader til å nå berekraftsmåla på ein negativ måte. Det er også foreslått tiltak som kan vere viktige for å sikre at all politikk trekkjer i same retning, som til dømes å vurdere kva for konsekvensar nye politiske forslag kan ha for berekraftsmåla. Diverre veit vi frå tidlegare forsøk på å etablere mekanismar for å løyse dilemma i utviklingspolitikken, at for å få framgang i arbeidet er god implementering og forpliktande oppfølging avgjerande.

Stortinget har no moglegheita til å få oss inn på eit nytt spor.

Dette inneber at vi tek måla på alvor, både her heime og globalt. Handlingsplanen for korleis vi skal nå berekraftsmåla må innehalde tiltak vi kan implementere raskt. I tillegg må den bygge strukturar som klarar å løyse dilemma og dei problema vi vil møte på vegen. Då må politikarane tørre å ta dei vanskelegaste debattane og finne løysingar på dei vanskelegaste dilemma.

Det er på høg tid, etter mange år med pins på jakkeslaget og gode målsetningar utan naudsynt handling.

Powered by Labrador CMS